Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Hebei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For distriktet Hebei i Tianjin, sjåHebei i Tianjin.
Héběi
河北
provins
Land Folkerepublikken Kina
Del avHuabei
Areal187 240 km²
Folketal 71 854 202(2010)
Kart
Hebei
38°02′32″N114°30′31″E / 38.042222222222°N 114.50861111111°E /38.042222222222; 114.50861111111
Kart som viser Hebei.
Kart som viser Hebei.
Kart som viser Hebei.
Wikimedia Commons: Hebei

Hebei er ein provins nord iFolkerepublikken Kina. Provinsen har ei flatevidd på 187 700 km² og eit folketal på 67,44 millionar. Provinsen grensar tilLiaoning i nordaust,Indre Mongolia i nord,Shanxi i vest,Henan i sør ogShandong i søraust. Hebei omkrinsar fullstendig dei to byprovinsaneBeijing ogTianjin.Shijiazhuang er hovudstad i provinsen.

Namnet Hebei (forenkla kinesisk河北, pinyinHéběi) tyder «nord for elva»[1] og viser tilHuangelva,Huáng Hé.[2]Fram til 1928 heitte provinsenZhílì, då han låg direkte under keisarhoffet.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]

Størstedelen av det sentrale og sørlege Hebei ligg på den nordkinesiske sletta. Den vestlege delen av Hebei reiser seg opp i fjellområdetTaihang Shan, medan fjellrekka Yanshan går gjennom det nordlege Hebei, nord for fjella ligg grasmarkene iIndre Mongolia.Keisarkanalen går tvers gjennom det nordlege Hebei frå aust til vest, og er så vidt innom grensa tilBeijing. Han endar ved kysten vedShanhaiguan i det nordaustlege Hebei. Høgste fjelltoppen i provinsen er 2 882 meter høge Xiaowutai, nordvest i Hebei.

Nedslagsfeltet tilHai He dekker det meste av provinsens midtre og sørlege delar, medanLuan He sitt nedslagsfelt dekker områda i nordaust. Frårekna dei mange vassreservoara i åsane og fjella i Hebei, er Baiyangdian den største innsjøen. I aust endar Hebei motBohaibukta iGulehavet.

Klima

[endre |endre wikiteksten]

Hebei har eit kontinentaltmonsunklima, med temperaturar på –16 til –3 °C ijanuar og 20–27 °C ijuli. Årleg nedbørsmengd ligg mellom 400 til 800 mm, størstedelen kjem om sommaren.

Demografi

[endre |endre wikiteksten]

Ved folketeljinga i 2000 vart 95,65 % av innbyggarane i Hebei registrert somhan-kinesarar. Største minoritestgruppa varmandsjuarane med 3,18 % av folketalet. Vidare kom det muslimiskehuifolket med 0,78 %,mongolar 0,26 % ogzhuangfolket med 0.03 %.

Næringsliv

[endre |endre wikiteksten]

Hebei er ein av dei største landbruksregionane i Kina. I provinsen vert det dyrka fram store kornavlingar avkveite,mais,hirse ogdurra. Salsavlingar avbomull,tobakk,peanøtter,soyabønner ogsesam vert produsert i stor stil. Hebei er elles kjent for sine kastanjar,valnøtter,dadlar,mandlar, hagtornbær,druer,fersken ogpærer. Mykje avfruktdyrkinga finn stad i fjelldalane eller i skråningane opp mot fjellområda.Husdyrhaldet er omfattande, med dyr somhest,sau,storfe,esel,svin ogfjørfe.

Provinsen har dei størsteoljefelta i Nord-Kina, og det er store jarngruver i Handan og Qian'an. Kailuan har ei 100 år gammal soge som gruveby, men er framleis ei stor gruve med ein årleg produksjon på over 20 millionar tonn. Større mengderkopar,bly ogsink vert utvunne, elles nokomangan,gull,asbest,fosfor,kalk ogmarmor. Langs kysten er detsaltproduksjon. Dei rikemineralske førekomstane dannar grunnlaget for mykjeindustri i eit område som omfattar bådeTangshan og hamnebyenQinhuangdao i nordaust,Baoding ogShijiazhuang i sørvest, og iBeijing ogTianjin.

Hebei er mykje industrialisert, mange av industribedriftene er statlege. Industrien omfattar store jarn- og stålverk,petrokjemisk industri, maskinindustri,tekstilindustri,sement- ogkeramikkindustri ognæringsmiddelindustri. Langs kystbeltet er det gjennom tiår bygd opptungindustri som forsynerlettindustrien og næringslivet i storbyar som Beijing og Tianjin.

Hebei har eit mykje utbygt transportnett. Provinsen ligg lagleg til for kontakt med hovudstaden Beijing og større delar av Nord-Kina. Mange nye vegar,jarnbaner, hamner og flyplassar er bygt dei seinare tiåra. Regionen har saman medShanghai-regionen ogGuangzhou-Hong Kong-regionen utvikla seg til å verte dei sterkaste økonomiske regionane i Kina.

Administrasjonseiningar

[endre |endre wikiteksten]

Hebei er delt opp i 11 einingar på prefekturnivå, alle erbyprefektur.

Kart#NamnHanziPinyinAdministrasjonssete
1Shijiazhuang石家莊市Shíjiāzhuāng ShìChang'an
2Baoding保定市Bǎodìng ShìXinshi
3Cangzhou滄州市Cāngzhōu ShìYunhe
4Chengde承德市Chéngdé ShìShuangqiao
5Handan邯鄲市Hándān ShìHanshan
6Hengshui衡水市Héngshǔi ShìTaocheng
7Langfang廊坊市Lángfāng ShìAnci
8Qinhuangdao秦皇島市Qínhuángdǎo ShìHaigang
9Tangshan唐山市Tángshān ShìLunan
10Xingtai邢台市Xíngtái ShìQiaodong
11Zhangjiakou張家口市Zhāngjiākǒu ShìQiaoxi

Dei 11 einingane på prefekturnivå er delt opp i til saman 172 einingar på fylkesnivå (36distrikt, 22byfylke, 108fylke og 6autonome fylke). Desse einingane er i sin tur delt opp i 2 207 einingar på kommunenivå (eitt offentlrg distriktskontor, 937 bykommunar, 979 landkommunar, 55 etniske kommunar og 235 subdistrikt).

Historie

[endre |endre wikiteksten]
Kinesisk keramikk fråCishan-kulturen funne i Hebei.

Pekingmannen, ein variant avHomo erectus, levde på slettene i Hebei for rundt 200 000 til 700 000 år sidan. Funn fråyngre steinalder på den forhistoriske bustaden Beifudi er datert til 7 000 og 8 000 f.Kr.

I løpet avvår- og haustannaltida var Hebei underlagt to ulike statar, høvesvis Yan i nord, og Jin i sør. Eit nomadefolk kalla di invaderte slettene i Nord-Kina og etablerte riket Zhongshan i det sentrale Hebei. I løpet avkrigarrika-tida var Jin delt, og mykje av Hebei-territoriet vart overteke av staten Zhao.

Qin-dynastiet samla Kina i 221 før vår tid.Han-dynastiet styrte i si tid området som to provinsar, Youzhou i nord og Jizhou i sør. Mot slutten av Han-perioden kom det meste av Hebei under kontroll av krigsherrar. Hebei låg sidan under kongeriket Wei.

Etter invasjonar i nord av nomadiske folk på slutten avdet vestlege Jin-dynastiet, følgde kaos iSekstenkongerika og underNord- og Sør-dynasti-tida. Hebei, med si plassering ved Kina si nordgrense, var under kontroll av skiftande herskarar og rike i heile perioden. Det nordlegeWei-dynastiet samla Nord-Kina i 440, men området vart delt i to i 534. Hebei kom under den austre halvdelen, først austlege Wei og så nordlege Qi, som hadde hovudstaden sin på Ye, nær dagensLinzhang.

Under Tang-dynastiet vart området for første gong kalla Hebei. Tidleg iFem dynasti og ti kongerike-tida vart Hebei splitta mellom fleire regime, men vart til slutt samla av Li Cunxu, som etablerte det seinare Tang-dynastiet. Det neste dynastiet,det seinare Jin-dynastiet (936–947) under Shi Jingtang, avstod mykje av dagens nordlege Hebei tilKhitan Liao-dynastiet lenger nord. Sidan dette landområdet låg innanforden kinesiske muren, hadde Kina det neste hundreåret vanskar med å forsvare seg mot Khitan.

Putuo Zongcheng-tempelet iChengde, bygd på 1700-talet underQianlong-keisaren.

Det mongolskeYuan-dynastiet delte Kina inn i provinsar, bortsett frå Hebei.Ming-dynastiet kalla området for Beizhili, og styrte det direkte frå den keisarlege hovudstadenBeijing. UnderQing-dynastiet vart nordgrensa av Zhili utvida djupt inn i det som no er Indre Mongolia.

Qing-dynastiet kollapsa i 1912. Innan eit par år var Kina iborgarkrig, der regionale krigsherrar kjempa om makta. Sidan Zhili låg nær hovudstaden Beijing, vart mange krigar utkjempa i området. Zhiwankrigen, den første zhifengkrigen og den andre zhifengkrigen, var mellom dei største krigane. Med suksessen til den såkallaNordekspedisjonen,Kuomintang sine angrep mot ulike krigsherrar, vart hovudstaden flytta frå Beijing tilNanjing. Namnet Zhili vart endra til Hebei, som eit resultat av at hovudstaden hadde vorte flytta og at området fekk provinsstyre.

Grensene for provinsen vart endra med opprettinga avFolkerepublikken Kina. Regionen rundt Chengde, tidlegare ein del av Reheprovinsen, og regionen rundt Zhangjiakou, tidlegare ein del av Chaharprovinsen, vart lagt til Hebei, som dermed fekk nordgrense nord for den kinesiske muren. Provinshovudstaden vart flytta fråBaoding tilShijiazhuang. Ei kort periode låg hovudstaden iTianjin.

Den 28. juli 1976 vartTangshan råka av eit kraftig jordskjelv.Jordskjelvet i Tangshan var det dødelegaste av alle jordskjelv på 1900-talet. Meir enn 242 000 menneske omkom. Ei serie mindre jordskjelv råka byen i det påfølgjande tiåret.

Styresmakter

[endre |endre wikiteksten]

Den regionale leiaren iKinas kommunistparti erWang Dongfeng. Guvernøren erXu Qin (2020).[treng kjelde]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Yellow bridge Chinese Dictionary».Yellow Bridge. Henta 15. april 2016. 
  2. 'Origin of the Names of China's Provinces'Arkivert 2016-04-27 vedWayback Machine.,People's Daily Online (kinesisk).

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Hebei
Stader rundt Hebei
Kompassrose
Provinsar
Kinas flag
Autonome regionar
Byprovinsar
Spesielle administrative regionar
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Hebei&oldid=3555399»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp