Haguenau (tyskHagenau) er ein by ogkommune nordaust iFrankrike. Han ersous-préfecture (underprefektur) idepartementetBas-Rhin iregionenAlsace, og har om lag 30 000 innbyggjarar.
Han er den fjerde største byen i Alsace, og den nest største i Bas-Rhin etterStrasbourg, som ligg 30 km lenger sør. I nord liggForêt de Haguenau den største samanhengande skogen i Frankrike.
Haguenau har ei historie som går tilbake til1100-talet, og oppstod då hertugane iSchwaben bygde ei jakthytte på ei øy i den litle elva Moder. KeisarFredrik Barbarossa lagde bymurar rundt byen og gav han byrettar i1154. På staden der jakthytta låg bygde han eit keisarpalass, der Kronjuvelane tilDet tysk-romerske riket vart halde (Juvelbesatt keisarkrone, septer, keisarkule og sverdet tilKarl den store)
Etter kvart vart Haguenau sete iLandvogt av Hagenau, keisarleg advocatus iUnterelsaß.Richard av Cornwall gjorde byen til einkeisarby i1257. På 1300-talet husa han magistratet iDecapole, ein forsvarssameining av ti byar i Alsace mot den politiske ustabiliteten i områda rundt. Medfreden i Westfalen i1648 vart byen ein del av Frankrike, og i 1673 reiv KongLouis XIV ned festningsverka i byen. Haguenau vart erobra av tyske troppar i 1675, men gjenerobra av Frankrike to år seinare. Byen vart derimot nesten totalt øydelagd av ein brann i prosessen.
I 1871 vart Haguenau annektert av Tyskland og gjort til ein del avAlsace-Lorraine somHagenau. Han vart gjeven tilbake til Frankrike etterden første verdskrigen.