Santiago de Guayaquil, eller berreGuayaquil, er den folkerikastebyen iEcuador, finanssenteret, senter forfiskeri og foredlingsindustri og viktigastehamnebyen i landet. Byen ligg ved vestsida avGuayaselva, der ho renn ned iGuayaquilbukta iStillehavet. Guayaquil ligg på 2.21°S 79.90°W, kring 250 km sørsørvest for hovudstaden i Ecuador,Quito. Etter siste folketeljing i 2014 var folkesetnaden 2560505.
Guayaquil er òghovudstad i den ecuadorianske provinsenGuayas, sete for eitcantón med same namn og sete for eitkatolskerkebispedømme med same namn.
Før spanjolane kom til Ecuador budde det innfødde i ein landsby der Guayaquil ligg. Det er usemje både om dato og årstal for skipinga og om kven som «skipa» den nye koloniserteMuy Noble y Muy Leal Ciudad de Santiago de Guayaquil. I vår tid feirar byen etableringa av byen den25. juli. Årstalet for skipinga kan vere frå 1535 til 1538, byen kan ha vore teken tilbake av indianarar før han til sist vart grunnlagt som ein spansk koloniby i Quitoprovinsen. Folkesetnaden voks frå ca. 2000 menneske i år 1600 til over 10000 i 1700. I 1687 kom meir enn 260 engelske og franskepiratar, plyndra Guayaquil, og Quito måtte betale løysepengar for å frigjere gislar og for å kome ut av trugsmålet frå piratane om å brenne Guayaquil. Eit nytt overfall kom i 1709, men denne gongen flykta dei engelske piratane frågulfeber utan å ta med seg hærfang.
Den 19. oktober 1820 erklærte Guayaquil sjølvstende fråSpania. Utan å spille mykjeblod tok ei gruppe sivilistar leidd avJosé Joaquín de Olmedo kontroll over byen. Dei overmanna motstanden frå rojalistiske styrkar og arresterte dei spanske autoritetspersonane.Kuppet skjedde med stønad frå soldatar fråGranaderos de Reserva, einperuansk bataljon innkvartert i Guayaquil.
Den 26. juli 1822 heldtJosé de San Martín ogSimón Bolívar ein berømt konferanse i Guayaquil for å planlegge søramerikansk sjølvstende frå Spania.
Flyfoto av Guayaquil frå 2010.
Foto: Sascha Grabow
Guayaquil vart ramma av ein brann i 1896 som øydela store delar av byen.
Byen har store slumområde med fattigdomsproblem i form av mangel på offentlegehelsetenester og skoletilbod, infrastruktur for vatn, avlaup og elektrisitet. På slutten av 1990-talet starta Nebot eit byggeprosjekt i byen for å gjere han meir tiltrekkjande for turistar. Eit av prosjekta vart kallaMalecón 2000, ein renovasjon av hamnepromenaden langs Guayaselva i år 2000. Eit anna prosjekt er opprettinga avNuevo Parque Histórico, ein park i eit nytt bustadutviklingsområde som er kallaEntre Ríos fordi han ligg mellom dei to elvene Guayas og Daule i eitmangrovevåtmarksområde. Parken kosta byen omkring sju millionar dollar. Parken er ein fristad for dyreliv og eit område for å ta vare på historiskarkitektur. Han har også eit utstillingsområde for tradisjon oghistorie. Det var den ecuadorianske sentralbanken som kom fram til idéen i 1982 som ein del av deira program for berging av arkitekturen.
Dei fleste bygg i sentrum av Guayaquil har ein mykje nyttig og attraktiv eigenskap -soportales, kolonnar av arkadar som gjev fotgjengarar vern imot det ecuadorianske solskinet og motskybrot.
Flyplassen i byen har namn etter frigjeringsleiarenSimón Bolívar.
Mykje av romanenGalapagos avKurt Vonnegut går føre seg i Guayaquil. Romanen inneheld ein viktig faktafeil: Vonnegut påstår at Guayaquil er fullstendig romersk-katolsk. Eigentleg er folkesetnaden i byen først og fremst katolsk, men òg heimstad for mange trusretningar og religionar.Katedralen San Pedro ermoderkyrkja forkatolisismen i bispedømmet. Det finst ogsåevangeliske kyrkjer, eianglikansk kyrkje, eitmormonartempel og ein jødisksynagoge. Andre trusretningar er representerte med andre bygg, ofte i samband medmisjonsverksemd.