Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Gummi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gummistykke brukt til å reinska skrivemaskin.

Gummi er fleire elastiske eller klistrete stoff som kan koma frå plantar eller framstillast syntetisk. Dei høyrer til ei gruppe avpolymerar kjend somelastomerar.[1] Historisk har ein vunne ut ulike typar gummi av sekret frå plantar, somakasie,mjelt ellergummitre. Plantesaftalateks er opphavet tilnaturgummi,[2] som hovudsakleg er danna avpolyisopren.[3]Syntetisk gummi er polyisopren som er danna gjennompolymerisasjon avisopren.

Gummi arabicum
Samling av lateks frå eit gummitre.

Ordet «gummi» kjem frå latingummi ellercummi, avleidd frå greskkommi (κόμμι).[4][5] Gjennom tidene har ein brukt harde, vassløyselege gummitypar somgummi arabicum ogtragant til ulike føremål, som bindemiddel i farging og trykking, naturmedisin, tekstilstivar eller som stabilisator i næringsmiddel.

Naturleg lateks er blitt omdanna tilkautsjuk (rå naturgummi),chicle,balata ogguttaperka. Stoffet kan brukast ilim,måling,sparkelmasse, til impregnering og belegging av papir og tekstilar og til produkt som klede, til dømesbadehetter,hanskar ogvåtdrakter,kondom,kateter,ballongar ogdekk.[2]Syntetisk lateks og syntetisk gummi har liknande eigenskapar som naturgummi, og kan brukast til dei same føremåla.[1]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,1Ore, Sven (24. juli 2020).«gummi».Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. 2,02,1Ore, Sven; Helseth, Lars Egil (27. september 2018).«lateks».Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. «polyisoprener».Store norske leksikon (på norsk bokmål). 28. september 2014. 
  4. «gummi» iNynorskordboka.
  5. «gum, n.2».Oxford English Dictionary (3. utg.). Oxford University Press. September 2005.  (Krev abonnement ellermedlemskap i britisk offentleg bibliotek.)
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Gummi&oldid=3298491»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp