Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Halhul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Halhul
حلحول
kommune
Namneopphav: frå Hulhul, eit førenamn[1]
Land Dei palestinske territoria
GuvernementHebron guvernement
Koordinatar31°34′44″N35°05′57″E / 31.57889°N 35.09917°E /31.57889; 35.09917
Areal37,3 km²
Folketal 22 128  (2007)
Kart
Halhul
31°34′44″N35°05′57″E / 31.578888888889°N 35.099166666667°E /31.578888888889; 35.099166666667
Kart som viser Halhul.
Kart som viser Halhul.
Kart som viser Halhul.
Wikimedia Commons: Halhul

Halhul (arabiskحلحول,Ḥalḥūl) er einpalestinsk by som ligg sør påVestbreidda, 5 km nord forHebron iHebron guvernement. Byen grensar tilSa'ir ogAsh-Shuyukh i aust,Beit Ummar ogAl-Arroub flyktningleir i nord, ogKharas ogNuba i vest.[2] Han ligg 916 meter over havet og er den høgasteliggande busetnaden i Palestina.[2] I følgjePalestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 22 108, hovudsakleg muslimar, i 2007.[3]

I følgje jødisk, kristen og muslimsk mellomaldertradisjon, ligg gravene til dei bibelske profetaneGad ogNatan i Halhul. Ein annan muslimsk tradisjon plasserer òg grava tilJona i byen. Gravstaden, som tidlegare var erklært ein heilag stad under det israelske styret, er no ein del av Den palestinske sjølvstyresmakta.

Den israelske busetjingaKarmei Tzur ligg i utkanten av Halhul.[4] Halhul er omgjeve av mange eldgamle gravholer.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Oldtida

[endre |endre wikiteksten]

Det arabiske namnet har bevart det bibelske namnet på staden (hebraisk חַלְחוּל;gresk Αἰλουά/Άλοόλ, latin Alula,)[5] som ein trur er eitkanaanittisk ord som tyder «å skjelve (av kulde)».[2] I følgje Bibelen høyrte Halhul tilJuda, i eit ulendt lanskap nærBeth-zur.[6] BibelforskarenEdward Robinson identifiserte den moedne byen med «Halhul» nemnt iJosvas bok.[7]John Kitto skreiv at det moederne namnet er identisk til namnet i den hebraiske Bibelen, og har difor vore uendra i meir enn 3 300 år.[8]

Ruinane av Beit Zur i 1925.

Arkeologiske utgravingar i Burgh e-Sur har avdekt ruinar av ein festningsby frå oldtida, datert til midten avbronsealderen, truleg knytt tilHyksos. Byen vart øydelagd under eit egyptisk raid på 1600-talet fvt. og låg i ruinar i over 300 år. I byrjinga avjernalderen på 1000-talet fvt. vart han busett på ny av israelittane. Bibelen nemner atRehoboam forsterka forsvarsverka i byen. Kring 1000 fvt. vart byen fråflytta og så langsamt busett igjen til kring 650 fvt. då han var ein travel by. Halhul vart øydelagd, i lag med Jerusalem ogTempelet, avNebudkanesar II under invasjonen hans avKongedømet Judea i 587 fvt. Byen er igjen nemnt i krønikene i slaga mellomSelevkideriket ogDet ptolemaiske kongedømet. Han vart forsterka avJudas Makkabeus etter sigeren hans islaget ved Beth Zur i nærleiken. Etter at edomittar-trugselen vart fjerna avJohannes Hyrkanos forfall byen. Han vart igjen forsterka berre 150 år seinare, underBar Kokhba-opprøret.[9]

Det er funne store mengder keramikk med inskripsjonar pågammalhebraisk, dei fleste av dei seier «Til kongen» og nemner namn på stader i nærleiken. Handtak med jødiske namn inskribert på gresk er funne frå denhellenistiske tida.[9]

Ein har funne tufter av hus frå romersk og islamsk tid grave djupt ned i dei eldre busetjingslaga.[9] Mellom anna har ein funne spor avmosaikk med skrift på gresk der det tidlegare låg ei kyrkje. Ein har òg funnebysantinsk keramikk.[10]

Mellomalderen

[endre |endre wikiteksten]

KrønikarenAli av Herat dokumenterte i 1173 evt., at medan Halhul var ein del avkongedømet Jerusalem underkrossfararane, var han ein landby der grava til Yunis ibn Matta (Jona son avAmittai) låg.[11] Underajjubidane i 1226 vart det bygd ein moské med einminaret i byen.[12] Same året vitja denarabiske geografenYaqut al-Hamawi Halhul, og skreiv at han låg mellom Hebron ogJerusalem og at grava til Jona låg her.[13]

Osmansk tid

[endre |endre wikiteksten]

Halhul vart, som resten av Palestina, ein del avDet osmanske riket i 1517, og iskattelista frå 1596 stod landsbyen oppført som ein del av iHalilnahiya iQudsliwa. Alle innbyggjarane var muslimar fordelt på 92 hushaldningar og dei betalte skatt for kveite, bygg, vindruer og frukttre, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.[14]

Den franske oppdagarenVictor Guérin vitja landsbyen i 1863 og estimerte at han hadde 700 innbyggjarar. Han nemnte graver datert frå den jødiske tida hogde ut i berget, ei kjelde,Ain Ayoub (Jobskjelda) på sørsida av åsen, som gav vatn til innbyggjarane. MoskeenDjama'a Nebi Yunis (moskeen til profetenJona) som var bygd av eldgamle steinar, og det ulovleg for utlendingar å kome inn.[15]

I 1883 skildraPalestine Exploration Fund iSurvey of Western Palestine Halhul som ein stor steinlandsby på ein åstopp, med to kjelder og ein brunn.[16] Moskeen verka å vere ein «moderne» bygning.[17]

Det britiske mandatet

[endre |endre wikiteksten]
Landsbybuarane ventar på ei filmframsyning i frilluft, 1940.

I folketeljinga i 1922 hadde Halhul eit folketal på 1 927, alle muslimar.[18] Dette auka i folketeljinga i 1931, då Halhul, i lag med Kh. Haska, Kh. en Nuqta, Kh. Beit Khiran, Kh. Baqqar og Kh. ez Zarqa hadde eit folketal på 2 523 i 487 hus. Utanom ei kristen kvinne, var alle framleis alle muslimar.[19]

I juli 1939, underarabaropprøra, var landsbyen åstad for brutale handlingar av det britiskeBlack Watch-regimentet. I eit forsøk på å få landsbybuarane til å gje frå seg våpena dei var mistenkte for skjule, vart alle mennene i landsbyen sette i bur i sola med lite vatn.[20] Elleve eldre og svake menn døydde under sommarsola og mangel på vatn. Ein annan mann hevda han hadde skjult eit våpen i ein brunn, men vart drepen då det viste seg at han laug.[20]

I 1945 var folketalet i Halhul 3 380 arabarar, som eigde 37 334mål land i følgje ei offisiell landmåling.[21] Av dette var 5 529 mål for plantasjar og irrigert land, 13 656 for korn,[22] medan 165 mål var utbygd (urbant) land.[23]

Etter 1948

[endre |endre wikiteksten]

I 1949, etterden arabisk-israelske krigen i 1948, og ettervåpenkvileavtalen i 1949, Halhul underJordan sitt styre.

I juni 1967 underseksdagarskrigen vart Halhul erobra avIsrael i lag med resten avVestbreidda.

I mars 1979 innførteDet israelske forsvaret (IDF) eit portforbod i Halhul som vart 16 dagar. To ungdomar, mellom anna ei ung jente, vart skotne og drepne av jødiske busetjarar då dei protesterte mot portforbodet.[24]

Halhul ligg i Område A av Den palestinske sjølvstyresmakta, og er heilt underlagt palestinsk styre. Underden andre intifadaen konfiskerte Israel kring 1 500 mål med land frå Halhul kommune.[2]

Geografi

[endre |endre wikiteksten]

Byen ligg på toppen avNabi Yunis, det høgaste punktet på Vestbreidda med 1 030 meter over havet. Byen har eit landareal som strekkjer seg over 37 335mål.[25]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Palmer, 1881, s.393
  2. 2,02,12,22,3'Halhul', ARIJ, 2000.
  3. 2007 PCBS CensusPalestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.
  4. Pekka Pitkänen,Josva, InterVarsity Press, 2010 s. 296.
  5. Guérin, 1869, s.284 -p.285
  6. Eerdmans Dictionary of Bibelen. Amsterdam University Press. 31. desember 2000. s. 542.ISBN 978-90-5356-503-2. Henta 19. september 2015. 
  7. Robinson, 1841, vol. 1, s.319.
  8. William Lindsay Alexander; John Kitto (1864).A cyclopædia of bibelske litteratur, ed. by J. Kitto. s. 199–200. Henta 19. september 2015. 
  9. 9,09,19,2Lexicon of Eretz Israel – Halhul (hebraisk)
  10. Dauphin, 1998, s. 937
  11. Ali of Herat sitert i le Strange, 1890,s.447.
  12. Mujir ad-Din sitert i le Strange, 1890,s.448.
  13. Al-Hamawi sitert i le Strange, 1890, s.447.
  14. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 123
  15. Guérin, 1869, s.284 - 287
  16. Conder og Kitchener, 1883, s.305
  17. Conder og Kitchener, 1883, s.329
  18. Barron, 1923, Table V, Underdistrikt of Hebron, s. 10
  19. Mills, 1932, s.32
  20. 20,020,1Hughes, M. (2009) The Banality of Brutality: British Armed Forces and the Repression of Arab Revolt in Palestine, 1936–39,English Historical Review Vol. CXXIV No. 507, 314–354.
  21. Government of Palestine, Department of Statistics.Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi,Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s.50
  22. Government of Palestine, Department of Statistics.Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi,Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s.93
  23. Government of Palestine, Department of Statistics.Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi,Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s.143
  24. Report of the Special Committee to investigate Israeli practices affecting the human rights av the inhabitans in the occupied territories[daud lenkje]
  25. Velkomen til Halhul: Town Statistics and FactsSami Hadawi (Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral) via palestineremembered.com

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Vestbreidda
*Gazastripa
*Frå juni 2007 til juni 2014 har Gazastripa i røynda vore styrt avHamas.
Byar
Bani Na'im ·ad-Dhahiriya ·Dura ·Halhul ·Hebron (al-Khalil)(inkl. Arab al-Fureijat •al-BaqaAl BowerehQalqas • Qla'a Zeta •Wadi al Hussein) ·Idhna ·Sa'ir(inkl.ad-Duwwaraal-Uddeisa) ·as-Samu ·Tarqumiyah ·Yatta
Hebron guvernement
Det palestinske flagget
Towns
Beit Awwa ·Beit Kahil ·Beit Ula(Qila) ·Beit Ummar(Jala) ·Deir Sammit ·Kharas ·Nuba ·ash-Shuyukh(Hamrush) ·Surif(Khirbet ad-Deir) ·Taffuh
Landsbyar
Anab al-Kabir ·Arab al-Ka'abneh ·Beit 'Amra ·Beit Einun ·Beit Maqdum ·Beit ar-Rush al-Tahta ·al-Burj(Beit Mirsim •Beit ar-Rush al-Fauqa) ·al-Buweib ·Deir al-'Asal al-Fauqa ·Deir al-'Asal al-Tahta ·Deir Razih ·ad-Deirat ·Fuqeiqis ·Hadab al-Alaqa ·Hadab al-Fawwar ·al-Heila ·Hitta ·Hureiz ·Imneizil ·Imreish ·Jala ·Karma ·al-Karmil ·Khallet Edar ·Khallet al-Aqed ·Khalet al-Maiyya(at-Tabaqa • Umm Lasafa • Wadi Ubeid) ·Khallet al-Masafer ·Khashem al-Daraj ·Khallet Salih ·Kheroshewesh Wal Hadedeyah ·Khirbet al-Deir ·Khirbet Safa ·Khirbet Salama ·Khirbat al-Simia ·Khirbet Zanuta ·Khursa ·al-Kum ·Kurza ·Kuseis ·Ma'in ·al-Majd ·Marah al-Baqqar ·Masafer Yatta ·an-Najada ·Rabud ·al-Ramadin ·ar-Rihiya ·Sahel Wadi Elma ·Sikka ·Shuyukh al-Arrub ·as-Sura ·Tarrama ·at-Tuwani ·Umm Ashoqan ·Umm al-Butm ·Umm al-Khair ·Wadi al-Amayer ·Wadi al-Kilab ·Wadi ash-Shajina ·Zif
Flyktningleirar
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Halhul&oldid=3473215»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp