Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Graemsay

Koordinatar:58°54′N3°18′W / 58.9°N 3.3°W /58.9; -3.3
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Graemsay
Geografi
Graemsay is located in
StadAtlanterhavet
Koordinatar58°54′N3°18′W / 58.9°N 3.3°W /58.9; -3.3
ØygruppeOrknøyane

Areal4,09 km²

Høgaste punktWest Hill (62moh.)

Administrasjon
LandSkottland
RegionOrknøyane

Demografi
Folketal21 (2001)
Folketettleik5,1 /km²

Graemsay er ei øy i vestsenden avScapa Flow iOrknøyane iSkottland. Det står tofyr på øya.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]
Hoy fyr
Graemsay fråHoy

Graemsay ligg mellomHoy ogStromnessMainland. Mellom øya og Mainland liggClestrain Sound. Øya har eit areal på 4,09 kvadratkilometer og består hovudsakleg av jordbruksland.

Geologisk består øya av gammalraud sandstein frådevontida med to vulkanske forkastingar. På nordsida finn eingranitt-skifer, noko som er sjeldan å sjå på Orknøyane.

Graemsay er omgjeve av kraftigetidvasstraumar, lokalt kallaroosts. Det går ferje mellom øya og Stromness ogMoanessHoy.

Dyreliv

[endre |endre wikiteksten]

Av fuglar på øya finn eintjeld,sandlo,raudstilk ogstorspove. Delar av øya er i stor grad urørt natur.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Som mange andre øyar i Orknøyane er det samband tilkeltisk kristendom, kanskje frå før-norrøn tid. Det finst restar frå to tidlege kyrkjer, tileigna St. Bride og St. Columba[1], som begge er helgenar av irsk opphav.

Det står to fyr på øya, Hoy High (nordaust) og Hoy Low (nordvest), begge bygde i 1851 avAlan Stevenson[2] forsildeindustrien på 1800-talet.

Nordvest for Point of Oxan i Burra Sound, ligg det søkkte skip, som vart søkkte med vilje underden andre verdskrigen for å blokkere innløpet tilScapa Flow

Skulen på øya lukka i 1996 og barna på øya må i dag ta båt til Stromness.[1]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,1Haswell-Smith, Hamish (2004).The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate.ISBN 1841954543.
  2. «Graemsay website». Henta 14. mars 2010. 


Busette øyar
Andre øyar
Byar og landsbyar
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Graemsay&oldid=3381646»
Kategori:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp