Dei første tre trykte banda avHistorisk leksikon for Sveits på dei tre språka det kom ut på.
Historisk leksikon for Sveits er eit oppslagsverk omsveitsisk historie som kjem ut samtidig på dei tre største offisielle språka iSveits: På tysk somHistorisches Lexikon der Schweiz, HLS, på fransk somDictionnaire Historique de la Suisse, DHS) og på italiensk somDizionario Storico della Svizzera, DSS). Oppslagsverket har 13 band, og blei gjeve ut frå 2002 til 2014. Eit mindre omfattande verk påretoromansk,Lexicon Istoric Retic (LIR), blei gjeve ut i to band i 2010 og 2012.
Oppslagsverket blei gjort tilgjengeleg på nettet i 1998. Det er gratis å lesa alle artiklane som er gjort klare for trykking, men det har ikkje illustrasjonar.
Det komplette verket har rundt 36000 oppslag. Av dei er rundt 35% biografiar, 30% om stader, 25% om tema som historiske hendingar, institusjongar og omgrep, og 10% om familiar og slekter.