Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Hereford

Koordinatar:52°03′N2°43′W / 52.050°N 2.717°W /52.050; -2.717
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hereford

Herefordkatedralen og Wye Bridge
Herefordkatedralen og Wye Bridge
Herefordkatedralen og Wye Bridge
Plassering
Hereford is located in
Styresmakter
Land Storbritannia
Konstituerande land England
GrevskapHerefordshire
DistriktHerefordshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

59 092
Koordinatar52°03′N2°43′W / 52.050°N 2.717°W /52.050; -2.717
Diverse annan informasjon
PostnummerHR1
Telefon-retningsnummer01432
Commons har multimedium som gjeld:Hereford

Hereford (walisiskHenffordd) er administrasjonsbyen igrevskapetHerefordshire i det vestlegeEngland. Han ligg ved elvaWye, kort veg frå grensa tilWales. I1189 vart byen i eit offisielt dokument omtalt som «Hereford i Wales».

Herefordkatedralen vart reist i1079. I katedralsbiblioteket vertMappa Mundi oppbevart, eit verdskart frå 1200-talet.

Byen er kjent som eit handelssenter for jordbruksområda i omegnen. Viktige produkt ersider,øl, lêrvarer, kveg, metallvarer og kjemikaliar.

Eliteavdelinga tilDen britiske hæren,Special Air Service (SAS), har basen sin i Hereford, i utkanten av byen.

Fram til1. april1998 var byen eit administrativt distrikt, først i Herefordshire til1974 og så iHereford og Worcester. Da Herefordshire vart gjenoppretta som grevskap i 1998 vart distriktsinndelinga fjerna, og byen vart i staden administrasjonssenter for heile Herefordshire.

Den lokale fotballklubben erHereford United FC.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Hereford&oldid=2818446»
Kategori:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp