Hirohito (29. april 1901–7. januar 1989) varkeisar avJapan frå1926 til han døydde. Han var nummer 124 i rekkja overkeisarar av Japan. Etter at han døydde er han i Japan kjend somShōwa-keisaren. Regjeringstida hans var den lengste til nokon japansk keisar, i ei tid der det japanske samfunnet gjekk gjennom mange endringar.
Hirohito var keisar underandre verdskrig, då den japanske krigsmakta la under seg store delar av Aust-Asia ogStillehavet. Det har vore eit ordskifte om kor mykje ansvar keisaren hadde for det som hende. Mykje av den politiske makta låg hjå militærregjeringa, som kan samanliknast med einjunta. Hirohito hadde trass i dette innblikk i arbeidet og planlegginga deira, oftast utan å protestera. Hirohito vart i byrjinga av si regjeringstid rekna som guddommeleg etterShinto-religionen, men sa frå seg statusen somguddom etter at krigen var slutt. Han var den fyrste japanske keisaren som tala til folket sitt iradio, i ei tale der han sa frå seg sin guddommelege status. Då han døydde vart han etterfylgd av sonenAkihito av Japan.