Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Halldór Kiljan Laxness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråHalldor Laxness)
Halldór Kiljan Laxness

StatsborgarskapIsland
Fødd23. april1902
Reykjavík
Død

8. februar1998 (95 år)
Mosfellsbær

Yrkelingvist,romanforfattar,omsetjar,skodespelforfattar,lyrikar,filosof,skribent
Språkislandsk
ReligionDen romersk-katolske kyrkja, Den evangelisk-lutherske kyrkja
EktefelleAuður Laxness
Halldór Kiljan Laxness på Commons
Halldór Laxness på eit måleri frå 1984.

Nobelprisen

Nobelprisen i litteratur
1955

Halldór Kiljan Laxness (23. april 19028. februar 1998), opphavlegHalldór Guðjónsson, var einislandskforfattar og vinnar avNobelprisen i litteratur 1955.

Innverknad på islandsk litteratur

[endre |endre wikiteksten]

Halldór Kiljan Laxness har i svært stor grad dominert den islandske 1900-talslitteraturen; han stod sjølv for mange litterære utviklingssteg, men sjølv dei straumdraga som vart skapte i direkte opposisjon mot Laxness har betydd mykje for den moderneislandske litteraturen.

Nobelprisen i litteratur 1955

[endre |endre wikiteksten]

Svenska akademien si grunngjeving for å gje Nobelprisen i litteratur til Halldór Kiljan Laxness var følgjande:

..for his vivid epic power which has renewed the great narrative art of Iceland..

som fritt omsett lyder

..for hans livlege episke kraft som har oppattnya Islands storslegne forteljarkunst..»

Grunngjevinga vitnar elles om omverda sitt syn på moderne islandsk litteratur, der ein såg på den som gjennomgåande sterkt påverka av dei gamle, tradisjonsrike islandskeættesogene, ein påstand som ikkje er ugrunna, men som knapt famnar om heile det moderne, islandske, litterære feltet – heller ikkje heile produksjonen til Halldór Kiljan Laxness.

Biografi

[endre |endre wikiteksten]

Halldór Guðjónsson vart fødd iReykjavík, men flytta i 1905 med foreldra sine, Sigríðar Halldórsdóttir og Guðjóns Helga Helgason til den staden som seinare skulle gje han forfattarnamnet hans: GardenLaxness iMosfellssveit. Han var glad i å lesa bøker og skriva forteljingar, og kring 14 år gammal fekk han den første teksten sin på prent i dagsavisaMorgunblaðið, under signaturen «H.G.». Dette var byrjinga på ein produktiv forfattarskap som til slutt skulle omfatta 51 bøker, den første utgjeven i 1919.

Som ung reiste Halldór Laxness mykje i Europa, og midt på 1920-talet vart han omvend tilkatolisismen, noko som sterkt skin gjennom i forfattarskapen hans gjennomsjølvbiografiske og reflekterande verk i den følgjande perioden. Han tok dessutanmellomnamnet «Kiljan» etter denirlandskehelgenen Kilian. Halldór Laxness religiøsitet vart likevel ikkje særskilt langliva, på ein tur tilAmerika vart han istaden overtyddsosialist, og emnevala i romanane hans følgde etter.

Halldór Kiljan Laxness var gift og hadde fire born. Frå og med 1945 budde han iGljúfrasteini iMosfellssveit.

Sitat

[endre |endre wikiteksten]

Halldór Kiljan Laxness: «Eg tenkjer på dei vedunderlege menneska frå djupet av folket som fostra meg opp. Eg tenkjer på far min og på mor mi. Og eg tenkjer særskilt på den gamle mormora mi, som lærde meg mange hundre vers av islandsk poesi før eg lærde meg alfabetet.
[...]
Eg spurde meg sjølv den kvelden på hotellrommet mitt i Skåne: Kva kan framgang og berømmelse gje ein diktar? Ei viss materiell lukke, det er klart, som ei følgje av å ha pengar. Men om ein islandsk skald gløymer opphavet sitt frå djupet av folket, der sogene bur; om han misser tilknytinga til og pliktkjensla mot det tilbaketrekte livet, som det den gamle mormora mi lærde meg å verdsetja - då er berømmelse og velstand heilt likesælt.» (Or den talen som forfattaren heldt vednobelfesten 1955)

Verkliste

[endre |endre wikiteksten]

Romanar

[endre |endre wikiteksten]
  • 1919 - Barn náttúrunnar
  • 1924 - Undir Helgahnúk
  • 1927 - Vefarinn mikli frá Kasmír (Den store vevaren frå Kashmir)
  • 1931-32 - Salka Valka
  • 1934-35 - Sjálfstætt fólk (Frie menn)
  • 1937-40 -Heimsljós (Verdens lys)
  • 1943-46 - Íslandsklukkan (Islands klokke)
  • 1948 - Atómstöðin (Land til salgs)
  • 1952 - Gerpla (Kjempeliv i nord)
  • 1957 - Brekkukotsannáll (Brekkukotkrønike)
  • 1960 - Paradísarheimt (Det gjenfunne paradiset)
  • 1968 - Kristnihald undir Jökli (Sjelesorg ved Jøkelen,Kristenrøkt under jøkulen)
  • 1970 - Innansveitarkronika (Bygdekrønike)
  • 1972 - Guðsgjafaþula (Guds gode gaver)

Noveller

[endre |endre wikiteksten]
  • 1923 - Nokkrar sögur
  • 1933 - Fótatak manna (novellene blei seinare utgitt iÞættir)
  • 1935 - Þórður gamli halti (novellene blei seinare utgitt iÞættir)
  • 1942 - Sjö töframenn (novellene blei seinare utgitt iÞættir)
  • 1954 - Þættir (gjenutgiving av tidlegare noveller)
  • 1964 - Sjöstafakverið

Teaterstykke

[endre |endre wikiteksten]
  • 1934 - Straumrof
  • 1950 - Snæfríður Íslandssól (basert på Íslandsklukkan)
  • 1954 - Silfurtúnglið
  • 1961 - Strompleikurinn
  • 1962 - Prjónastofan Sólin
  • 1966 - Dúfnaveislan
  • 1970 - Úa (basert på Kristnihald undir Jökli)
  • 1972 - Norðanstúlkan (basert på Atómstöðin)

Dikt

[endre |endre wikiteksten]

Større og mindre artiklar

[endre |endre wikiteksten]
  • 1925 - Kaþólsk viðhorf
  • 1929 - Alþýðubókin (Folkets bok)
  • 1937 - Dagleið á fjöllum
  • 1942 - Vettvángur dagsins
  • 1946 - Sjálfsagðir hlutir
  • 1950 - Reisubókarkorn
  • 1955 - Dagur í senn
  • 1959 - Gjörníngabók
  • 1963 - Skáldatími
  • 1965 - Upphaf mannúðarstefnu
  • 1967 - Íslendíngaspjall
  • 1969 - Vínlandspúnktar
  • 1971 - Yfirskygðir staðir
  • 1974 - Þjóðhátíðarrolla
  • 1977 - Seiseijú, mikil ósköp
  • 1981 - Við heygarðshornið
  • 1984 - Og árin líða
  • 1986 - Af menníngarástandi

Reisebrev

[endre |endre wikiteksten]
  • 1933 - Í Austurvegi
  • 1938 - Gerska æfintýrið

Minningasögur

[endre |endre wikiteksten]
  • 1952 - Heiman eg fór
  • 1975 - Í túninu heima
  • 1976 - Úngur eg var
  • 1978 - Sjömeistarasagan
  • 1980 - Grikklandsárið
  • 1987 - Dagar hjá múnkum

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Denne artikkelentrengreferansar for verifikasjon. Du kanforbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya{{tr}} etter påstanden.(2024)
1901–1925
Prudhomme (1901) •Mommsen (1902) •Bjørnson (1903) •Mistral,Echegaray (1904) •Sienkiewicz (1905) •Carducci (1906) •Kipling (1907) •Eucken (1908) •Lagerlöf (1909) •Heyse (1910) •Maeterlinck (1911) •Hauptmann (1912) •Tagore (1913) •Inga utdeling i 1914. •Rolland (1915) •von Heidenstam (1916) •Gjellerup,Pontoppidan (1917) •Inga utdeling i 1918. •Spitteler (1919) •Hamsun (1920) •France (1921) •Benavente (1922) •Yeats (1923) •Reymont (1924) •Shaw (1925)
1926–1950
Deledda (1926) •Bergson (1927) •Undset (1928) •Mann (1929) •Lewis (1930) •Karlfeldt (1931) •Galsworthy (1932) •Bunin (1933) •Pirandello (1934) •Inga utdeling i 1935. •O’Neill (1936) •du Gard (1937) •Buck (1938) •Sillanpää (1939) •Inga utdeling i 1940–1943. •Jensen (1944) •Mistral (1945) •Hesse (1946) •Gide (1947) •Eliot (1948) •Faulkner (1949) •Russell (1950)
1951–1975
Lagerkvist (1951) •Mauriac (1952) •Churchill (1953) •Hemingway (1954) •Laxness (1955) •Jiménez (1956) •Camus (1957) •Pasternak (1958) •Quasimodo (1959) •Perse (1960) •Andrić (1961) •Steinbeck (1962) •Seferis (1963) •Sartre (1964) •Sjolokhov (1965) •Agnon,Sachs (1966) •Asturias (1967) •Kawabata (1968) •Beckett (1969) •Solzjenitsyn (1970) •Neruda (1971) •Böll (1972) •White (1973) •Johnson,Martinson (1974) •Montale (1975)
1976–2000
Bellow (1976) •Aleixandre (1977) •Singer (1978) •Elytis (1979) •Miłosz (1980) •Canetti (1981) •García Márquez (1982) •Golding (1983) •Seifert (1984) •Simon (1985) •Soyinka (1986) •Brodsky (1987) •Mahfouz (1988) •Cela (1989) •Paz (1990) •Gordimer (1991) •Walcott (1992) •Morrison (1993) •Ōe (1994) •Heaney (1995) •Szymborska (1996) •Fo (1997) •Saramago (1998) •Grass (1999) •Gao (2000)
Frå 2001
Naipaul (2001) •Kertész (2002) •Coetzee (2003) •Jelinek (2004) •Pinter (2005) •Pamuk (2006) •Lessing (2007) •Le Clézio (2008) •Müller (2009) •Vargas Llosa (2010) •Tranströmer (2011) •Mo (2012) •Munro (2013) •Modiano (2014) •Aleksijevitsj (2015)Dylan  (2016) •Ishiguro (2017) •Tokarczuk (2018, delt ut i 2019) •Handke (2019)  •Glück (2020) •Gurnah (2021) •Ernaux (2022) •Fosse (2023)  •Han (2024)
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Halldór_Kiljan_Laxness&oldid=3534875»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp