I dag er byen ein viktig hamneby ved kysten avMiddelhavet iHaifabukta. Han ligg kring 90 km nord forTel Aviv og er eit stort regionssenter i det nordlege Israel. To akademiske institusjonar,Universitetet i Haifa ogTechnion, ligg i Haifa, i tillegg til den største k-12-skulen i Israel. Byen spelar ei viktig rolle iisraelsk økonomi. Han er heimstaden tilMatam, ein av dei eldste og største høgteknologiparkane i landet.[6] Haifabukta er eit senter for tungindustri, petroleumsraffinering og kjemikalsk prosessering. Haifa var tidlegare den vestlege enden av eioljerøyrleidning frå Irak viaJordan.[7]
Det første namnet som er nemnt for ein busetnad innafor dagens Haifa var ein by kallaSycaminum.[8]Tel Shikmona[9] med den hebraiske tydinga «fikenhaugen» (arabiskTell el-Semak ellerTell es-Samak, som tyder «fiskehaugen») bevarte og omforma det gamle namnet og dette er nemnt iMishnah (skriven kring 200 evt.)[9]
NamnetEfa dukka først opp under styret til romarane, ein gong på 100-talet evt, då ei romersk festning og ein liten jødisk busetnad vart grunnlagd ikkje langt frå Tell es-Samak.[8][9] Haifa er òg nemnt meir enn 100 gonger iTalmud, ei sentral bok ijødedomen.[9]
Hefa ellerHepha iOnomasticon (Onom. 108, 31) avEusebius av Caesarea på 300-talet, er sagt å vere eit anna namn forSycaminus.[10] Dette vert forklart av Moshe Sharon som skriv om to busetnader, som han kallaHaifa-Sycaminon, som gradvis voks inn i kvarandre, og vart ein tvilling by som på gresk vart kallaSycaminon ellerSycaminos Polis.[9]
På 500-talet erPorphyreon ellerPorphyrea nemnt i skriveria tilVilhelm av Tyr, og sjølv om han låg i området som i dag er dekt av moderne Haifa, var det ein busetnad som låg sør for Haifa-Sycaminon.[5][9]
Etter den arabiske erobringa på 600-talet, vart namnetHaifa nytta om ein stad på Tell es-Samak der ruinane avSycaminon (Shiqmona) då låg.[9]Haifa (ellerHaifah) er nemnt på midten av 1000-talet av den persiske historikarenNasir Khusraw, og på 1100- og 1200-talet av dei arabiske historikaraneMuhammad al-Idrisi ogYaqut al-Hamawi.[11]
Krossfararane, som erobra Haifa for ein kort periode på 1100-talet, kalla hanKaifas,[8] og namnet er trudd å vere knytt tilKefas, det greske namnet påSimon Peter.[12] Eusebius er sagt å ha referert tilHefa somCaiaphas civitas,[13] ogBenjamin av Tudela, ein jødisk reisande og historikar på 1100-talet, skreiv at byen vart grunnlagd avKaiafas, den jødiske høgstepresten dåJesus levde.[12]
Andre stavingar har voreCaipha,Kaipha,Caiffa,Kaiffa ogKhaifa.[14]
Haifa al-'Atiqa (arabisk «Gamle Haifa») er eit anna namn nytta av lokale omTell es-Samak, sidan det var her Haifa låg då han var ei grend med 250 innbyggjarar, før han vart flytta i 1764-5 til ein ny festningsforsterka stad grunnlagd avDaher el-Omar 2 km mot aust.[15] Den nye landsbyen, som dannar kjernen i det moderne Haifa, heitte opphavlegal-imara al-jadida (arabisk for «det nye byggverket»), men lokale kalla hanHaifa al-Jadida (arabisk «Nye Haifa») først og sidan berreHaifa.[2] Tidleg på 1900-talet vartHaifa al 'Atiqa folkesett på ny av hovudsaklegarabiske kristne, etter kvart som Haifa utvida seg ut frå det nye senteret.[16]
Det endelege opphavet til namnetHaifa er framleis uklårt. Ein teori er at det kjem frå namnet til høgstepresten Kaifas. Somme kristne meiner han vart kalla opp etterSt. Peter, som påarameisk heiterKeifah.[17] Ein annan teori er at det kan kome frå denhebraiske verbrota חפה (hafa), som tyder dekke eller verne, t.d. slik Karmelberget dekkjer Haifa;[17] medan andre peikar på eit mogeleg opphav i det hebraiske ordet חוֹף (hof), som tyderkyst, eller חוֹף יָפֶה (hof yafe), som tydervakker kyst.[17][18]
Ein liten hamneby som i dag vert kallaTell Abu Hawam vart grunnlagd seint ibronsealderen (1300-talet fvt.).[5] På 500-talet fvt. skreiv den greske geografenSkylax at byen låg mellom bukta og Zevsneset (Karmel), som kan ha vore ein referanse tilShikmona, ein stad i Haifaområdet, underpersarane.[5] Ihellenistisk tid hadde byen blitt flytta til ein ny stad lenger sør som i dag vert kallaBat Galim, fordi hamna var blitt blokkert av sand.[5] Kring 200-talet evt. vart byen først nemnt iTalmud-litteratur, som ein jødisk fiskelandsby og heimstaden til rabbienAvdimi og andre jødiske lærde.[5][19] Ein gresktalande folkesetnad budde langs kysten på denne tida og dreiv med handel.[20]
Haifa låg nær byenShikmona, som var eit senter for produksjon av den tradisjonelleTekhelet-fargen som vart nytta i kleda til øvsteprestane i Tempelet. Den arkeologiske staden Shikmona ligg sørvest for Bat Galim.[21] Karmelberget ogKishonelva er òg nemnde i Bibelen.[22][23] Ei grotte på toppen av Karmelberget vert kalla Eliasgrotta, og er tradisjonelt knytt tilprofeten Elias og læresveinen hans Elisa.[22] På arabisk heiter den høgaste toppen på KarmelbergetMuhraka, eller «den brennande staden», og syner attende til ofringane som vart brend her i kanaanittisk og tidleg israelittisk tid.[24]
Ein trur den tidlege Haifa dekte området der Rambam sjukehus og den jødiske gravlunden på Yafo-gata ligg i dag.[25] Innbyggjarane levde av fiske og jordbruk.[25]
Underaustromersk styre heldt Haifa fram å vokse, men var ikkje ein viktig stad.[26] Etter den arabiske erobringa av Palestina i 630- og 640-åra, vart Haifa i stor grad oversett til fordel for hamnebyenAkko.[2] UnderRashidun-kalifatet byrja Haifa å bløme. På 800-talet underOmajjade- ogAbbaside-kalifatet oppretta Haifa handelssamband medegyptiske hamnebyar og byen hadde fleire skipsverft. Innbyggjarane, som vararabarar ogjødar, dreiv med handel. Glassproduksjon og fargemaking frå havskjel var den mest lukrative industrien i byen.[27]
Velstanden enda i 1100, då Haifa vart kringsett og utsett for ein blokade avkrossfararane og så erobra etter ein hard kamp mot dei jødiske og muslimske innbyggjarane.[28] Under krossfarane vart Haifa redusert til ein liten fiske- og jordbrukslandsby.[treng kjelde] Han var ein del avFyrstedømet Galilea iKongedømet Jerusalem. Etter sigerenslaget ved Hattin erobraajjubidehæren tilSaladin Haifa i midten av juli 1187.[29] Krossfararane underRichard Løvehjarte tok attende Haifa i 1191.[30]Karmelittane grunnla ei kyrkj på Karmelfjellet på 1100-talet.[31] Under muslimsk styre vart bygningen omgjort til ein moské, og seinare eit hospital. På 1800-talet vart det restaurert til eit karmelittkloster over ei grotte knytt til profetenElias.[32]
Krossfararborga i byen vart øydelagd i 1187 avSaladin.[5] I 1265kapra armeen til themamelukkenBaibars Haifa og øydela festningsverka, som var bygd opp att av kongLudvig IX av Frankrike, i tillegg til dei fleste husa, for å hindre at dei europeiske krossfararane kom attende.[33] Gjennom det meste av styret til mamelukkane frå 1200- til 1500-talet, var byen i ruinar.[treng kjelde] Ein har lite informasjon om byen i denne tida.[treng kjelde] På 1300-talet, under mamelukkane, skreival-Idrisi at Haifa tente som hamna tilTiberias og hadde ei fin hamn med ankerplass for galeiar og andre fartøy.[11]
I 1596 var Haifa oppført i osmanske skattelister som ein del av Sahil Atlitnahiya i Lajjunliwa. Han hadde då 32 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliven og geiter eller bikubar.[34]
Haifa var ei grend på 250 innbyggjarar i 1764-1765. Han låg vedTell el-Semak, der Sycaminum hadde lege i antikken.[15][35] I 1761 flyttaDaher el-Omar, denarabiske herskaren iAkko ogGalilea, folkesetnaden til ein ny festningsforsterka stad, 2 km mot aust, og la den gamle staden aude.[15][36] Dette var starte på den moderne byen og den plasseringa som byen har i dag.[15] Etter al-Omar døydde i 1775 vart byen verande underosmansk styre fram til 1918, med unntak av to korte periodar.
I 1799 erobraNapoleon Bonaparte Haifa under det mislukka forsøket hans på å erobre Palestina ogSyria, men måtte raskt trekkje seg attende. Då han trekte seg ut raserte han festningsverka i «Kaïffa» (som namnet vart skriven på den tida) i lag med festningsverka iGaza,Jaffa ogAkko.
Mellom 1831 og 1840 styrte denegyptiske statthaldarenMuhammad Ali Haifa, etter sonen hansIbrahim Pasha hadde rive til seg kontrollen frå osmanarane.[37][38] Då den egyptiske okkupasjonen enda ogAkko vart mindre viktig, blømde Haifa.
Då dei tyske tempelriddarane kom til byen i 1868, slo dei seg ned i det som vart kallaDen tyske kolonien i Haifa, og dette vart eit vendepunkt i utviklinga til Haifa.[38] Dei bygde og dreiv eit dampbasertkraftverk, starta fabrikkar og transporttenester til Akko,Nasaret ogTiberias, og spelte ei viktig rolle i moderniseringa av byen.[39]
Dei første europeiske jødane kom til byen mot slutten av 1800-talet fråRomania. Central Jewish Colonisation Society i Romania kjøpte over 4 kvadratkilometer land nær Haifa. Sidan dei jødiske nybyggjarane hadde budd i byar, leigde dei inn tidlegare fellahin-forpaktarar for å lære dei jordbruk.[40]
I 1909 vart Haifa viktig forBahá'í-trua då leivningane tilBáb, som grunnla Bábí-trua og forløparen tilBahá'u'lláh i bahai-trua, vart flytta fråAkko til Haifa oglagt i eit skrin påKarmelberget. Bahaitruande reknar heilagdomen som den nest heilagaste staden på joda etterBahá'u'lláh-heilagdomen iAkko. Den nøyaktige plasseringa på Karmelberget vart synt av Bahá'u'lláh sjølv for den eldste songen hans,`Abdu'l-Bahá, i 1891. `Abdu'l-Bahá planla byggverket, som vart teikna og bygd ferdig fleire år seinare av barnebarnet,Shoghi Effendi. I eit separat rom, vartleivningane til `Abdu'l-Bahá gravlagd i november 1921.[41]
Haifa vart erobra frå osmanarane i september 1918 av indiske ryttarar i den britiske hæren, etter å overrumpla osmanske stillingar væpna med spyd og sverd.[42] Den 22. september var britiske troppar på veg til Nasaret då rapportar kom inn om at tyrkarane var på veg bort frå Haifa. Britiane førebudde seg på å gå inn i byen og kom under eld i bydelenBalad al-Sheikh (i dagNesher). Etter at britane omgrupperte seg, vart indiske elitesoldatar til hest sendte inn for å angripe dei tyrkiske stillingane på flankane og køyre over artillerikanonane på Karmelberget.[42]
Underdet britiske mandatet vart Haifa ein industri-hamneby.[43][38] Dei neste få tiåra auka talet på jødar i byen stadig, særleg på grunn avimmigrasjon frå Europa. Den arabiske immigrasjonen auka òg, hovudsakleg frå landsbyane rundt Haifa og frå syriskeHauran.[44] Den arabiske immigrasjonen skjedde på grunn av fall i prisar og løn.[44] Mellom folketeljingane i 1922 og 1931, auka talet på muslimar, jødar og kristne høvesvis med 217 %, 256 % og 156 %.[45]
Haifa oljeraffineri
Mykje av utviklinga til Haifa kom som følgje av dei britiske planane om å bruke byen som den sentrale hamna for utskiping av råolje frå Midtausten. Det britiske styret i Palestina utvikla hamna og bygde raffineri og byen voks raskt som eit senter for tungindustri i landet. Haifa var av dei første byane som vart heilt elektrifisert. Palestine Electric Company starta opp Haifa elektriske kraftstasjon alt i 1925 og opna døra for omfattande industrialisering.[46] Det statlege Palestine Railways bygde òg hovudverkstada sine i Haifa.
I 1945 hadde folkesetnaden endra seg til 33 % muslimar, 20 % kristne og 47 % jødar.[47][48] I 1947, budde kring 70 910 arabarar (41 000 muslimar, 29 910 kristne) og 74 230 jødar i byen.[49] Det kristne samfunnet var hovudsakleggresk-melkittiske katolikkar.
Delingsplanen til SN for Palestina frå 1947 plasserte Haifa i det som var den føreslått jødiske staten. Den 30. desember 1947 kasta medlemmar avIrgun, ein jødisk undergrunnsmilits, bomber mot ei gruppearabarar utafor portane til eit raffineri i Haifa, og tok livet av seks medan 42 vart skadde. Som svar tok arabiske tilsette i selskapet livet av 39 jødiske tilsette i det som vart kallaHaifa oljeraffineri-massakren.[treng kjelde] Den jødiskeHaganah-militsen tok hemn med eit raid mot den arabiske landsbyenBalad al-Shaykh, der mange av dei arabiske arbeidarane på raffineriet budde. Dette er blitt kallaBalad al-Shaykh-massakren.[50] Å få kontroll over Haifa var kritisk underden arabisk-israelske krigen, sidan han var eit stort industrisenter og oljehamna iPalestinamandatet.[treng kjelde]
Det vart sett ut britiske styrkar i Haifa den 21. april 1948, men dei trekte seg attende frå det meste av byen, medan dei heldt kontroll over hamna. To dagar seinare vart sentrum, som var kontrollert av ein kombinasjon av lokale og utanlandske, arabiske, irregulære soldatar angripne avjødiske styrkar ioperasjon Bi'ur Hametz, avCarmeli-brigaden tilHaganah, kommandert avMoshe Carmel.[treng kjelde] Operasjonen førte til ei massiv forflytting av den arabiske folkesetnaden i Haifa. I følgjeThe Economist var berre 5 000–6 000 av 62 000 arabarar att i byen den 2. oktober 1948.[51]
Arabarane drog frå Haifa i ein kombinasjon av trugslar frå sionistane og oppfordring frå dei arabiske leiarane.[52][53][54]Shabtai Levy, borgarmeisteren i byen, og somme andre jødiske leiarar, bad arabarane bli verande, medan andre jødar ønskte dei bort.[55]I følgje britiske kjelder vart rundt 100 arabarar drepne og 100 skadde under kampane 22. og 23. april.[56]
Etter sjølvstendet til Israel den 14. mai 1948, vart Haifa inngangsporten for jødisk immigrasjon til Israel. Underden israelsk-arabiske krigen i 1948 var det kampar i bydelane i Haifa. Etter krigen slo jødiske immigrantar seg ned i nye bydelar, somKiryat Hayim, Ramot Remez, Ramat Shaul, Kiryat Sprinzak ogKiryat Eliezer. Bnei Zion sjukehus (tidlegareRothschild sjukenhus) og Den sentrale synagoga iHadar Hacarmel er frå denne perioden. I 1953 vart det lagt ein disposisjonsplan for samferdsle og framtidig byplan.[57]
Tel Aviv voks i status, medan Haifa leid i rolla som regionshovudstad. DåAshdod fekk ny hamn vart tilhøva verre for Haifa. Turismen minka då det israelske turistdepartementet la vekt påTiberias som turistsenter.[59]
Folketalet til Haifa hadde auka til 200 000 tidleg i 1970-åra og masseimmigrasjon frå det tidlegareSovjetunionen gav ytterlegare 35 000 innbyggjarar.[38]
Mange av dei historiske, osmanske bygningane i Wadi Salib er no øydelagde og i 1990-åra vart ein stor del av Gamlebyen øydelagd for å gje plass til eit nytt kommunesenter.[38][58]
Frå 1999 til 2003 var det fleire palestinske sjølvmordsåtak i Haifa, som i alt tok livet av 68 sivile.
I 2006 vart Haifa råka av 93Hizbollah-rakettar underden andre Libanonkrigen, og 11 sivile mista livet, medan halve folkesetnaden hamna på flukt ei veke ut i krigen.[60] Blant stadane som vart råka var ein jernbanestasjon og eit oljeraffineri.[61][62]
Mellom 1994 og 2009 gjekk folketalet i byen ned, medan den gjennomsnittlege alderen auka samanlikna medTel Aviv ogJerusalem, då dei yngre innbyggjarane flytta til andre stader i landet for utdanning og jobb. Med nye prosjekt og betre infrastruktur har byen klart å snu trenden og gjort byen meir attraktiv å leve i. 2009 var det første året på 15 år med folkeauke i byen.[67][68]
Folkesetnaden består av 82 % jødar, kring 4 % muslimar (mangeahmadiar[69]) og nesten 14 % er kristne (både arabarar og ikkje-arabarar).[68] Haifa har òg samfunn meddrusarar ogbahá'íar.
Haifa har eit varmtmiddelhavsklima (Köppen si klimaklassifisering:Csa) med varme, tørre somrar, og kjølige, regnfulle vintrar.[73] Våren kjem i mars når temperaturane aukar. I mai er det sommartemperaturar. Middeltemperaturen om sommaren er 26 °C og om vinteren 12 °C. Det er sjeldan snø i Haifa, men temperaturane kan stundom komme ned mot 3 °C, vanlegvis tidleg om morgonen. Fukta er generelt høg året rundt og regn er mest vanleg mellom september og mai. Årsmiddelnedbøren er 629 mm.
Eit vanleg israelsk ordtak er «Haifa arbeider, Jerusalem bed og Tel Aviv leiker» og syner statusen Haifa har som arbeidar- og industriby.[75] Industriområdet i Haifa ligg aust i byen, kringKishon. Her liggHaifa oljeraffineri, ein av tooljeraffineri i Israel (det andre ligg iAshdod). Haifa raffineri handsamar 9 million tonn (66 millionar fat)råolje i året.[76][77] Dei no to ubrukte, 80 meter høgekjøletårna, bygd i 1930-åra, var dei høgaste bygningane som vart bygd under det britiske mandatet.[78]
Hamna i Haifa er den største passasjerhamna i Israel og tek òg i mot store mengder frakt, sjølv om hamna iAshdod har teke meir enn meir.[80]
Av kjøpesenter i Haifa finn ein Hutsot Hamifratz, Horev Center Mall, Panorama Center, Castra Center, Colony Center (Lev HaMoshava), Hanevi'im, Kanyon Haifa,Lev Hamifratz Mall ogGrand Kanyon.[81]
I 2005 var det 13 hotell i Haifa med i alt 1 462 rom.[82] Byen har ei 17 km lang kystlinje, og av dette er 5 km strender.[83] Det største turistmålet i Haifa erBahá'í verdssenter, medheilagdomen til Báb, som har ein gullfarga kuppel og hagar rundt. Mellom 2005 og 2006 vitja 86 037 menneske heilagdomen.[82] I 2008 fekk Bahá'í-hagane status somverdsarvstad.[4][84][85] Den restaurete Tyske kolonien,Stella Maris-klosteret og Eliasgrotta trekkjer òg til seg mange grotter.[86]
I 2007 bad Haifa kommune om å få byggje fleire hotell og opne eit båtsamband mellom Haifa,Akko ogCaesarea, og utvikle den vestlege delen av hamna til eit fritids- og underhaldningsområde, i tillegg til å utvide den lokale flyplassen og gjere hamna tilgjengeleg forcruiseskip.[89]
Haifa og forstadane iKrayot har òg eit nytt hurtigbussystem kallaMetronit. Desse bussane er hybridbussar som følgjer lysstriper i eigne felt på vegane, og funger som ein slags trikk. Metronit-systemet består av 100 18 meter lange bussar som kvar kan ta 150 passasjerar, og køyrer lange 40 km lange ruter.[91][92] Dette systemet opna offisielt den 16. august 2013 med tre linjer.
Haifa er ein av få byar i Israel der bussane køyrer påsjabbat.[93]
Undergrunnsbanen i Haifa heiterCarmelit. Det er ein tunnelbane som går frå sentrum til Gan HaEm (Morparken) påKarmelberget.[94] Han har berre ei linje med seks stasjonar og to tog, og er oppført iGuinness rekordbok som den kortsate undergrunnsbanen i verda.
Haifa har einkabelvogn, ein gondolbane med seks vogner som går fråBat Galim på kysten til utkikkspunktet vedStella Maris og klosteret på toppen avKarmelberget. Denne tener hovudsakleg turistar.[95]
Haifa flyplass har innanriksruter tilTel Aviv ogEilat, i tillegg til internasjonale charterruter tilKypros,Hellas ogJordan. Flyselskapa som driv rutene frå Haifa er Arkia og Israir.
Dei to største fotballklubbane i byen erMaccabi Haifa ogHapoel Haifa, som begge spelar i den øvste divisjonen i Israel og deler Sammy Ofer stadion som heimebane. Maccabi har vunne tolv israelske meisterskap, medan Hapoel har vunne eitt. Byen har òg fleire lag i lågare divisjonar.
↑17,017,117,2Carmel, Alex (2002).The Historie of Haifa Under Turkish Rule (på hebraisk) (4th utg.). Haifa: Pardes. s. 14.ISBN965-7171-05-9.
↑Hanah Amit-Kokhavi (2006). «Haifa—sea and mountain, Arab past and Jewish present, as reflected by four writers».Israel Studies2: 142–167.doi:10.1353/is.2006.0025.
↑Grabois, Aryeh (March 1985). Shiller, Eli; Ben-Artzi, Yossi, red. «Haifa and Its Settlement i Middle Ages».Ariel: Haifa and Its Sites (på hebraisk) (37-39): 48–49.
↑Carmel, Alex (2002).The Historie of Haifa Under Turkish Rule (på hebraisk) (4th utg.). Haifa: Pardes. s. 17.ISBN965-7171-05-9.
↑Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977).Historical Geography of Palestine, Transjordan and Southern Syria i Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 158.
↑Google Books. Books.google.com. Henta 1. april 2015.
↑44,044,1Reinhard Schulze.A modern history of the Islamic world. s. 98.
↑J. B. Barron, red. (1923).Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table XI.;E. Mills, red. (1932).Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas. Jerusalem: Government of Palestine. s. 91.
↑Shamir, Ronen (2013) Current Flow: The Electrification of Palestine. Stanford: Stanford University Press
↑Pappé, Ilan (1992).The Making of the Arab Israeli Conflict 1947-1951. I B Tauris, p.72ISBN 1-85043-819-6
↑Morris, Benny (2001). "Revisiting the Palestinian exodus of 1948," iThe War for Palestine: Rewriting the Historie of 1948 (pp. 37-59). Cambridge:Cambridge University Press.ISBN 0-521-79476-5
↑Pappe, Ilan.The Ethnic Cleansing of Palestine, p. 96, citing Zadok Eshel, "The Carmeli Brigade i War of Independence", p. 147.
↑Pappe, Ilan.The Ethnic Cleansing of Palestine, p. 95
↑Morris, Benny (1987), "The birth of the palestinske refugee problem, 1947-1949". Cambridge University Press.ISBN 0-521-33028-9. Page 315. Quoting CP v/4/102, Stockwell Report.
↑Faier, Elizabeth (2005)Organizations, Gender, and the Culture of palestinske Activism in Haifa, Israel: fieldwork and palestinskes i Israel New venues: nongovernmental organizations and social change Activism: support, conflict, and ideas Two tales of a city: history, space, and identity Honor, land, and protest ... Routledge,ISBN 0-415-94951-3
↑«Demography»(PDF). Haifa Municipality. Arkivert fråoriginalen(PDF) 1. april 2015. Henta 1. april 2015.
↑Data based on Ben-Arieh “Population of the Towns”, as reproduced in Ben-Arieh Jerusalem page 466
↑68,068,1«Is Haifa Ageing?».Central Bureau of Statistics, Statistical Abstract of Israel, no. 56, 2005. urbaneconomics.blogspot.com. 6 December 2006. Henta 1. april 2015.
↑There are about 2 200 Ahmadis in Kababir of the 4% (under 11 000) Muslims: