Hagen i Eden (hebraisk גַּן עֵדֶן, Gan ʿEdhen) er ein sælhage som ifølge den jødiske og kristneskapingsforteljinga blei skapt av Gud for dei første menneska,Adam og Eva. Han er særleg skildra iFørste Mosebok.[1] Forteljinga om hagen endar med at Adam og Eva et av kunnskapstret midt i hagen, og blir forviste derfrå.[2]
Staden blir også likna med eit komandeParadis eller eit «nytt Israel» i seinare tekstar.[3] Innan islam blir paradiset ein kan oppnå etter døden kallaJannat ‘Adn (جنة عدن), 'Hagen i Eden' eller berreJannah, 'Hagen'.[4]Rabbanittisk jødedom skil derimot mellom eit jordisk og eit himmelsk eden.[5] I kristen teologi ersyndefallet ein sentral del av forteljinga om hagen i Eden.[6]
Opphavet til namnet «Eden» er omstridd. Ei truleg forklaring er at det kjem fråsemittisk ˁdn som tyder 'grøderik' eller 'velvatna'. Namnet liknar også nyare hebraiske ord som tyder 'ynde, vellyst'. Ei anna forklaring er at det stammar fråakkadiskedinnu som tyder 'slette'.[7]
Herren Gud planta i gammal tid ein hage i Eden. Der sette han mennesket han hadde forma. Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp av jorda, forlokkande å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og treet til kunnskap om godt og vondt
Første Mosebok fortel at Gud skapte ein fruktbar hage til menneskja og sette dei til å dyrka og passa han. Dei blei formante om å ikkje etafrukt av kunnskapstreet som stod midt i hagen. Den listige slangen lokkar likevel kvinna til å eta frukta, slik at ho kan «bli som Gud og kjenna godt og vondt.» Eva gav vidare frukt til Adam. Frukta gjorde at dei forstod at dei varnakne, og dei kledde seg medfikenblad.[2]
Gud oppdaga at Adam og Eva hadde ete av treet. Slangen og menneska blei forbanna, og Adam og Eva blei forviste. Hagen i Eden oglivsens tre blei sett vakt over avkjerubar med flammandesverd.[2]
Det er gjort fleire forsøk på å plassera hagen i Eden geografisk. I Første Mosebok blir det fortald at elva som gjev vatn til hagen deler seg i fire: Pisjon, Gihon, Hiddekel og Eufrat. Pisjon er ofte blitt identifisert medNilen, menJosefus meinte elva varGanges. Gihon er ofte blitt tolka somKarkheh ellerKarun, to elver som deler utløp med Eufrat og Tigris i Iran. Hiddekel erTigris, medanEufrat er kjend til våre dagar.