Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Harpun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inuittiske harpunar
Harpun av bein fråsteinalderen. Azilien-kulturen i Sør-Frankrike ca. 12300-9600 f.Kr.

Harpun (frå franskharpon gjennom nederlandskharpoen)[1] er eit stikkvåpen utvikla tiljakt ogfangst, særleg avhavpattedyr somselar ogkvalar, men også til fangst av størrefiskar. Spissen på harpunen er utstyrt med mothaker for å unngå at bytet kan frigjera seg frå harpunen etter at det er treft. I enden av harpunen har mange valt å festa ei line som gjer det mogleg å kontrollera bytet. Det finst to hovudtypar av harpun, såkallahandharpun oggranatharpun.

Handharpun

[endre |endre wikiteksten]
Mann med harpun i 1936.

Handharpunen er eit stikkvåpen som er avhengig av eit støytskaft for å trenga inn. Etter innstikking har skaftet inga tyding fordi lina er festa til sjølve harpunspissen, som blir nytta til å trekka til seg fangsten. Dette er ein gammal fangstreiskap som er kjent heilt tilbake fråsteinalderen. Våpenet blir framleis brukt av arktiske jegerfolk til fangst avsel ogkval. Sportsdykkarar bruker også moderne utgåver av dette våpenet til harpunering av fisk.

Granatharpun

[endre |endre wikiteksten]
Granatharpun i bruk

Granatharpun er eit stikkvåpen som blir skote ut med ein harpunkanon. Harpunen er utstyrt med eitgranathovud som eksploderer etter innstilt tid. Denne oppfinninga fekk den endelege utforminga si i første halvdel av 1860-åra. Designeren og konstruktøren av harpunen var norskeJacob Nicolai Walsøe på 1840-talet. NordmannenErik Eriksen var òg tidleg ute med idear om ein granatharpun på 1850-talet, han samarbeidde seinare medSvend Foyn, som fekk æra. Harpunen blei fyrst patentert og industrialisert av Svend Foyn i 1886, som med dette opna for den «moderne» kvalfangsten. Ved fangst av mindre kvalartar sløyfar ein som oftast sprenggranaten.

Kven som eigentleg fann opp granaten har vire kjelde til diskusjon. Den amerikanske oppfinnarenHorace Smith, ein av grunnleggarane av våpenfabrikken Smith & Wesson, er òg oppgitt som oppfinnar avthe explosive bullet used to kill the whale.

Den eigentlege oppfinnaren er utan tvil Jacob Nicolai Walsøe, fødd på Lødingen 26. september 1819. Han hadde utvikla ein granatharpun allereie i 1840-åra, og søkte om offentleg støtte til eksperimenta sine då. Han fekk støtte av Selskapet for Noregs Vel i 1849, men blei nekta å ta ut patent på oppfinninga sidan han hadde mottatt støtte frå staten til eksperimenta sine og oppfinninga. Han freista, men klarte ikkje å reisa tilstrekkelege middel til å realisera oppfinninga si i praktisk drift.

Erik Larsen Vognild, fødd på Vognild i Oppdal 28. august 1844, var òg tidleg ute med ideen sin for granatharpun. Han hadde ein ide og konstruerte granatharpunen sin, men hadde ikkje økonomi til å setja han i produksjon. Svend Foyn hadde derimot økonomi til det, og hausta òg æra for oppfinninga. Vognild reiste i ung alder til Ibestad i Troms. Der konstruerte han den første treskemaskina som var driven av hestekraft. Han drog seinare til Amerika der han vann ry som den beste urmakaren i Chicago.[2]

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Galleri

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «harpun» iNynorskordboka.
  2. Opdalslagets aarbok 1930

Litteratur

[endre |endre wikiteksten]
  • «The Discovery of King Karl Land, Spitsbergen, Adolf Hoel, The Geographical Review Vol. XXV, No. 3, July, 1935, Pp. 476-478, American Geographical Society, Broadway AT 156th Street, New York»
  • Store norske leksikon, Aschehoug & Gyldendal.
  • «History of Smith and Wesson» by Roy G. JinksISBN 0-917714-14-8

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Harpun
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Harpun&oldid=3402484»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp