Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Helleristing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helleristing ved Møllerstufossen i Nordre Land, Oppland.
Fisk fråhelleristingsområdet i Alta.
Helleristingar med skålgroper og figurar, Norrköping, Sverige.
Stein med skålgroper, Sverige
Fotsolefigurar og skip i Hageby i Norrköping i Sverige
Fotsolefigurar og ein fuglefigur i Parco nazionale delle incisioni rupestri di Naquane, Capo di Ponte, Italia

Helleristingar ellerhelleristningar er ei nemning på bilete som er hogd eller slipt inn istein ogfjell.

Arkeologiske helleristingar stammar fråførhistorisk tid, typisk frå tida frå 10 000fvt til 1000 fvt, men dei kan òg vere mykje yngre. Tidfesting av helleristningar vil ofte vere vanskeleg og omdiskutert. Stader med helleristingar kan dessutan ha vore halde i hevd og nytta i kultisk eller rituell samanheng i lange tider etter at ristingane vart gjort.

Helleristingar er ein typebergkunst. Dei har gjerne motiv som på ymse vis er knytt til fangst,jakt og/ellerjordbruk. Motiva kan vere dyrefigurar, ofte hjortedyr, menneskefigurar, stiliserte framstillingar avbronsealder- eller tidlegjarnalderbåtar av typar som det danskemyrfunnet av båten frå Hjortspring gjev eit døme på, våpen og anna utstyr, men òg skosoleliknande figurar og ymse geometriske mønstre, og har truleg hatt med kult eller anna rituell praksis å gjere. Ofte vert motiva tolka som uttrykk formagi; mange meiner soleis at ristingar med dyreframstillingar har vore nytta i magiske ritual som skulle tryggje jaktlukka.

Skålgroper (små, gryteforma fordjupingar hogd inn i stein og berg i gamal tid), vert likeeins rekna som helleristingar, og sett i samanheng med offerritual av ulike slag.

Helleristingar finst over heile verda. INoreg er helleristingar funne over heile landet.Helleristingsområdet i Alta er teke med påUNESCO siverdsarvliste for kulturarv.

Veideristingar og jordbruksristingar

[endre |endre wikiteksten]

I Noreg og elles i Norden vert det innan arkeologien ofte skilt mellom veideristingar og jordbruksristingar som to ulike grupper.

Veideristingane, altså «jaktristingane», er slike ristingar som syner jaktvilt som til dømes bjørn, hjortedyr, især hjort, reinsdyr og elg, symjefuglar, fisk og kval. Dyra kan vere stiliserte, i somme høve meir eller mindre abstrakte og vanskeleg å tolke, eller naturtrue og lett å kjenne att. Menneskefigurar kan òg vere til stades, ofte sterkt stiliserte, og i tillegg kan det vere geometriske figurar og figurar av utformingar som er heilt abstrakte. Det er tradisjon i den arkeologiske forskinga å rekne med at desse ristingane er laga av folk som berre levde av jakt, fiske og sanking, og at dei difor skriv seg frå tida før folk byrja dyrke jorda her i nord. Ut frå dette vert dei tidfesta tilmesolitikum, «mellomsteinalderen».

Jordbruksristingane er slike ristingar som ein reknar med vart laga då jordbruket hadde vorte den viktigaste levevegen for folk flest. Dei vert i hovudsak rekna tilbronsealderen på bakgrunn av at dei synar figurar som òg er kjente som framstillingar på gjenstandar, eller som er funne som gjenstandar, frå denne tidsbolken. Dei er i det store og heile prega av båtar eller skip i ulike utformingar, men våpen som sverd, skjold, dolkar og økser er òg å sjå, og i nokre høveard og husdyr som oksar og hestar. Dessutan kan ein sjå ormar av ulike slag, og sirkulære og hjulliknande figurar som ofte vert tolka som symbol for sola. Menneskefigurar er å sjå som anten guddommar eller menneske etter storleiken på dei å døme, oftast i stiliserte utgåver og i ferd med å utøve ulike kultiske eller andre handlingar, mellom anna kan dei verelurblåsarar. Menn kan hapenis reist i paringsstilling, anten dei er saman med ei kvinne eller dei pløyer marka med oksar som dreg arden. Ofte er det òg såkalla fotsolefigurar til stades i bileta, det vil seie figurar som framstillar avtrykket av ei sko, i somme høve avtrykket av ein naken fot. I tillegg kan det vere skålgroper innimellom figurane, eller som sjølvstendige motiv.

Kva meininga har vore i si tid med å lage helleristningar, og om inndelinga i veideristingar og jordbruksristingar er relevant på det viset det har vorte tradisjon for i forskinga når det gjeld tidfestinga av dei og meiningsinnhaldet i dei, er det skilde oppfatningar om i dei faglege miljøa.

Døme på helleristingar kring i verda

[endre |endre wikiteksten]
  • Val Camonica i Italia.
    Val Camonica iItalia.
  • Båtfigur på Fluberget i Rogaland
    Båtfigur påFluberget i Rogaland
  • Tanum i Bohuslän, Sverige.
    Tanum iBohuslän, Sverige.
  • Brastad i Bohuslän, Sverige.
    Brastad i Bohuslän, Sverige.
  • Helleristing frå Namibia, Afrika.
    Helleristing fråNamibia, Afrika.
  • Helleristing frå Venezuela, Sør-Amerika.
    Helleristing fråVenezuela, Sør-Amerika.
  • Helleristing med skålgroper og ringar, Skottland
    Helleristing med skålgroper og ringar,Skottland
  • Helleristing frå Ods Herred i nordvestlege Sjælland i Danmark. Det er ikkje mykje fast fjell i dagen i Danmark, så helleristingar finst på store og små steinblokker.
    Helleristing frå Ods Herred i nordvestlegeSjælland i Danmark. Det er ikkje mykje fast fjell i dagen i Danmark, så helleristingar finst på store og små steinblokker.
  • Helleristning med hjulkross og skålgroper på Madsebakke på Bornholm
    Helleristning med hjulkross og skålgroper på Madsebakke påBornholm

Litteratur

[endre |endre wikiteksten]
  • Mandt, Gro & Trond Lødøen. 2005.Bergkunst : Helleristningar i Noreg. Oslo: Det Norske Samlaget.ISBN 978-82-521-6227-1
  • Helberg, Bjørn Hebba, 2016,Bergkunst nord for polarsirkelen, Tromsø Museums skrifter XXXVI, Stamsund: Orkana Akademisk. [Detaljerte skildringar i ord og bilete av alle helleristingar, hellemåleri og hulemåleri som er registret i Noreg nord for polarsirkelen]ISBN 978-82-8104-284-1
  • Hygen, Anne-Sophie, Lasse Bengtsson, 1999,Hällristningar i gränsbygd :Bohuslän och Östfold, Sävedalen: Warne Förlag.ISBN 91-86424-82-2,ISBN 91-86424-85-8
  • Janson, Sverker, Erik B. Lundberg & Ulf Bertilsson (hovudredaktørar). 1994 [1989].Hällristningar och hällmålningar i Sverige. Utg. med stöd av Riksantikvarieämbetet. Stockholm: Forum, 3 uppl. 253 sid.ISBN 91-37-09736-9


Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Helleristing
Spire
Dennehistorieartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Helleristing&oldid=3187856»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp