Den kristne helgenkultens har opphav i feiringa avmartyrane. Dei kristna feira tidleg dødsdagane til martyrane ved at dei heldt måltid ellernattverd vedgrava deira. Då forfølgingane av dei kristne, som keisarNero starta på60-talet, var over først på300-talet, bygde dei oftekyrkjer over martyrgravene. Med tida byrja dei å dele på leivningane (relikvia) etter martyrane slik at fleire kyrkjer kunne få del i dei.
Etter at forfølgingstida tok slutt og færre leid martyrdøden, vart ògmunkar,nonner,jomfruer,eremittar ogasketar helgenkåra.
Den katolske kyrkja lærer at alle menneske er kalla til å vere helgenar. Menneske som heilhjarta går inn for å følgjeJesus Kristus, og med Guds nåde opnar seg for han, kan ifølgje kyrkja si lære oppleve atnåden kan verke uhindra i dei. Andre kristne kan be helgenane gå i forbøn for seg; etter katolsk syn er helgenane difor ikkje gjenstand for avgudsdyrking, men andre kan be dei gå i forbøn for seg.
Kyrkja har alltid hatt helgenar, men ordninga med å kåre helgenar har endra seg gjennom tidene. Først på1300-talet vart det vanleg medkanoniseringar frå sentralt kyrkjeleg hald.
Det første leddet i heilagkåringsprosessen er at eit menneske vert æra som ein heilag. Sidan kan han eller ho lokalt verte saligkåra ved ein beatifikasjon. For at ein person skal bli helgenkåra, er det mellom anna eit krav at det skal vere dokumentert at det har skjedd under ved påkalling av den salige. Helgenkåringa skjer vedPaven.
Den ortodokse kyrkja har ein enklare prosess for helgenkåring. Det er ingen formell prosedyre, og heilagkåringa vert utført av einbiskop. Kulten kan spreie seg ved at nye biskopar godkjenner heilagkåringa for sitt bispedømme eller ved at patriarken godkjenner kåringa for heile kyrkja
Deiprotestantiske kyrkjene er vanlegvis imot helgenkult; mange reknar det for ei form for avgudsdyrking. Spesielt innan Den anglikanske kyrkja speler helgenane likevel ei viss rolle, helst som gode førebilete. Innan denne kyrkja kan det òg finnast grupperingar som kan be ein helgen gå i forbøn for seg.
Blant helgenane harJomfru Maria ein særstilling over alle andre. Ho har fleire minnedagar, og mange kyrkjer er vigde til henne.
Ein annan viktig helgen for heile kyrkja erSankt Peter, den første paven i kyrkja.
ISverige er den heilageBirgitta ogAnsgar dei fremste helgenane.
INoreg har denkatolske tradisjonen sju helgenar:
I tillegg kan vi rekne medHåkon V, som truleg vart rekna som heilag fram tilReformasjonen, men som aldri vart formelt heilagkåra. Skikken i Den katolske kyrkja er likevel at dersom det finst ein gammal helgenkult, kan ein person verte æra som helgen òg utan heilagkåring. Dei siste åra har han difor blitt teken med iliturgien i katolskemesser iAkershus slottskyrkje, som er gravkyrkja hans.