Om lag 80% av Hellas er dekt av fjell eller kupert terreng, noko som gjer landet til eit av dei mest kuperte i Europa. Vest-Hellas består av fleire innsjøar og våtmarksområde og er dominert av fjellkjedaPindos. Pindos er 2636 meter på det høgaste og er ei forlenging avDei dinariske Alpane.
Fjellkjeda held fram gjennom vestlege område av Peloponnes, kryssar øyaneKýthira ogAndikýthira og held fram gjennom det sørvestlege Egearhavet til Kreta. Øyane i Egearhavet er toppane på undervassfjell som høyrer til same fjellmassiv.
Det høgaste fjellet i Hellas erÓlymbos med ei høgd på 2917 moh. Det ligg i prefekturetPiería, nærThessaloníki. Igresk mytologi vart det rekna som trona til gudane. Nordaust i Hellas ligg fjellkjedaRodopi, som dannar grensa mot Bulgaria.
Store sletter dekkjer områda iThessalía,Sentral-Makedonía ogThráki. Dei er særs viktige for økonomien i landet sidan dei er av dei få dyrkbare områda her.
Det er ikkje så enkelt å skildre klimaet i eit land som har 2000 øyar, høge fjelltoppar og luftmassar som kjem frå både subtropiske og polare strøk.Middelhavet styrer likevel det meste av klimaet, og den våtaste tida på året er vinteren. Somrane er så godt som heilt tørre, og størst sjans forregnbyger har ein lengst nord, men sjølvThessaloníki får berre nokre få våte dagar kvar månad.Temperaturen i låglandet vert ofte svært høg (30-35°C), og nattetemperaturen iAthen går normalt ikkje under 22°C i juli og august. Hellas sine varmaste område er det indre låglandet iPeloponnes ogThessalía. I kystområda vert som regel varmen dempa av ein lettsjøbris, og mange område får ein vedvarande nordlegvind kallaetesian. Som dei fleste andre stader i verda minkar temperaturen med høgda, men i Hellas kanskje meir enn andre stader. På ein varm ettermiddag kan temperaturen faktisk søkke med så mykje som 8°C per 1000 m.
Nedbøren tek seg litt opp på hausten, og ein kan få enkeltetorebyer. Sjølv midtvinters har ein likevel lengre periodar med sol, kalla «dei lykkelege dagane». Mest nedbør får vestsida avPindos-- ogPeloponnesfjella, ofte i form avsnø. På grunn av alle fjellområda og alle øyane har kaldlufta frå nord problem med å trenge langt sør. Det betyr at kystbyane i nord er mykje kaldare enn Athen og dei sørlege områda om vinteren. Kraftig kulde er sjeldan, men eit par gonger om vinteren kan snøbyene gå så langt sør som til Peloponnes, og ein har ofte frost i enkelte dalstrøk. Om våren minkar nedbøren igjen, men i Thessaloníki byrjar den tørre perioden først i juni.
Athen har ein årleg nedbørsnormal på 402 mm, medan Thessaloníki i nord har 470 mm. Athen har derimot berre normalt 27 mm frå juni og ut august.
Romarriket erobra Hellas i168 f.Kr. Gresk kultur hadde då lenge hatt innflyting på Romarriket. Dei austlege delane av det romerske imperiet vart dominert av gresk kultur. Då det romerske riket vart delt i to, hamna Hellas i sentrum for dei austlege delane. MedKonstantinopel som sentrum spreiddeAustromarriket gresk kultur. Konstantinopel fall i1453, og området vart dominert avdet osmanske riket.