Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Hassiba Boulmerka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hassiba Boulmerka
StatsborgarskapAlgerie
Fødd10. juli1968 (57 år)
Constantine
Yrkefriidrettsutøvar,mellomdistanseløpar,løpar
Språkarabisk
Høgd158 centimeter

Hassiba Boulmerka (fødd 10. juli 1968) er ein algerisk tidlegare friidrettsutøvar fråConstantine, som i 1992 vann 1500 meter under Sommar-OL og vart den fyrste olympiske meisteren fråAlgerie. Ho vann VM-gull på same distansen både i 1991 og 1995.

Aktiv

[endre |endre wikiteksten]

Boulmerka deltok i OL 1988 i Seoul som 20-åring, og vart slått ut i forsøka både på 800 m og 1500 meter. Dei neste åra hadde ho stendig framgang, og i 1991 fekk ho sitt definitive internasjonale gjennombrot. Under verdsmeisterskapen i Tokyo vann ho då 1500 meter, og vart dermed den fyrsteafrikanske kvinna som vart verdsmeister i friidrett.

Suksessen heldt fram då Boulmerka vann gullmedaljen på 1500 meter under sommarleikane i Barcelona i 1992, vinnartida 3.55,3 var afrikansk rekord i over 20 år. Det var fyrste gongen ein olympiske gullmedalje gjekk til ein utøvar frå Algerie. Sesongen etter sikra ho seg bronsemedaljen under friidretts-VM 1993 i Stuttgart.

I tida føre friidretts-VM i Göteborg sommaren 1995 hadde ho ikkje vunne ei einaste tevling. Men i finalen viste ho sine framifrå spurteigenskapar og tok gullet på 1500 meter med rimeleg god klaring til dei andre medaljevinnarane.

Etter eit par svake sesongar la ho opp i 1997.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
    Autoritetsdata
    Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Hassiba_Boulmerka&oldid=3544550»
    Kategoriar:
    Gøymde kategoriar:

    [8]ページ先頭

    ©2009-2025 Movatter.jp