Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Gravitasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Todimensjonal illustrasjon over gravitasjon.
Partikkelfysikk
Teoriar
Standardmodellen
Kvantemekanikk
Kvantefeltteori (QFT)
Kvanteelektrodynamikk (QED)
Kvantekromodynamikk (QCD)
Den spesielle relativitetsteorien
Vekselverknad
Sterk kjernekraft
Elektromagnetisme
Svak kjernekraft
Gravitasjon
Fargekraft
Eigenskapar
Energi
Rørslemengd
Elektrisk ladning
Spinn
Paritet
Isospinn
Svakt isospinn
Fargeladning

Gravitasjon er ei tiltrekningskraft som verkar mellom allepartiklar medmasse iuniverset. Ved jordoverflata blir gravitasjon gjerne omtalt somtyngdekraft. Ein skil mellom «tyngde» og «gravitasjon» ved at tyngda er denkrafta ein måler med eifjørvekt, medan gravitasjonen er tiltrekkingskrafta mellom lekamar gjeve av gravitasjonslova til Newton.

Isaac Newton formulerte lova om gravitasjon iPhilosophiae Naturalis Principia Mathematica (publisert5. juli1687). Ho seier at gravitasjonskrafta som verkar mellom to lekamar, er proporsjonal med produktet av massen deira, og omvendt proporsjonal med kvadratet av avstanden mellom dei.

Lova kan skrivast slik:G=γm1m2r2{\displaystyle G=\gamma {\frac {m_{1}m_{2}}{r^{2}}}}, der

  • G er storleiken på gravitasjonskrafta mellom to objekt.
  • m1 er massen til det første objektet (hovudobjektet).
  • m2 er massen til det andre objektet.
  • r er avstanden mellom objekta.
  • γ ergravitasjonskonstanten

Gravitasjon er den suverent svakaste av dei fire fundamentale naturkreftene, men dominerer likevel i store system somplanetar oggalaksar, fordi ho berre verkar tiltrekkande.Elektrostatiske krefter som kan verke både tiltrekkande og fråstøytande vil normalt utlikne seg sjølv i store system.

Gravitasjonen mellom jordkloden og ein lekam på overflata avjorda, gjev ein lekam ifritt fall ein akselerasjon ved havnivå på tilnærma 9,81 m/s². Normalgravitasjon er på jorda ved konvensjon lik 9,80665. Dette tilsvarar 1G. Tilsvarande akselerasjon påsola er om lag 28 G, påMars 0,38 G, påmånen 0,165 G.

Det er vanskeleg å forstå kva gravitasjonskraftaer. Newtons lov skildrar korleis ho verkar, men seier ingenting om korleis det skjer. I nyare tid er det kome fram to teoriar for å forklare gravitasjonen, og desse har vist seg vanskelege å sameine:

Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Gravitasjon&oldid=3126935»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp