Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Hasselnøtt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hasselnøtter.
Hasselnøtter.

Hasselnøtt ernøtta frå tre og buskar ihasselslekta (Corylus), særleg europeiskhassel. Ho er den einaste av nøttene knytte tiljula sombotanisk sett er ei ekte nøtt, dvs. ei tørrfrukt som ikkje opnar seg førfrøet inni spirer.[1] Det finst omlag 15 artar av hassel som veks i tempererte delar av den nordlege halvkula. Hasselnøtter veks særleg iEuropa ogAsia.Tyrkia ogItalia er dei to største produsentlanda i verda.[2]

Nøttene er næringsrike og velsmakande, og har vore ettertrakta som vintermat frå gammal tid. Nokre forskarar meiner tilmed atjeger- og samlar-folk før utviklinga av jordbruket bevisst sådde hasselnøtter rundt seg.

Hasselnøtter blir ofte nytta til baking og søtsaker, tilpralin, og ofte i lag med sjokolade, til dømes i påleggaNutella ogNugatti. Hasselnøttolje er ei planteolje med sterk smak som kan nyttast sommatolje.

100 g hasselnøtter inneheld 16 gprotein, 60 g feitt, 20 g karbohydrat, 4 gfiber og 2,8 g oske. Vidare 250 mgkalsium, 400 mgfosfor, 4 mgjern, 2,1 mgnatrium, 900 mg kalium, 0,3 mgtiamin, 0,5 mgriboflavin, 5,3 mgniacin og 6 mgvitamin C, som gjev 650kcal.[3]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Per H. Salvesen (27. november 2013),«Hasselnøtt»,Universitetet i Bergen (på norsk bokmål), henta 21. februar 2023 
  2. «Inventory of Hazelnut Research, Germplasm and References». www.fao.org. Henta 28. august 2020. 
  3. «HASSEL - Corylus avellana»,www.rolv.no, henta 21. februar 2023 
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Hasselnøtt&oldid=3463057»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp