Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Halmstad

Koordinatar:56°40′24.902″N12°51′39.132″E / 56.67358389°N 12.86087000°E /56.67358389; 12.86087000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

56°40′24.902″N12°51′39.132″E / 56.67358389°N 12.86087000°E /56.67358389; 12.86087000

Halmstad
Land Sverige
Areal3 889 km²
Folketal 72 979(31. desember 2023)
Kart
Halmstad
56°40′26″N12°51′26″E / 56.673972222222°N 12.857277777778°E /56.673972222222; 12.857277777778
Wikimedia Commons: Halmstad
Halmstad cirka år 1700
Halmstad Trade Center
Utsikt frå Tradecenter
Terrassehus på Andersberg
Andersberg
Dalabergsvägen ute i Söndrum

Halmstad (tidlegare dansk Halmsted) er ein by iHallands län sørvest iSverige som ligg ved munningen av elvaNissan, der ho munnar ut iKattegat. Han erresidensstad for lenet ogadministrasjonssenter iHalmstads kommun. Halmstad har 55 688 innbyggjarar (2005) og er den 19. største tettstaden i Sverige.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Sjølve namnet opptrer første gong i formaHalmstæde iValdemar Sejr sijordebok frå 1231, den gong som namnet på eit herad og ein kongsgard.

Frå eit pavebrev i 1264 kan ein sjå at Halmstad på det tidspunktet hadde eitdominikanarkloster. I andre dokument frå same periode blir innbyggjarane i Halmstad kalla borgarar, og det står at dei dreiv handel og eigde skip.

Dei første kjende kjøpstadsprivilegia er frå 1307, gjevne av kongErik Menveds bror, den seinareChristoffer II, som var hertug avHalland.

Halmstad var kongressby iKalmarunionen. Unionstraktaten inneheldt avgjersler om at kongeval skulle haldast i byen, og borgarane drøymde om at han skulle bli hovudstad iNorden. På 1430-talet blei byen herja og plyndra av svenske troppar underEngelbrekt. Sankt Nikolai kyrkje, er eit av få minnesmerke som står att frå mellomalderen.

I 1563 blei byen igjen kringsett av svenskane, men innbyggjarane forsvarte seg tappert, noko som fekkFrederik II til å løne dei med store jordeigedomar.

Christian IV har sett sitt preg på byen. Han var mykje i det danske Halland, og let mellom anna bygge festningsverk, samtHalmstad slott.

Slottet stod nesten ferdig i 1619, då Christian IV inviterteGustav II Adolf til Halmstad. Det blei festa på slottet i sju dagar. Same år øydela ein brann byen, og Christian fekk høvet til å gjere Halmstad til ein moderne renessanseby med rette gater og regelmessige bykvarter.

I følgje denandre freden i Brømsebro fekk Sverige Halland som pant i 30 år, og iRoskildefreden blei avståinga definitiv. I 1676 stodslaget ved Halmstad, derKarl XI sigra over den dansk-norske hæren.

På 1800-talet blei byen på grunn av sjøfart og industri ein av dei raskast veksande i Sverige.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Folk frå Halmstad

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Noverande
ABStockholm •CUppsala •DNyköping •ELinköping •FJönköping •GVäxjö •HKalmar •IVisby •KKarlskrona •MMalmö •NHalmstad •OGöteborg •SKarlstad •TÖrebro •UVästerås •WFalun •XGävle •YHärnösand •ZÖstersund •ACUmeå •  BDLuleå
Sveriges flagga
Avskaffa
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Halmstad&oldid=3564490»
Kategori:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp