Gotisk skil seg frå anna germansk først og fremst fordi endingsvokalen ved a- og i-stammane fell ut (hos den siste berre ved føregåande lang vokal). Slik vart til dømes germansk*stainaz gotiskstains (stein) og germansk*gastiz det gotiske ordetgasts (gjest).
Etter slutten pådet austgotiske riket i Italia493-555 ogdet vestgotiske riket i Spania466-711 gjekk au det gotiske språket mesta heilt tapt. I Spania var det alt sidan det gotiske herskarsjiktet på 2-3 % av folket gjekk over fråarianismen tilkatolisismen mykje blanding mellom folkegruppene - det vil seie romanske, gotiske og svebiske menneske, og attåt dei, au romaniserte keltarar. Dette var under kong Rekkared I, som regjerte frå 586 til 601, og da gjekk bruken av gotisk tilbake, til fordel forgammalspansk omgangsspråk.
Berre på halvøyaKrim, blant den delen avaustgotarane som hadde vorte att der, dei seinarekrimgotarane, kunne det krimgotiske språket halde seg, frå innvandringa i det3. hunderåret etter vår tidsrekning heilt til omkring år 1800, da det vart trengt bort avtatarspråket. Samanhengar mellom gotisk og skandinavisk er omstridde, sjølv om den gotiske folkestammen som regel blir rekna å koma frå Sør-Sverige. Men det finst påfallande likskapar med gotisk i den svenske ordskatten, særleg den dialekten dei talar påGotland,gutamål.
Gotisk har dei same firekasus som tysk, nemlegnominativ,genitiv,dativ ogakkusativ. I visse former finst også eit femte kasus,vokativ, men som regel er vokativ og nominativ identiske. Gotisk hadde totempora (fortid og ikkje-fortid) og tre numerussingular,plural ogdual. Dual eksisterte rett nok berre i pronomen- og verbbøyinga.
Av dei urgermanske diftongane hadde gotisk berre desse:
/iu/ <iu>
Fonologisk skilde gotisk seg langt mindre frå urgermansk enn det dei andre gammalgermanske språka gjorde. Delvis heng dette også saman med at kjeldene til gotisk er over 300 år eldre enn andre kjelder.
Det handlar om følgjande lyd-lover:
germ.ĕ > got.ĭ (au i diftong /eu/ > /iu/)
germ. /ĭ/ und /ĕ/ bryt framomr,h ogƕ; til /ĕ/, eller /ŏ/.
Dei fleste gotiskeverba blir bøygde etter det såkalla urindogermanske prinsippet, «tematisk» bøying, der einvokal som er rekonstruert av dei urindogermanskefonema*e eller*o blir lagd til mellom rota ogsuffikset. Den andre, den «atematiske» bøyinga der vokalen blir lagd direkte tilrota, finn ein i gotisk, som ilatin ellergresk, berre ein sjeldan gong – det einaste dømet på atematisk bøying er det engelske verbetto be og det latinskeesse, som båe betyr 'å vera'. På gresk,sanskrit og mange andre indogermanske språk au er dei skylde orda atematiske.
Gotiske verb er, til liks med substantiv og adjektiv, anten «linne» eller «sterke». Linne verb harpreteritumsforma-da eller-ta, i motsetnad til preteritumsformene-þ /-t. Som i modernegermanske språk tek sterke verbomlyd, medan dei linne ikkje gjer det.
Gotisk: Atta unsar, þu in himinam, weihnai namo þein. Qimai þiudinassus þeins. Wairþai wilja þeins, swe in himina jah ana airþai. Hlaif unsarana þana sinteinan gif uns himma daga. Jah aflet uns þatei skulans sijaima, swaswe jah weis afletam þaim skulam unsaraim. Jah ni briggais uns in fraistubnjai, ak lausei uns af þamma ubilin. Unte þeina ist þiudangardi jah mahts jah wulþus in aiwins.
(þ blir uttala som engelsk ustemt th)
Ei omsetjing til moderne høgtysk: Vater unser, du im Himmel, geweiht (sei) dein Name. Komme dein Reich. Werde dein Wille, so wie im Himmel auch auf der Erde. Unseren Laib (Brot), den täglichen, gib uns heute. Auch vergib uns, (für den Fall) dass wir Schuldner seien, so wie auch wir vergeben unseren Schuldnern. Und bringe uns nicht in Versuchung, aber (er-)löse uns von dem Übel. Denn dein ist das Königreich und die Macht und die Herrlichkeit in Ewig(-keit).
Ei omsetjing til nynorsk av E. Outzen:
Far vår, du i himmelen, heilagt vere namnet ditt. Kome riket ditt. Verte viljen din, så i himmelen og au på jorda. Brødleiven vår, den daglege, gjev oss i dag. Tilgjev oss au om vi er skyldnarar, slik vi au tilgjev skyldnarane våre. Og ikkje bring oss i freisting, men løys oss frå det vonde. For di er verda og makta og æra i æva.