Påengelsk språk har tre undergrupper i familien fått eigne namn som manglar samsvarande namn pånorsk språk, det er ikkje ei taksonomisk inndeling:
'Curassows' - Dei store, «eigentlege» hokkoar kallast på engelsk ofte berre 'curassows', namnet er avleidd frå namnet på øyaCuracao. Slektene det gjelder erNothocrax,Mitu,Pauxi ogCrax.
'Guans' - SlektenePenelope,Pipile,Aburria,Chamaepetes,Penelopina ogOreophasis kallast 'guans' på engelsk. 'Piping guans' er ei anna nemning for slektaPipile.
'Chachalacas' - SlektaOrtalis, namnet 'chachalacas' kjem av lydytringa hos fuglar innanfor denne slekta.
Hokkoar er store fuglar, generelt har dei utsjånad som minnar omkalkunar. Med unnatak av slektaOrtalis, 'chachalacas', lever hokkoar i tre, medan dei mindre 'chachalacas' finst på meir opent land med krattvokstrar. Mange artar har ganske lang hale, det kan ha samband med livsform i trea. Generelt har dei einsfarga fjørdrakt, men somme artar har fargerike prydnader i ansiktet. Hokkoar varierer i storleik fråguyanahokko som er så liten som 38cm og 350gram tilstorhokko, på nesten 1 meter i kroppslengd og 4,3 kg i vekt. Hokkoar er spesielt vokaliske fuglar.[1]
Desse artane lever avfrukt,insekt ogormar. Dei byggjer reir i tre, og legg to eller tre store kvite egg, som hoa rugar aleine. Ungane er langt utvikla ved klekking og er fødd med eit instinkt til straks å klatre i og å søkje skjul i treet der dei vart klekt. Dei er i stand til å flyge få dagar etter klekking.[1]
↑1,01,1Rands, Michael R.W. (1991). Forshaw, Joseph, red.Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 89.ISBN1-85391-186-0.
↑Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018),eBird/Clements Checklist v2018(CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 18. august 2018
↑Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008.Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008.Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)