Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Henry Gray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henry Gray

Fødd1827
Belgravia iLondon
Død13. juni1861
Belgravia i London
Koppar
BustadStorbritannia
NasjonalitetEngelsk
Områdeanatomi
YrkeAnatom, kirurg
InstitusjonarSt George's Hospital
Alma materSt George's Hospital
St George's, University of London
Kjend forGray's Anatomy
UtmerkingarFellow of the Royal Society,Royal College of Surgeons-prisen,Astley Cooper-prisen
MedlemRoyal Society

Henry Gray (182713. juni1861) var ein engelskanatom ogkirurg, mest kjend for å ha gjeve ut bokaGray's Anatomy. Som 25-åring blei han vald inn somFellow of Royal Society.

Liv og gjerning

[endre |endre wikiteksten]

Gray blei fødd iBelgravia iLondon i 1827,[1][2] og levde store delar av livet sitt i London. I 1845 byrja han å studere vedSt George's Hospital iLondon, som den gong låg i Belgravia, men som no er flytt tilTooting. Dei som kjende Gray, skildra han som ein nitidig og metodisk arbeidar, ein som lærte seganatomi gjennom ein langsam, men effektiv prosess, nemleg ved ådissekere kroppane sjølv.

I 1848, medan han framleis studerte, mottok hanRoyal College of Surgeons-prisen for artikkelen «The Origin, Connexions and Distribution of nerves to the human eye and its appendages, illustrated by comparative dissections of the eye in other vertebrate animals» (Opphav, forbindelsar og fordeling av nervar tilmenneskeauga og tilknytte vedheng, illustrert ved komparative samanlikningar med auga i andre ryggbeinsdyr). I 1852 blei han vald inn som medlem avRoyal Society, og i det fylgjande året mottok hanAstley Cooper-prisen på 300guineamyntar for avhandlinga «On the structure and Use of Spleen» (Om strukturen og funksjonen tilmilten).

I 1858 gav han ut den fyrste utgåva avAnatomy, som omfatta 750 sider og 363 illustrasjonar. Til dette fekk han hjelp fråHenry Vandyke Carter, ein dyktig teiknar og tidlegare anatomiførelesar på St George's Hospital. Dei makelause teikningane til Carter var truleg ein viktig grunn til at boka blei så raskt populær. Den fyrste utgåva var dedisert tilSir Benjamin Collins Brodie. I 1860 kom den andre utgåva. Boka blir fortsatt publisert under tittelGrays Anatomy, og blir rekna som ei viktig og autoritativ lærebok for medisinstudentar.

Gray heldt fram med å førelese i anatomi ved St George's Hospital, og i 1861 kandiderte han som assisterande kirurg.

Død

[endre |endre wikiteksten]

Gray pådrog segkoppar medan han passa på ein sjuk nevø. Nevøen overlevde, men Gray døydde i London den 13. juni 1861.[3] Han blei gravlagd ved St James Pancreas and Highgate Cemetery.[4][5]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1841 census for 8 Wilton Street, St Geo Han Sq: Henry Gray, age rounded to 15yrs (implies born 1826), medical student, whether born in this county = Yes (implies born Middlesex) - HO107/732 Bk.2 f.28 p.19
  2. 1851 census: Henry Gray, house surgeon aged 24 (implies born 1827), of St Geo Han Sq, born St George's Hanover Square, London - HO107/1478 f.649 p.1
  3. «Happy birthday, Gray's Anatomy».Proc (Bayl Univ Med Cent)22 (4): 342–5. Oktober 2009. 
  4. GRO Register of Deaths: JUN qtr 1861 1a 174 St Geo Han Sq - Henry Gray
  5. «DServe Archive Persons Show». .royalsociety.org. Arkivert fråoriginalen 14. februar 2020. Henta 18. mars 2013. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Henry_Gray&oldid=3416121»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp