Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Guangzhou

Koordinatar:23°7′44″N113°15′32″E / 23.12889°N 113.25889°E /23.12889; 113.25889
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guǎngzhōu
广州
Andre namnCanton, Kanton


Kantonesisk uttale:Mandarin-uttale:

Perleelva i Guangzhou.
Perleelva i Guangzhou.
Perleelva i Guangzhou.
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Guangdong
Geografi
Flatevidd7 248,86 km²
Flatevidd
 - By

7434,40 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2018)
   - folketettleik

14 904 400
  1390,1/km²
Koordinatar23°7′44″N113°15′32″E / 23.12889°N 113.25889°E /23.12889; 113.25889
Høgd over havet11 m
TidssoneUTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Postnummer510000
Telefon-retningsnummer20
BilnummerA
Heimeside:https://www.gz.gov.cn/
Nettstad:gz.gov.cn
Namnet Jiangsu medforenkla kinesisk skrift øvst og tradisjonell kinesisk nedst.Pinyin-forma er Guǎngzhōu;
Wade–Giles, Kuang³-chou¹

Guangzhou er ein av dei viktigaste av storbyane iKina. Guangzhou er hovudstad i provinsenGuangdong ved kysten motSørkinahavet. Provinsen omfattar eigentleg og dei særskilte administrative regionaneHongkong ogMacao.

Park i Guangzhou

Folketalet innanfor bygrensene var i 2004 omtrent 3 244 000, men heile storbyområdet har 6,66 millionar innbyggarar, noko som gjer det til det tredje folkerikaste i Kina.

Den økonomiske veksten i byen og i heile området på båe sider av munningen tilPerleelva heilt ned tilHongkong ogMacao har vore kraftig. Den økonomiske veksten i byen var til dømes 6,5 % i 2018.[2]Dei største eksportmessene i Kina finn stad i Guangzhou, éi om våren og éi om hausten.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Busettinga i området går tilbake til 800-talet fvt. UnderQin-dynastiet var Guangzhou hovudstad for prefekturetNanhai ('Sørhavet'). UnderHan-dynastiet var Guangzhou ei stund hovudstad i kongedømmetNanyue. Lenge vart Guangzhou kalla utgangspunktet for «havetssilkeveg». Byen hadde handelssamband med heile det sørasiatiske området, så langt vestover som tilIndia og Arabia.

Mellom 1757 og 1842 var Guangzhou den einaste handelshavna der utlendingar kunne få kontraktfesta tilgang til å etablere handelshus. Mellom andre Sverige og Danmark-Noreg etablerte slike hus. Det første svenske handelsskipet «Friedericus Rex Sueciae» kom første gonge til Guangzhou allereie i 1732.

Kultur

[endre |endre wikiteksten]

Guangzhou var tidlegare kjend som «Kanton» i Vesten, og dette har gjeve opphav til fleire nemningar: Det kinesiske språketkantonesisk som blir tala i området og er morsmål for rundt halvparten av innbyggjarane i byen,[3] ogkantonesisk mat, ein hovudretning innankinesisk matlaging som byen lenge var hovudsete for.

Styresmakter

[endre |endre wikiteksten]

Leiaren for lokalavdelinga avKinas kommunistparti er Zhang Shuofu, og borgarmeisteren er Wen Guohui (2020).

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «广州常住人口去年末超1490万». Arkivert fråoriginalen 16. februar 2019. Henta 16. mars 2019. 
  2. He Huifeng (15. januar 2019).«Guangzhou misses its growth target, as trade war and China’s economic slowdown begin to bite».South China Morning Post. Henta 8. oktober 2019. 
  3. Branigan, Tania (25. juli 2010).«Protesters gather in Guangzhou to protect Cantonese language».The Guardian (London). 
  • Denne artikkelen inneheld stoff frå«Guangzhou» fråWikipedia på engelsk, den 17. mars 2011.
  • Opphavleg omsett frå wikipedia på bokmål/riksmål, den 01.02.2007

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:Guangzhou
Spire
Dennegeografiartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Guangzhou&oldid=3251972»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp