Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Gorodets

Koordinatar:56°39′1″N43°28′13″E / 56.65028°N 43.47028°E /56.65028; 43.47028
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gorodets
Городец
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til Gorodets
Byvåpenet til Gorodets


Plassering
Gorodets is located in Russland
Gorodets is located in Nizjegorod oblast
Styresmakter
LandRussland
FøderasjonssubjektNizjegorod oblast
Grunnlagd
Bystatus
1100-talet
1921
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)

31 900
Koordinatar56°39′1″N43°28′13″E / 56.65028°N 43.47028°E /56.65028; 43.47028
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer606500
Retningsnummer (tlf)+7 83161

Gorodets (russisk Городе́ц) er ein by iNizjegorod oblast iRussland med om lag 30 000 innbyggjarar. Byen ligg på venstre breidda avVolga, rundt 50 km nordvest forNizjnij Novgorod.

Historie

[endre |endre wikiteksten]
Ved Revolusjonsbryggen i Gorodets

Gorodets vart grunnlagd i1152 av fyrstJurij Dolgorukij som ei storfestning ved Volga og den første russiske festninga i dagens Nizjegorod oblast. Han var utgangspunkt for mange avVladimir-Suzdal sine felttog motVolga Bulgaria. I 1216 vartJurij II kasta frå trona og send i eksil her. I 1239 vart byen brend ned til grunnen av armeen tilBatu Khan undermongolinvasjon av Russland. Folketradisjonar identifiserer Gorodets med VesleKitezj, ein legendarisk by som vart øydelagd avmongolane.

I 1263 døyddeAleksander Nevskij i Gorodets på veg tilbake tilNovgorod fråDen gylne horden. Son hans,Andrej av Gorodets, gjorde byen til sin hovudresidens.Prokhor, ein kjend ikonmåler frå mellomalderen, vart fødd her. På midten av 1300-talet vart byen overskugga av den nærliggande Nizjnij Novgorod, men var framleis den tredje største byen iFyrstedømet Nizjnij Novgorod heilt til 1408, dåEdigu jamna han med jorda.

Dei neste to hundreåra var byen kjend som Gorodets Pustoj (dvs. «Gorodets den tomme»). Nokre kjelder hevder at innbyggjarane i byen flytta nedover elva til dagensBalakhna). Innan 1800-talet var Gorodets gjenreist som ein velståande landsby busett avgammaltruande handelsmenn og kjend for sine dekorativehandverk, somtreskjering ogmåleri.

I 1875 vart Gorodets skildra som eit større senter for handel medkorn og husgeråd i tre.[1]

I 1922 fekk Gorodets igjen bystatus. Mellom 1948 og 1959 vart demninga til Gorkij vasskraftverk (noNizjnij Novgorod vasskraftverk) bygt nokre få kilometer oppfor Gorodets.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. A Guide to Nizhny Novgorod og Nizhny Novgorod FairArkivert 2012-02-05 vedWayback Machine. Alexander Serafimovich Gatsisky, 1875. (russisk)

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Gorodets
Administrativt senter:Nizjnij Novgorod
Våpenet til Nizjegorod oblast
Spire
Dennegeografiartikkelen som har medRussland å gjere, er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Gorodets&oldid=3415142»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp