Helene Weber | |||
![]() | |||
Fødd | 17. mars1881 Elberfeld | ||
---|---|---|---|
Død | 25. juli1962 (81 år) | ||
Statsborgar av | Tyskland | ||
Parti | Christlich Demokratische Union | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Bonn | ||
Alle verv |
|
Helene Weber (17. mars1881–25. juli1962) var ein tysk politikar forZentrum, og seinareCDU. Ho deltok i utforminga av bådeWeimarforfatninga frå 1919 og den tyske grunnlova av 1949 (Grundgesetz). Weber var blant dei fyrste kvinnelege karrierepolitikarane underWeimarrepublikken ogForbundsrepublikken Tyskland (Vest-Tyskland).
Weber vart fødd som det andre av seks barn i familien til folkeskulelæraren Wilhelm Weber og Agnes Christiane van Gent.[1]
Etter utdanninga som lærar var Weber aktiv i katolske kvinneforbund og velgjerdsorganisasjonar. Ho arbeidde for kvinnedeltaking i alle samfunnsområde. I 1919 vart ho konsulent og frå 1920 til 1933 fekk ho eige embete (Ministerialrätin) i sosialdepartementet iPreussen. Weber vart dimed den andre kvinna, etterGertrud Bäumer, som fekk eit høgt embete i den prøyssiske forvaltninga. I 1933 vart ho oppsagd av politiske grunnar.[2]
Weber var medlem avdet prøyssiske parlamentet frå 1921 til 1924 og avden tyske riksdagen frå 1924 til 1933. Ho tala motHitlers fullmaktslov i 1933, men vart ved den avgjerande avrøystinga pressa til å røyste med fraksjonen. Ho mista plassen sin i riksdagen og arbeidde seinare i ulike religiøse velgjerdsorganisasjonar.[3]
Weber var overtydd om den samfunnsmessige solidariteten. Dette medførte at ho gjekk inn for å oppheve arbeidsforholdet til tyske kvinner i statsforvaltinga etter at dei hadde gifta seg. Ho støtta også sparepolitikken til rikskanslarBrüning, som førte til fattigdom og elende for mange menneske.[3]
Etterandre verdskrigen var Weber medlem av rådet forden britiske okkupasjonssona. I 1948 deltok ho i utforminga av dennye tyske grunnlova, blant anna som medlem avDet parlamentariske rådet. I arbeidet med grunnlova gjekk ho mot ei «skjematisk» likestilling mellom kvinner og menn, og i tillegg ville ho bevare «eigenverdien» (Eigenwert) til kvinner. Samstundes gjekk ho inn for å slå fast retten til lik løn for likt arbeid.[1] Frå 1949 til 1962 var ho medlem avForbundsdagen.[2]
Weber vart rekna som den mest innverknadsrike kvinna iUnionen (CDU/CSU). Weber var medlem avVestunionens forsamling og frå 1950 til 1958 medlem av styret i Ligaen for katolske kvinneforbund. Frå 1952 var ho leiar av rådet for den tyske helsetenesta for mødrer (Deutsche Müttergenesungswerk).[4]
DåKonrad Adenauer i 1961 innsetteElisabeth Schwarzhaupt som den fyrste kvinnelege statsråden, var det etter sterkt påtrykk frå Weber.[3]
Weber vert rekna avArbeitsgemeinschaft Orte der Demokratiegeschichte å vere blant dei viktigaste personane som i løpet av dei siste 200 åra har bidrege til danninga av demokratiet i Tyskland.[5]