Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Hiroshima

Koordinatar:34°23′53″N132°28′32″E / 34.39806°N 132.47556°E /34.39806; 132.47556
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hiroshima
Kveldssyn over Hiroshima frå eit lyntog. Foto: Anders Pearson, 2003
Kveldssyn over Hiroshima frå eitlyntog.
Foto: Anders Pearson, 2003
Kveldssyn over Hiroshima frå eitlyntog.
Foto: Anders Pearson, 2003
Flagget til Hiroshima
Flagget til Hiroshima
Styresmakter
LandJapan
BorgarmeisterKazumi Matsui
Geografi
Flatevidd905,01 km²
Flatevidd
 - By

905,01 km²
Innbyggjarar
 - By (2009)
   - folketettleik

1 173 980
  1297,2/km²
Koordinatar34°23′53″N132°28′32″E / 34.39806°N 132.47556°E /34.39806; 132.47556
TidssoneUTC + 9 (UTC+9)
Diverse anna
Heimeside:http://www.city.hiroshima.lg.jp
Plassering
Plassering av Hiroshima
Plassering av Hiroshima

Hiroshima er ein by på øyaHonshû vest iJapan. Han er den største byen iChugoku-regionen og hovudstad iHiroshima prefektur. Byen er mest kjend for å veraden første staden eiatombombe blei brukt mot menneske, den6. august1945.

Hiroshima har 1 136 684 innbyggjarar (2003) og ei flatevidd på 741,63 km², slik at folketettleiken er 1532,44 personar per km².

Historie

[endre |endre wikiteksten]
Den gjenoppbygde Hiroshima-borga.

Byen blei grunnlagd i1589 som hovudstaden til klanleiarenMori Motonari. UnderMeijitida blei han eit viktig bysenter.

Underden første sino-japanske krigen blei Hiroshima ein viktig base for det japanske militæret, noko han heldt fram med underandre verdskrigen. Han blei vald ut av amerikanarane som mål forden første atombomba brukt mot menneske som blei sloppen over byen den 6. august 1945. Eksplosjonen jamna størsteparten av byen med jorda og drap over ein tredjedel av dei 350 000 innbyggjarane før året var omme.

Atombombekuppelen.
Foto: Yasuhiro Arakawa, 2005

Etter krigen blei Hiroshima bygd opp igjen. Den nye planen for byen inkluderte ein fredspark rundtAtombombekuppelen, ein av dei få bygningane som overlevde bombinga, og som er plassert på UNESCO siverdsarvliste.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]
Kirsebærblomar over elva Kyobashi.

Hiroshima er kjend som «byen ved vatn». Han har kystline tilinnlandssjøen Seto, som skil dei tre japanske hovudøyane.Elva Ota har skaptdeltaet byen ligg på, og deler han inn i seks øyer. Landet er svært flatt og såvidt over havnivå, men har nokre låge åsar i nord.

Økonomi

[endre |endre wikiteksten]

BilfabrikantenMazda er utan tvil den viktigaste verksemda i byen. Mange modellar som blir selde over heile verda blir produserte her.

Verd å vitja

[endre |endre wikiteksten]
Tilreiing av okonomiyaki.
Foto: Dan Smith, 2004
  • Byen har sin eigen mattradisjon, ein typeokonomiyaki medyakisoba-nudlar som blir kalla «Hiroshima-yaki» eller «Hiroshima-pizza». Denne retten blir servert rykande fersk fleire stader i byen.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Hiroshima
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Hiroshima&oldid=3370745»
Kategori:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp