Biletstein (700-800 e.Kr.) frå Gotland. Her finst mellom anna eit motiv som kan kjennast att som ei av hendingane som er skildra ieddadiktet om smeden Volund.Gammelgarns mellomalderkyrkje på Gotland med kastalen framfor.
Gotland er særs viktig i bådearkeologisk og religionshistorisk samanheng, særleg med omsyn til funn fråjarnalderen. Her finst til saman 42 000 kjende fornminne.
Isteinalderen var Gotland busett av seljegarar og fiskarar, som har hatt tilhald mellom anna i hola Stora Förvar på Stora Karlsö og på Ajvide-buplassen på Ekstakysten innanfor Karlsöarna. På øya er det òg gjort talrike arkeologiske funn funn fråbronsealderen ogjarnalderen. Til dømes finst store gravfelt i nærleiken av Trullhalsar og Gålrum, og ei mengd gravrøyser frå bronsealderen, som på Gotland vert kallarojr er å sjå ikring på heile øya; den største er Uggarderojr i Rone. Dessutan er skipsettingar (rekkjer av reiste stein som dannar konturane av ein båt) vanlege.
Øya er vidgjeten for dei mangebiletsteinene fråjarnalderen, reiste steinheller med innteikna figurar av ulik art, vanlegvis utan runeinnskrift. Etter alt å døme har bileta dels å gjere med generell germansk førkristen mytologi, dels med lokal førkristen mytologi og segn særleg knytt til folkegruppene på øya. Dei vert tidfesta til perioden frå 700 e.Kr. og fram til ut på 1000-talet.
Sjølv omMälardalen kan visa til funn av fleire runesteinar, er Gotland sinerunesteinar eldre. Mellom desse erKylverstenen iStånga, som truleg er frå 300-talet. Den første fullstendige runefuþarken er avbilda.
Gotlendingane har drive omfattande skipsfart og skaffe seg mykje rikdom, slik store arkeologiske funn avgull- ogsylvgjenstandar syner, mellom anna eit stort funn av 14000 sylvmyntar fråvikingtida som vart gjort i 1999, den såkalla Spillingsskatten, som vog 67 kilo.
Fråmellomalderen finst 95 kyrkjer av stein, utsmykka med skulpturar og relieff. Ofte har kyrkjene prestegardar og slike tårnliknande forsvarsbygningar som vert kallakastalar.