Departementet er i dag ein del av regionen Alsace og grensar til departementaTerritoire de Belfort ogVosges og fjellaVogesane i vest,Bas-Rhin i nord, Sveits i sør og på andre sida av Rhinen i aust ligg Tyskland. Sentralt i departementet ligg ei frodig slette. Klimaet er delviskontinentalt.
Haut-Rhin er eit av dei rikaste departementa i Frankrike.Mulhouse er heimstad til bilfabrikkenPeugeot, og produserer modellane 106 og 206. Den lågaste arbeidsløysa i Frankrike finn ein i området Sør-Sundgau (om lag 2 %). Mange innbyggjarar i departementet arbeider i Sveits, særleg i kjemiindustrien iBasel, men har vald å bu i Frankrike på grunn av billigare levekostnadar.