Ei side fråVita Sancti Martini av Sulpicius Severus
Hagiografi (frågreskhagios oggrafein, «å skriva om heilage»)[1] erbiografiar avhelgenar (heilage person) eller kyrkjeleiarar. Dessekristne skriftene er studiet av helgenar med fokus på livet til enkeltpersonar ogmirakla deira. Studiet av helgenar som fenomen, utan fokus på dei enkelte helgenane, blir kallahagiologi. Hagiografi kan òg visa til skriftene som resulterer frå studiet, som har utvikla seg som ein eigen litterær sjanger. Sjangeren varideologisk viktig forden katolske kyrkja,den ortodokse kyrkja,den anglikanske kyrkja, deiorientalsk-ortodokse kyrkjer, og kyrkjene i aust. Andre religionar sombuddhisme,[2]hinduisme,[3]islam ogsikhisme har òg framstilt og halde oppe hagiografiske tekstar (somJanamsakhis i sikhismen) som handlar om helgenar,guruar og andre enkeltpersonar som ein meiner var fylte med ei form for heilag makt.
I dei fyrste hundreåra til den kristne kyrkja utvikla hagiografien seg til å bli ein viktig litterær sjanger. Han kombinerer historisk informasjon, som er interessant for akademikarar, med historier og legender som er inspirerande og dermed interessante for eit mykje breiare publikum. Dei fyrste skriftene varmartyrium, som skildra døden til einmartyr. Seinare, og særleg etter at dei store forfølgingane ebba ut, byrja ein å fokusera på livet til helgenen meir enn døden hans, og dette kunne bli skildra i eitvita («liv»).
Imellomalderen var hagiografi eit viktig særstudium innan bådehistorie ogreligion, og kunne ofte innehalda verdifulle nedteikningar av lokal historie og institusjonar. Dei kunne vera dokumentasjon på folkelege og populærekultar, skikkar og tradisjonar.[4] Samtidig var hagiografi eit ideologisk verk som i stor grad ikkje var knytt til historiske kjensgjerningar. Fleire helgenbiografiar blei skrivne fleire hundreår etter at den påstått helgenen var død, og forfattarane tok seg store fridommar for å dikta inn kva ein ikkje visste. I mange tilfelle tenderte helgenbiografiane til å skriva av kvarandre, og der den eine helgenbiografien til forveksling var lik den andre, og den historiske verdien av desse forteljingane er minimale. I moderne tid kan omgrepet hagiografi bli nytta nedsettande om eit biografiar og forteljingar kvar forfattarane er ukritiske eller servile til emnet sitt. Delvis som ein reaksjon på dette finst det i dag hagiografiske miljøetbollandistene, oppkalla etter Jean Bolland, eitvitskapleg selskap iBelgia (Société des Bollandistes) som utgirActa Sanctorum, ein særs omfattande, kjeldekritisk katalog over helgenar og livet deira.[5]
↑Augustine, Jonathan (2012):Buddhist Hagiography in Early Japan, Routledge,ISBN 978-0415646291
↑Lorenzen, David (2006):Who Invented Hinduism?, Yoda Press,ISBN 978-8190227261, s. 120-121
↑Davies, S. (2008):Archive and manuscripts: contents and use: using the sources, 3. utg. Aberystwyth, UK: Department of Information Studies, Aberystwyth University,ISBN 978-1-906214-15-9, s. 5.20