Hindutempel er bygningskompleks der ein kan tilbehindugudar. Dei finst i små utgåver, til dømes som smågudshus langs vegen, eller store, byliknande område, somAngkor Vat i Kambodsja ellerSrirangam sør i India. Tempelarkitektur følgjer ein viss tredimensjonal struktur fastlagd avvastusjastra, medan vitjande følgjer visse reglar, som åta av seg skorne utanfor det heilage området og ågå rundt heilagdommen med klokka. Elles kan skikkar og utforming vera svært ulike frå stad til stad.
Dei fleste hindutempel følgjer eit visst mønster når det gjeld kva rom og strukturar det skal ha, utforminga av desse, og korleis dei blir plasserte i høve til kvarandre og omverda. Dekorasjonane er derimot friare, sjølv om også desse vanlegvis har ein visssymbolikk. Ein finn derfor ei rekke ulike måleri, utskjeringar og skulpturar i hindutempel.
Kart overAngkor Vat. Det aller heilagaste er i midten, inni eit innelukka gudshus (gråfarga). Rundt finst ein platting (brunfarga). Ein veg leier rett mot gudsrommet.Modell av dei sentrale bygningane i verdas største hindutempel,Angkor Vat.Pura Tanah Lot er eit tempel like ved kysten av Bali.
Foto: Stephanie Biechele
Kjernen i eit tempel er gudsrommet, ofte eit lite rom, som blir kallagarbhagrha, ‘livmor-rom’. Dette erdet aller heilagaste i tempelet, og inneheld anten eit gudebilete (murti) eller eit anna symbol på guddommen. Rommet er det sentrale punktet i tempelet, plassert tilnærma midt i tempelkomplekset, med eit iaugefallande tak over, og gjerne ein veg som leier direkte mot det. Under golvet ligggrunnsteinen til tempelet. Rommet har ei dør som kan lukkast; denne blir ofte stengd midt på dagen og om natta. Dørkarmen er tydeleg og gjerne dekorert.
Framføre det aller heilagaste er ein open plass eller eit rom der folk kan vera (mandapam). Plassen kan ha tak og gjerne også veggar, men kan også vera heilt utomhus. Større rom har dekorerte søyler og dekorerte innsider. Det kan også vera nisjar i veggane for mindre guddommar, eller eigne små gudshus i hjørna av rommet eller den opne plassen. Viss det er snakk om eit rom, vil også dette ha ein tydeleg dørkarm. Vidare kan det vera ei rekke mindre rom eller gangar framføre tempelrommet.
Ein har plass til å gå rundt det aller heilagaste; anten i form av ein gang inni gudshuset eller ved at det er mogleg å gå rundt huset til guddommen. Utsida av gudshuset er også religiøst dekorert. Like utføre gudshuset står gjerne eiflaggstong eller eittempeltårn. Ein kan også finna særskilde symbol for guddommen her.
Tempelområdet ellers kan ha mindre gudshus spreidde rundtforbi. I nokre gamle tempel kan ein òg finna eitbasseng. Området kan vera avgrensa av eitgjerde og vil ofte ha einport ved inngangen. Ofte må ein gå opptrapper for å koma til eit tempel, til tider svært mange trappetrinn. Tempel er ofte bygd oppå fjell eller åsar, ved vatn, eller langs ein veg.
Tilbedande hinduar ved gudebiletet i eit tempel iRajasthan.Tempel tilGanpati (Ganesja) med vitjande iMaharashtra.
Foto: Prateek Karandikar
Vanlegehinduar kan vitja tempel dagleg, til og med meir enn ein gong til dagen, eller berre ved særskilde høve, som ei høgtid eller at dei treng ei signing. Før dei dreg til tempelet bør dei vaska seg og skifta klede. Nokre stader treng ein særskilde tradisjonelle klede, men som regel held det å veratekkeleg kledd. I nokre tempeldekker kvinner hovudet med eit stykke tøy (til dømes enden avsarien) og i andre tempel har mennberr overkropp. Utanfor tempelet blir skorne tekne av, slik at ein går berrbeint på detsymbolsk reine tempelområdet.
I løpet av ei vitjing vil ein gjerne utføra pradaksjana, eller rundgang med klokka rundt heilagdommen. Ein vil også oppnå blikkontakt med guddommen (darsjan) og motta ei signing av presten, som regel signa mat eller drikke (prasad) og eitpannemerke. Sjølv ofrar ein noko, gjerne pengar, men også gåver som blomar eller frukt, som ein ofte kan få tilbake som prasad. Ved særskilde høve kan ein også ofra håret sitt ved åbarbera det av.
I mange tempel kan berre prestane gå inn i det aller heilagaste. Vitjande kan i staden samla seg i rommet framføre guddommen, eller i travle tempel stå i lange køar for å få sjå han. På plassen utanfor gudsrommet kan einknela,be,meditera, synga lovsongar (bhadjan), høyra på religiøse historier (somRamayana) eller førelesingar, eller berre slappa av.
Det blir gjerne halde tilbedingsseremoniar (arti) morgon og kveld eller oftare i tempelet. Andre seremoniar kan vera symbolsk vekking, påkleding, mating og legging av guddommane. I samband med høgtider kan ein også laga prosesjonar med gudebilete ogtempelvogner. Ein hindu kan tinga ein eigen signingssremoni (podja) utført i tempelet. Ein kan utføraovergangsriter sombryllaup ognamngjevingsseremoniar i tempelet, men desse kan ein også like godt gjera heime.
Nokre stader har ein stengd utelågkastefolk. Etter ein del politisk uro rundt dette på 1900-talet, er alle tempel no i teorien opne for alle som kallar seg hindu. Særskilde tempel kan vera forbodne for grupper som fruktbare kvinner av religiøse grunnar (sjå til dømesAjappan). I nokre tempel er ikkje-hinduar utestengde frå delar av eller heile tempelområdet, men dei fleste er i dag opne for alle.
Ein eller fleire prestar har ansvar for vedlikehald og bruk av eit tempel, men større tempel blir gjerne administrert av eit styre. Ein kan vera prest på fulltid og til og med bu i tempelkomplekset, eller ta vare på eit mindre tempel ved å utføra enkle daglege seremoniar der. Andre folk tilknytte tempelet kan vera musikarar, dansarar (devadasi),kjøpmenn,barberar og tiggarar (sadhuar eller fattige).
Madana Mohana-tempelet iVrindavan har eit høgt, smalnande nordindisk tak utan dekorasjonar.
Dei viktigaste tempelstilane i dag ernagara-stilen, som blir brukt i nordindisk tradisjon, ogdravida-stilen, som blir brukt i sørindisk. Den viktigaste skilnaden mellom desse er utforminga av taka, som er høge, avrunda og lite dekorerte i nagara-stilen, og forma meir som pyramidar med avsatsar, i tillegg til å vera overlessa med skulpturar, i dravida-stilen, og portane, som er store, ofte høgare og gjerne i same stil som tempeltaket i sørindisk stil, medan dei er små i nordindisk stil.
Andre tempeltypar ervesara eller blandingsstilen mellom nordleg og sørleg stil iKarnataka, som ein til dømes kan sjå i tempelruinane iHalebid ogBelur, og utformingar i utkantstrok somKerala,Bengal ogHimalaya.[1]
Rom er gjerne firkanta, men kan også ha andre former. Det aller heilagaste er oftekvadratisk, men i sørindisk tradisjon kan det vera rektangulært iVisjnu-tempel, og elles også rundt eller åttekanta.
Taket over det aller heilagaste står for eit fjell, og det er difor ofte høgt og smalnande som ein fjelltopp.Nordindiske tempeltak er gjerne enkle og einsfarga, men det høgaste taket i tempelkomplekset. Mange er tynnvorne og kan ha ei flaggstong på toppen; dei kan minna litt om ein buddhistiskstupa.Sørindiske tak er storepyramideaktige strukturar inndelte i trinn, overfylde med figurar. Ein finn også tilsvarande tak overtempelporten og eventuelle inngangsrom i sørindiske tempel. Innsida av taket er også dekorert med målte mønster eller utskjeringar.
Veggane oginnsida av taket har gjerne også dekorasjonar, entenutskjeringar ellerfresker. Desse viser mytologiske motiv eller religiøse symbol. Veggane kan ha nisjar for andre heilagdommar enn hovudguden.
Fargar på tempel kan variera frå duse til grelle. Mange hindutempel er måla i skarpe fargar, til dømes raud- og kvitstripa, eller rosa. Andre kan ha naturfarge etter steinen dei er laga av. Nordindiske tempeltak kan vera raudlege eller kvite, medan sørindiske tempel særmerker seg ved fargerike figurar på taka og gjerne også elles.
Flaggstonga på taket eller like ved tempelbygget har ei viktig symbolsk tyding – ho står for verdsaksen og er eit motsvar til søyla laga av gudebiletet. Nordindiske tempel har nesten alltidtempelflagg på flaggstonga, medan ho ofte står utan i Sør-India.
I følgjevedisk tenking er tempelet eitmikrokosmos, eit bilde påuniverset i liten målestokk (sjåbandhu).Vastusjastra-tekstane seier at tempelplanen skal vera einmandala, bygd opp av eit nettverk avkvadrat oglikesidatrekantar, der kvadratet i midten står for tempelguddommen og kvadrata vidare utover for gudar av stadig lågare rang.[2]
Når ein går inn i eit tempel går ein frå den opne tempelplassen inn mot stadig meir lukka rom, til ein til slutt når det aller heilagaste, rommet der gudebiletet står, som skal minna om eigrotte. Elles i hinduismen blir naturlege grotter ofte rekna som heilage. Gudebiletet står forverdas navle og ein del av denden kosmiske søyla. Bygget det står i skal minna om fjellet som i følgje hinduisk tenking står ved verdas navle, og mange tempel er bygd nettopp slik at dei minner om fjell.[2],[3]
Hindutempel i eit vanleg rekkehus iBedford i England.
Foto: Simon Speed
Det finst hindutempel overalt der det bur eller har buddhinduar, både iSør-Asia, tilstøytande område ogden indiske diasporaen. Flest tempel er det utan tvil i India, der det finst minst eitt i kvar landsby, i tillegg tiltempelbyar somVaranasi ogKanchipuram der det finst hundretals ulike gudshus. I tillegg til resten av Sør-Asia finst det òg gamle hindutempel i delar av Asia som har vore hinduiske, til dømes i Indonesia og Kambodsja. I nyare tid har utvandrarar og nyhinduiske rørsler, somharekrisjnarørsla, sytt for at det har vakse fram tempel over heile verda.