Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Gresk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Græskt mål».
Gresk
Ελληνικά
KlassifiseringIndoeuropeisk
 Gresk
  Attisk
   Nygresk
Talarargrekarar
Bruk
Tala i Hellas
 Kypros
 Albania
 Egypt
 Italia
 Tyrkia
OmrådeBalkan
Gresktalande i alt15 millionar
Rangering74
SkriftsystemGresk
Offisiell status
Offisielt språk i Hellas
 Kypros
 EU
Normert av
Språkkodar
ISO 639-1el
ISO 639-2gre
ell
ISO 639-3ell
Wikipedia på gresk
Greske bokstavar på eit kar.

Gresk (gresk:Ελληνικά,IPA [e̞ˌliniˈka],Hellensk)er ei eiga grein avindoeuropeiske språk med ein dokumentert historie på 3 500 år, slik at det er det eldste kjente nolevande språket i den indoeuropeiske familien. I dag vert språket snakka av om lag 15 millionar menneske iHellas,Kypros,Bulgaria,Albania ogTyrkia. Det finst òg mangegreske immigrantsamfunn over heile verda, som til dømes iMelbourne iAustralia som har det tredje største urbane greske folkesetnaden i verda, etterAten ogThessaloníki.

Gresk har vorte skrive meddet greske alfabetet, som var det fyrste til å innførevokalar, sidan1000 f.v.t. i Hellas og sidan 400 f.v.t. på Kypros. Før dette vart det skrive medlinear B i Hellas ogkypriotisk stavingsskrift på Kypros.Gresk litteratur har ei historie på nærare 3000 år.

Målsoga

[endre |endre wikiteksten]

Gresk før antikken

[endre |endre wikiteksten]

Dei mykenske grekarane var dei fyrste gresktalande som kom til det greske fastlandet, kring2000 fvt. Dei breidde seg sidan til øyane omkring og vestkysten av Mellom-Asia. Dei ulike førgreske språka er med ei samnemning kalla egeisk. Mange ord er lånte inn i gresk frå egeisk, som ein enno ser i stadnamn (Korinthos, Athenê o.a.).

Den mykenske gresken (seinbronsealder) er den eldste gresken som me har skriftlege kjelder frå. Vitnemål har me berre i brotstykke, etter innskrifter på leirtavler frå utgravingar iKnossosKreta og iPýlosPeloponnes. Dei er skrivne med stavingsskrift, kallalinear B. Dei er tidfeste til kring1200 fvt. Kring1100 fvt. kom store omskifte i Hellas. I1150 fvt. vart den siste mykenske borga øydelagd. Sidan fylgde utvandringar og nedgangstid, kalladei mørke århundra (1150-750 fvt.), som er utan skriftlege kjelder.

Etterklassisk

[endre |endre wikiteksten]

Den hellenistiske tida (333-31 fvt) varar frå makedonarenAlexander den stores styring og fram til den fyrste romerske keisaren, Augustus (31 fvt-14 evt).Alexander den store skapa eit gresk storrike fråHellas tilAfghanistan. Då Alexander døydde, fall riket saman og kløyvde seg i ulike kongedøme der gresk vart styringsmålet. Med seg til dei nye busetjingane hadde grekarane sitt levevis og mål. Greskt vart eit verdsmål. På 300-talet voks eit einskapleg greskt mål fram som var bygt på det attiske målføret, men med nokre attiske særdrag utskifte. Dette vart kallakoiné (ἡ κοινὴ διάλεκτος), og er mellom anna detNytestamentet vart skrive på. Ei fylgje var at dei andre greske målføra måtte vika i skrift og tale, om ein ser bort frå dei litterære kunstmåla.

Keisartida (31 fvt-600 evt). I tida 200-167 fvt hadde romarane lagt under seg det meste av den kjende verda, og etter sjøslaget vedActium i31 fvtOctavianus (sidanAugustus) slårAntonius ogKleopatra, var det eit endemål for romersk framtrenging i aust. I 30 fvt legg Roma under seg Egypt, og Antonius og Kleopatra tek livet sitt. Endå dei greske områda kom under romersk styring, heldt gresk fram med å vera styringsmålet i den austlege delen av det romerske riket.

Dei greske målføra

[endre |endre wikiteksten]

har desse hovudgreinene:

  • Jonisk
  • Aiolisk
  • Arkadokypriotisk
  • Vestgresk

Joniske målføre (attisk og aust-jonisk).

Aioliske målføre.

Arkadokypriotiske målføre.

Vestgreske målføre (dorisk og nordvestgresk).

Kunstmål:

Skriftteikn

[endre |endre wikiteksten]

Det greske alfabetet voks fram iHellas mellom 750 og 700 fvt etterfønikisk mønster og kløyvde seg snart i ulike utgåver. Det fønikiske alfabetet hadde ikkje bokstavar forsjølvlyd (vokalar), utan 22 bokstavar formedlyd (konsonantar). Dei fønikiske bokstavane som stod forlaryngalar oghalvsjølvlyd, lydverdiar som ikkje fanst i gresk, vart difor nytta til bokstavar forsjølvlyd; og vart med det ein høveleg reiskap for eit ikkje-semittiskt mål som gresk.

Føre 500-talet fvt hadde ein to hovudgreiner av alfabetet - det joniske i aust og det khaldeiske i vest. Etter kvart tok det joniske derimot heilt over, og i 403 evt vart dette offisielt oppteke i Athen. Det joniske alfabetet hadde 17 teikn for medlyd og 7 for sjølvlyd, slik det er i nygresk: ΑΒΓΔΕΖΗΘΙΚΛΜΝΞΟΠΡΣΤΥΦΧΨΩ.

Andre teikn:ϝ (digamma - wau), ϙ (koppa - 90), ├ (h), ϡ (sampi - 900), ϛ (stigma - 6)...

Frå det khaldeiske alfabetet fekketruskarane sitt alfabet, som det latinske er bygt på.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]

Wikipediagresk

Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Gresk&oldid=3300185»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp