Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Grafitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grafitt

Grafitt
Generelt
KategoriNative element mineral
Kjemisk formelC
Strunz-klassifisering01.CB.05a
KrystallsymmetriHeksagonal diheksagonal dipyramidal
H-M-symbol: (6/m 2/m 2/m)
Romgruppe: P 63/mmc
Einingscellea = 2,461Å, c = 6,708 Å; Z = 4
Identifikasjon
FargeJernsvart til stålgrå; mørkeblå i transmittert lys
KrystallformSøyleforma, sekskanta blada massar, korna til kompakte massar
KrystallsystemHeksagonal
TvillingFinst
KløyvBasal – perfekt på {0001}
BrotFlakete, elles kantete når ikkje på kløyv
FastleikFleksibel, ikkje-elastisk, kan skjerast
Mohs hardleiksskala1–2
GlansMetallisk, jordaktig
StrekfargeSvart
TransparensUgjennomsiktig, gjennomsiktig berre i ekstremt tynne flak
Tettleik2,09–2,23 g/cm3
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (–)
PleokroismeKraftig[1]
OppløyselegheitSmeltanikkel
Kjelder[2][3][4]

Grafitt er eit særs bøyeleg og blauttmineral med svart farge og strek. Mineralet er så bløytt at det fargar papir svart. Grafitt er den alminnelege modifikasjonen av krystallisertkarbon. Men karbon erpolymorft, og ved høgt trykk vildiamant vere den stabile fasen.

Grafitt vert nytta ismelteverk og metallindustri til eldfastediglar og støypeformer, sidan han toler ein temperatur på nesten 4000 °C. Dessutan blir grafitt brukt til belegg ibremsetromlar, somsmøremiddel og iblyantar,batteri,anodar og mykje anna.

Grafitt finst særleg naturleg imetamorfe bergartar (fylittar og gneisar)[5] og kan. I Noreg finst det til dømes ved Skaland påSenja, Jennestad iSortland ogHolandsfjord i Nordland.

Verda over vert det produsert naturleg grafitt på kring 600 000 tonn per år. Dei største produsentlanda er Kina, India, Mexico, Brasil og Madagaskar. Høgaste grafittkvalitet får ein fråSri Lanka.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. [1] Handbook of mineralogy
  2. Graphite. Mindat.org.
  3. Graphite. Webmineral.com.
  4. Anthony, John W.; Bideaux, Richard A.; Bladh, Kenneth W. and Nichols, Monte C., red. (1990). «Graphite».Handbook of Mineralogi(PDF). I (Elements, Sulfides, Sulfosalts). Chantilly, VA, US: Mineralogical Society of America.ISBN 0962209708.  CS1 maint: Multiple names: editors list (link)
  5. Torgeir Garmo 1989, Norsk steinbok norske mineral og bergartar, 2. utgåva, s 36,ISBN 82-00-18125-1

  • Raade, Gunnar.«Grafitt» (14. februar 2009). IStore norske leksikon. Henta 14. februar 2014.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Grafitt&oldid=3432644»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp