Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Harbin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harbin
forenkla kinesisk 哈尔滨tradisjonell kinesisk 哈爾濱,pinyinHā'ěrbīn
russisk Харбин,Kharbin)
by
Panorama av Hongbo Plaza.
Land Kina
Del avHeilongjiang
Areal53 076,48 km²
Folketal 10 635 971  (2010)
Kart
Harbin
45°45′00″N126°38′00″E / 45.75°N 126.63333333333°E /45.75; 126.63333333333
Harbin-prefekturet i Heilongjiang og Heilongjiang i Kina.
Harbin-prefekturet i Heilongjiang ogHeilongjiang i Kina.
Harbin-prefekturet i Heilongjiang ogHeilongjiang i Kina.
Wikimedia Commons: Harbin

Harbin er ein subprovinsiell by som er hovudstad i provinsenHeilongjiang i det nordaustlegeKina. Den subprovinsielle byen har eit areal på 53 068 km² og eit folketal på 9 873 743. Talet på innbyggarar innanfor bygrensene er 4 754 753. ElvaSonghua renn gjennom byen.

Den subprovinsielle byen Harbin omfattar åtte distrikt (区), tre byfylke (市shì) og sju fylke (县xiàn).

Harbin er ein av Kinas vakraste byar. Han er kjent for sin russiskpåverka arkitektur og har fått tilnamnet «OrientensMoskva». Mange russarar har vore busett i byen, og han hadde også eit stort innslag avjødar. I1920-åra kan det ha vore 20 000 jødar i byen.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Det moderne Harbin går tilbake til1898 ogRusslands utbygging av jarnbanenettet i denne delen av Kina. Fram til Russland leid nederlag under den russisk-japanske krigen (1904-05) var den russiske innverknaden svært sterk i Harbin. Sidan minka den, samstundes som 160 000 utlendingar frå 33 land strøymde til byen. Innvandrarane kom frå land somUSA,Tyskland ogFrankrike, og byen vart ein internasjonal metropol for industri, handel og finans.

Japan okkuperte Harbin frå4. februar1932. Sovjetarmeen erobra byen20. august1945.Kommuniststyrkar tok kontroll over byen i1946, med eit usagt samtykke frå sovjetstyrkane som var stasjonert der. Industrianlegga i byen skulle spele ei viktig rolle for kommunistane og deira siger i den kinesiske borgerkrigen.

I november 2005 vart byen råka av eitbenzen-utslepp, då ein eksplosjon førte til at store mengder av stoffet lak ut i elva som renn gjennom byen. Tilgangen på reint drikkevatn måtte dekkast ved at vatn i store mengder vart transportert inn til byen.

Styresmakter

[endre |endre wikiteksten]

Leiaren for lokallaget tilKinas kommunistparti er Chen Haibo (陈海波), og borgarmeisteren er Song Xibin (宋希斌, 2020).

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Denne artikkelentrengreferansar for verifikasjon. Du kanforbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.(2019)

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Harbin
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Harbin&oldid=3195703»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp