Heidning (norr.heiðingi, truleg samband med 'hei') kan vera eit nedsetjande omgrep om nokon som ikkje høyrer til ei «godkjend» tru (oftejødedommen,kristendommen og/ellerislam), eller eit omgrep personar som ikkje identifiserer seg med ein slik religion brukar om seg sjølv.
Ordetheidning kan eigentleg tyda 'ein som bur på heia'. Pålatin brukte ein ordetpaganus, 'landbuar' som omsetjing avDet gamle testamentet sitt hebraiskegojim ogDet nye testamentet sittgreskeethne, som tyder 'folk', 'folkeslag'.
I omsetjingar avBibelen er «heidningar» personar som ikkje erjødar (hebraiskgojim). Det er ikkje noko nedlatande i dette, berre eit skilje mellom jødar og andre, (som då dyrka andre gudar og høyrde til andre folk / folkeslag) Då evangeliet tok til å spreia seg ut over til andre land, vart dei som tok imot, ofte kalla forheidningekristne. Det markerer at dei to gruppene (jødekristne og heidningekristne) hadde ulikt etnisk og religiøst opphav, men i trua på Kristus, var dei no sett på som eitt folk. Seinare har «heidning» vore mykje brukt om ikkje-kristne og anten kunne omvendast til kristendommen, eller som motstod og forfølgde kristne.
IKoranen er heidningar folk som ikkje ermuslimar eller ikkje høyrer tilskriftfolket, sjåkafir.
I ikkje-bibelsk språkbruk kan ordetheidning iNoreg av somme brukast om personar som ikkje erkristne, av andre om personar som ikkje høyrer til dei store kulturreligionane. Omgrepet er òg blitt bruka som adjektiv; «heidensk», «i heiden jord», «heide og kriste» ('dyr og menneske') og liknande. Det kan dermed visa både til nokon som har ein «heidensk» religion (heidenskap) og om nokon som ikkje har gudstru (ateisme).
Det norske Hedningsamfunn er ein norsk antireligiøs organisasjon med formål å kjempe mot kristendomen sin innverknad, og brukarheidning som heidersnemning for personar som ikkje vil ha nokon religion og ikkje trur påGud. Tilhengjarar av nyreligiøse grupper somwicca kan bruka «heidning» som eit positivt ord om seg sjølve og andre som føgljer slike religionar.