Hama (arabisk حماة, i Bibelen kallaḤamāth som tyder 'festning') er ein by ved breidda avOrontes (Asi) vest i det sentraleSyria. Han ligg 213 km nord forDamaskus og 46 km nord forHoms. Han er provinshovudstaden iHama guvernement. Med eit folketal på 854 000 (2009), er Hama den fjerde største byen i Syria etterAleppo,Damaskus ogHoms.[2][3]
Byen er kjend fordei sytten noriaene sine, store vasshjul som kan nyttast til vatning, og som vert hevda å vere daterte til 1100 fvt. Sjølv om dei historisk sett vart nytta til kunstig vatning, ernoriaene i dag mest til pynt.
Den gamle busetnaden Hamat var busett frå tidlegyngre steinalder tiljarnalderen. Staden ligg innanfor ein krapp sving iOrontes, som var relativt lett å forsvare, og var det første senteret i byen. Seinare voks byen utanfor denne svingen og haugen vart det militære senteret i Hama.[4] Restar fråkoparsteinalderen er grave fram av danske arkeologar frå haugen der den første festninga stod.[4] Utgravinga fann stad mellom 1931 og 1938 leia av Harald Ingholt. Stratigrafien er særs generalisert, noko som gjer detaljerte samanlikningar med andre stader vanskeleg. Lag M (6 meter tjukt) inneheld både kvit kalkgips og ekte keramikk. Han kan ha eksistert samstundes medRas Shamra V (6000–5000 fvt.). Over dette ligg laget L som er datert til koparsteinalderen ogHalaf-perioden.
Amorittane koloniserte området på 2000-talet fvt. Amorittane kom fråMari vedEufrat, kring 400 km aust for Hama, og dei koloniserte mange delar av det som i dag er Syria ogIrak.[4]
Sjølv om byen ikkje er nemnt ikileskriftskjelder før det først tusenåret fvt.,[5] verkar staden å ha nytt stor velstand kring 1500 fvt., då det truleg var underlagtMitanni, eit rike langsEufrat nordaust i Syria.[4] Mitanni vart sidan styrta avhettittane, som kontrollerte heile det nordlege Syria etter det kjendeslaget ved Kadesh motegyptarane underRamses II nærHoms i 1285 fvt.
Då tusenåret gjekk mot slutten hadde det sentraliserte, gamle hetittiske riket falle, og Hama vart hovudstad i eit blømande arameiskny-hetittisk kongedøme kjent fråBibelen som Hamat (arameisk:Ḥmt;hetittisk:Amatuwana;[5]hebraisk: חֲמָת,Ḥmṯ), som dreiv mykje handel, særleg medIsrael ogJudea.[7] Dei arameiske og hetittiske folka levde forholdsvis fredfullt saman, og sameksisterte i lag med andre statar i regionen, somKarkemisj.[4] Den viktigaste av alle dei arameiske statane varDamaskus, som vart leiaren i ein føderasjon av arameiske statar, der Hamat var eit medlem. Gradvis vartarameisk det mest brukte språket i Det nære austen.
Då den assyriske kongenShalmaneser III (858-824 fvt.) erobra det nordlege Syria, nådde han Hamat (assyrisk:Amat ellerHamata)[5] i 835 fvt. Dette markerer starten på assyriske inskripsjonar knytte til kongedømet.[8]Irhuleni av Hamat ogIm-idri av Aram (i BibelenBar-Hadad) leia ein koalisjon av syriske byar mot dei inntrengandeassyriske armeane. I følgje assyrisk kjelder vart dei møtt av 4 000 stridsvogner, 2 000 menn til hest, 62 000 fot soldatar og 1 000 arbarar på kamel islaget ved Qarqar. Den assyriske sigeren verkar å ha vore meir uavgjort, sjølv om Shalmaneser III heldt fram til kysten og sjølv tok eit skip til open sjø. I dei neste åra mislukkast Shalmaneser III å erobre Hamat eller Aram. Då Shalmaneser III døydde vart Hamat og Aram fiendar og Aram ser ut til å ha teke noko av området til Hamat.
Ein arameisk inskripsjon fråZakir, som var konge over både Hamat ogLa'ash, fortel om eit åtak av ein koalisjon som omfattaSam'al underBen-Hadad III, sonen tilHasael, kongen av Aram. Zakir vart kringsett i festninga si iHazrak, men vart redda avBe'elschamen. Seinare vartJa'udi-Sam'al herskar over både Hamat og Aram.
I 743 fvt. tokTiglath-Pileser III fleire byar i området til Hamat, og fordelte områda mellom generalane sine og tvang 1223 utvalde innbyggjarar tilden øvre Tigrisdalen. Han inndreiv skattar frå kongen til Hamat,Eni-Îlu (Eniel).
I 738 fvt. var Hamat lista blant byane som igjen vart erobra av assyriske soldatar. Over 30 000 innbyggjarar vart deporterte tilUllaba og erstatta med fangar fråZagros.[5]
Med kallenamnet «øydeleggjaren av Hamat», raserteSargon II byen kring 720 fvt.,[9] og busette byen med 6 300 assyrarar og fjerna kongen for at han skulle flåast levande i Assyria.[5] Han tok òg dei elfenbeinspryda møblane til kongane med seg tilNimrud[10]
Erobringa avDet nyassyriske riket strekte seg etter kvart over det meste av Det nære austen opp til kysten avMiddelhavet. Men riket deira fall då ein alliert armé avbabylonarar ogmedarar i 612 erobraNineveh, den assyriske hovudstaden. Assyrarane vart ei kort stund erstatta av babylonarar som herskarar av Syria, men kring 540 vart Hama, som resten av Syria, ein del avDet persiske riket.[11]
Dei fåbibelske rapportane seier at Hamat var hovudstaden i eitkanaanittisk kongedøme (1 Mos 10,18; 2 Kong 23,33; 25,21), der kongen gratulertekong David med sigeren overHadadezer, kongen avZobah (2 Sam 8.9-11; 1 Krøn 18,9-11). Det verkar som omSalomo tok over Hamat og områda kring og bygde store byar.[12] Nederlaget til Assyria for Hamat gjorde stort inntrykk påJesaja.[13] ProfetenAmos kalla byen «Hamat den store».[14] Namnet verkar å kome frå detfønikiskekhamat, som tyder «fort».[15]
På andre halvdelen av 300-talet fvt. kom den moderne regionen Syria under gresk-romersk kultur, etter ein langvarig periode med semittisk og persisk kultur. Felttoget tilAleksander den store frå 334 til 323 fvt. førte Syria underhellensk styre. Sidan landet låg langs handelsruta frå Asia til Hellas, voks Hama, og mange andre syriske byar, seg rike gjennom handel. Då Aleksander den store døydde vart erobringane hans i Det nære austen delt mellom generalane hans, ogSelevkos I Nikator vart herskar i Syria og grunnleggjar avSelevkide-dynastiet. Under selevkidane gjekk det betre med Hama. Aramearane fekk lov å vende attende til byen, som fekk namnetEpifania[5] (pågreskΕπιφανεία), etter den selevkidske keisarenAntiokiaus IV Epifanes. Det gjekk nedover med styret til selevkidane i løpet av dei neste to hundreåra og arabiske dynasti byrja å få kontroll over byane i denne delen av Syria, inkludert Hama.[11]
Romarane tok over dei opphavlege busetnadane, somHama, og gjorde dei til sine eigne. Dei møtte lite motstand då dei invaderte Syria underPompeius og annekterte området i 64 fvt., der Hama vart ein del avden romerske provinsen Syria, styrt frå Roma av einprokonsul. Hama var ein viktig by i den greske og romerske tida, men særs få arkeologiske spor er att.[11]
I 330 evt. vart hovudstaden i Romarriket flytta tilByzantium, og Hama fortsette å bløme. I deibysantinske dagane vart Hama kallaEmath ellerEmathoùs (Εμαθούς pågresk). Det romerske styret frå Byzantium tydde atkristendomen vart forsterka i Det nære austen, og det vart bygd kyrkjer i Hama og andre byar. Denbysantinske historikarenJohannes frå Epifania var fødd i Hama på 500-talet.[11]
Den arabiske geografenal-Muqaddasi skreiv at Hama vart ein del avJund Qinnasrin underabbasidane.[17] Sjølv om byhistoria er uklår på denne tida, er det kjent at Hama var ein kjøpstad med bymurar med ein ring av kringliggande byar. Han kom underhamdānidane fråAleppo på 900-talet og vart styrt frå Aleppo fram til 1100-talet.[16] Dette vert rekna som dei «mørke åra» i Hama sidan lokale herskarar i det nordlege og sørlege Syria kjempa om makta i regionen. Bysantinarane under keisarNikeforos Fokas plyndra byen i 968 og brende ned den store moskeen. På 1000-talet fekkfatimidane makt over det nordlege Syria og i denne perioden plyndramirdasidane Hama.[16] Denpersiske geografenNasir Khusraw skreiv i 1047 at Hama var «godt folkesett» og låg ved breidda av Orontes.[18]
Tankred, prinsen av Galilea erobra byen i 1108, men i 1114 mistakrossfararane byen tilseldsjukkane. Eitjordskjelv i 1157 la byen i ruinar.[19] Dei neste seksti åra prøvde fleire herskarar å ta byen.Nur al-Din, sultanen fråzangidene, reiste einmoske med ein høg, firkantaminaret i byen i 1172.[20] I 1175 vart Hama teken frå zangidane avSaladin. Han gav byen til nevøen sin,al-Muzaffar Umar, fire år seinare, og la han under styret til familien sin,Ajjubide-dynastiet. Dette førte til ein periode med stabilitet og velstand i Hama sidan Ajjubide-dynastiet varte heilt fram til 1342.[16] GeografenYaqut al-Hamawi, som var fødd i Hama, skildra han i 1225 som ein stor by kringsett av sterke bymurar.[21] Hama vart plyndra avmongolane i 1260, som dei fleste syriske byane vart, men mongolane vart slått same året og så igjen i 1303 avmamelukkane som tok over etter Ajjubide-dynastiet som herskarar i regionen.[11] Hama vart ei kort stund under mamelukkane sin kontroll i 1299 då guvernøren al-Mansur Mahmoud II døydde. I motsetnad til andre tidlegare byar under Ajjubide-dynastiet, sette mamelukkane inn ein herskar frå Ajjubide-dynastiet att i Hama ved å gjereAbu al-Fida, historikaren og geografen, til guvernør i byen og han regjerte frå 1310 til 1332.[16] Han skildra byen sin som «særs gammal... nemnd i boka tilisralittane. Det er ein av dei mest behagelege stadane i Syria».[22] Etter han døydde tok sonen hansal-Afdal Muhammed over, men han vart etter kvart avsett av mamelukkane. Slik vart Hama direkte underlagt mamelukkane.[16]
Hama voks seg rik under Ajjubide-dynastiet og fortsette velstanden under mamelukkane. Han voks gradvis til begge sider av Orontes, der forstadane på høgresida var knytte til sjølve byen med ei nybygd bru. Byen på venstresida var delt inn i ein øvre og nedre del, kvar omgjeve av ein bymur. Byen var fylt med palass, marknader, moskear,madrasaer og eit sjukehus, og over tretti forskjelligenoriaer (vasshjul). I tillegg låg det ein massiv citadell i Hama.[16] Det var under mamelukkane at mange av noriaene, som først vart bygd under Ajjubide-dynastiet, vart overhalt og forstørra, og det vart bygd fleire av dei. I dag finst berre 17 noriaer att, men ingen av dei er i bruk.Akvedukter og andre kanalsystem vart bygde for å ta vatn frå elva og vatne marker i nærleiken.[11] Ein spesiell akvedukt førte drikkevatn til Hama frå nabobyenSalamiyah.[16]
Ibn Battuta vitja Hama i 1335 og skreiv at Orontes gjorde byen «behageleg å leve i med mange hagar fulle av tre og frukt.» Han skreiv òg om ein stor forstad kalla al-Mansuriyyah (kalla opp etter ein emir i Ajjubide-dynastiet) som hadde «ein fin marknad, ein moske og bad.»[22] I 1400 erobraTimur Lenk Hama, i lag med nærliggjandeHoms ogBaalbek.[23]
Den velståande perioden under mamelukkane tok slutt i 1516, dåosmanske tyrkarar erobra Syria frå mamelukkane etter å ha slått dei islaget ved Marj Dabiq nær Aleppo. Hama, og resten av Syria, kom under osmanske styre fråKonstantinopel.[24] Under osmanarane vart Hama gradvis meir viktig i den administrative strukturen av regionen. Han vart først hovudstad i einliwa («distrikt») ivilajet («provins»)Tripoli.[16] Hama vart igjen eit viktig senter for handelsruter som gjekk aust fråMiddelhavet til Asia. Fleirekhanar («karavanseraiar») vart bygd i byen, som Khan Rustum Pasha, datert til 1556. Syria vart seinare delt inn i tre guvernement og Hama vart styrt av guvernøren i Aleppo.[24]
På 1700-talet vart han ein del av området til guvernøren i Damaskus.[16] Guvernørane i Damaskus var på denne tida azemar, som òg styrte andre delar av Syria, for osmanarane. Dei reiste overdådige bustader i Hama, somAzempalasset og Khan As'ad Pasha som vart bygd avAs'ad Pasha al-Azem, som styrte Hama i mange år fram til 1742.[24] På den tida var det 14 karavanseraiar i byen, hovudsakleg nytta for lagring og fordeling av frø, bomull, ull og andre varer.[25] Etter å ha vedteke vilajet-lova i 1864, vart Hama hovudstaden i Hama sanjak (og byen fekk meir administrativ makt), som var ein del av det størreSham vilajet.[16]
Det osmanske styret enda i 1918, då dei var på den tapande sida ifyrste verdskrigen. Hama vart ein del avdet franske mandatet i Syria. På den tida hadde Hama utvikla seg til det han er i dag: ein mellomstor provinsby, eit senter for jordbruket i området med mykje korn, bomull og sukkerroer. Han vart berykta som ein stad der bønder arbeidde på store eigedomar eigd av nokre få magnatfamiliar.
Under det franske mandatet bestod distriktet Hama av kommunen Hama og 114 landsbyar. Eit estimat frå 1930 synte at berre fire av desse landsbyane var eigde direkte av lokale bønder, medan to landsbyar var delte mellom bøndene og ein rik familie. Resten av eigd av ein elite av landeigarar.[26] Frå seint i 1940-åra byrja ein stor strid mellom landeigarane og bøndene, som ønskte reformer i Hama.
Syria fekk fullt sjølvstende frå Frankrike i 1946.Akram al-Hawrani, eit medlem av ein fattig, kjend familie i Hama, byrja å agitere for jordreformer og betre sosiale tilhøve. Han gjorde Hama til basen for hansArabisk sosialistparti, som seinare fusjonerte med eit anna sosialistisk parti,Ba'ath. Dette partiet steig til makta i 1963 og signaliserte slutten på makta til landeigareliten.
Politisk opprør av sunniislamistiske grupper, særlegDen muslimske brorskapen, gjekk føre seg i byen, som fekk rykte for å vere ei høgborg for konservativ sunniislam. Så tidleg som våren 1964 var Hama sentrum ieit opprør av konservative styrkar, oppmuntra av talar frå predikantane i moskeane, som fordømte politikken til Ba'ath. Syriske styresmakter sendte stridsvogner og soldatar inn i kvartera i gamlebyen i Hama for å slå ned opprørarane.[26]
Tidleg i 1980-åra hadde Hama vorte eit stort senter for opposisjonen mot Ba'ath-regimet under detsunni-islamistiske opprøret, som hadde byrja i 1976. Byen var åstad for blodige kampar under einmassakre i 1981 og den mest kjendeHama-massakren i 1982.[27] Det mest alvorlege opprøret tilsyriske islamske opprør skjedde i Hama i februar 1982, då regjeringsstyrkar, leia av broren til presidenten,Rifaat al-Assad, slo ned eitopprør i Hama på særs brutalt vis. Stridsvogner og artilleri bombarderte nabolag haldne av opprørarar og regjeringsstyrkane skal visstnok ha avretta tusenvis av fangar og sivile innbyggjarar etter opprøret var over. Dette vart kjent somHama-massakren. Hendinga er blitt undertrykt og blir rekna som svært sensitivt i Syria.[28]
Sommaren 2011 vart byen eit av hovudsentera for opprørarane i den første tida avopprøra som fann stad i Syria som ein del avden arabiske våren. Einvæpna blokade vart lagt kring byen den 3. juli og meir enn 50 menneske mista livet og hundrevis vart skadde.
30. november 2024 trekte den syriske hæren seg ut av byen då opprørsstyrkar byrja å nærma seg etter å ha teke Aleppo.[29] Nokre dagar seinare, den 5. desember, tok opprørsgrupper leia avTahrir al-Sham kontroll over byen.[30]
Klimaet er klassifisert somvarmt halvtørt klima (BSh) iKöppen-Geiger-systemet.[31] Hama ligg for langt inne i landet til å få noko særleg innverknad frå dei fuktige vindane fråMiddelhavet. Byen har derfor eit mykje varmare og tørrare klima enn den nærliggande byenHoms.
I følgje Josiah C. Russel hadde Hama på 1100-talet eit folketal på 6 750.[33] I 1932, medan Hama var under det franske mandatet, var det kring 50 000 innbyggjarar i byen. I folketeljinga i 1960 var det 110 000 innbyggjarar. Folketalet heldt fram å auke og nådde 180 000 i 1978 og 273 000 i 1994.[34] Døyelegheitsraten per 1 000 levande fødde iHama guvernement var 99,4.[35] Eit estimat frå 2005 seier at Hama hadde kring 325 000 innbyggjarar.[36]
Dei fleste innbyggjarane ersunnimuslimar, sjølv om somme bydelar er heilt kristne.[36] Hama er kjend for å vere den mest konservative sunnimuslimske byen i Syria sidan det franske mandatet. I denne perioden oppstod ordtaket: «I Damaskus tar det berre tre mann for å lage ein politisk demonstrasjon, medan i Hama tar det berre tre mann for å få heile byen i bøn.»[26] Den kristne folkesetnaden høyrer stort sett tilden gresk-ortodokse kyrkja ellerden syrisk-ortodokse kyrkja.[37]
Den gresk-ortodokse kyrkja har einprelat i Hama underpatriarken i Antiokia.[37] Hama er framleis ein romersk-katolskstiftstad (kalla «Hamat» eller Amath»), eitunderbispedøme avApamea. Det er som «Epifania» han er mest kjend i kyrkjelege dokument.Lequien nemner ni greske biskopar i Epifania.[38] Den første av dei, som han kallar Mauritius, er den Manikeios som signerte underKonsilet i Nikea.[39] I dag har han to katolske erkebiskopar, einmelkittisk og ein syrisk, førstnemnte bur iLabroud, den sistnemnte i Homs.[40]
Dei mest kjende attraksjonane i Hama er dei 17noriaene i Hama, som er datert attende tilbysantinsk tid. Dei får vatn frå Orontes og er opp mot 20 meter i diameter. Den største av dei eral-Mamunye (1453) ogal-Muhammediye (1300-talet). Opphavleg vart dei nytta til å føre vatn inn i akvedukter, som førte inn i byen og jordbruksområda kring byen.
Andre turistmål:
Azempalasset som var den osmanske guvernøren sin bustad frå 1700-talet. Inneheld i dag utstillingar, mellom anna ein romersk mosaikk frå den nærliggande landsbyenMariamin (300-talet evt.)
Den vesleal-Izzi moskeen til mamelukkane (1400-talet)
Moskeen og mausoleet tilAbu al-Fida, ein velkjend arabisk historikar som òg var guvernør i byen.
al-Hasanain-moskeen, òg oppbygd av Nur ad-Din etter jordskjelvet.
Den store moskeen. Øydelagd av bombing i 1982 men er restaurert til den originale form. Han har element datert til antikken og kristne strukturar. Moskeen har to minaretar, og er etterfølgd av ein forhall med eit forhøgd skattkammer.