Becquerel var fødd iParis i ein familie med stolte tradisjonar innannaturvitskap. Både far og farfar hans var fysikarar som underviste ved det naturhistoriske museet i Paris. Seinare skulle også sonen hans fortsetja på same feltet.
Den fotografiske plata påviste ukjend stråling frå eituranmineral.
Becquerel blei utnemnd til sjefingeniør ved Ponts et Chaussées i1894.I1896 oppdaga hanradioaktivitet ved eit tilfelle mens han studertefosforescens iuranmineral. Då han skulle utføra eit eksperiment medfotografiske plater som hadde lege saman med desse minerala såg han at dei allereie var blitt eksponerte. Noko i materialet sende utlys utan sjølv å ha blitt utsett for lys. I1903 fekk hanNobelprisen i fysikk for dette funnet, delt med medMarie ogPierre Curie.
Fysikaren døydde i relativt ung alder i1908– berre 55 år gammal– men fekkSI-einingabecquerel (Bq) kalla opp etter seg, i tillegg til at det i dag finst krater både påMånen ogMars som ber namnet hans. SonenJean Becquerel tok opp arven etter forfedrane og etterfylgde han i stolen pådet franske vitskapsakademiet.