Gorilla er eislekt som inneheld dei to størsteprimatartane. Båe artar lever iskoglende iAfrika, og er nesten utelukkandeplanteetarar (til skilnad fråmenneske ogsjimpanse). Nest etter sjimpansane er gorillaene dei dyra som har størsteparten avDNA-et sitt felles med menneske (97-98%).
Gorillaene har vore klassifisert i tre artar:fjellgorilla,vestleg låglandsgorilla,austleg låglandsgorilla. Den innbyrdes klassifiseringa er ikkje fullstendig sikker, men i dag er det ålmenn semje om at det finst to artar, og at kvar av desse er delt i to underartar.
Fjellgorillaen finst i to skilde populasjonar. Den eine, i Bwindi Impenetrable National Park iUganda harmorfologiske skilnader frå hin populasjon, og somme meiner desse er ein eigen art.
Gorillaer er dei størsteprimatane. Hannen vert hjå somme artar opptil 1,75 m høg, og kan vega meir enn 200 kg. Hoa er som regel noko mindre, ca. 1,40 m høg, og opp til 100 kg. Pelsen deira er svart, men hjå vestgorillaer er pelsen på hovudet meir raudleg. Hannen utviklar etter kvart ein sylvfarga flekk på ryggen. Hjå vestgorillaer strekkjer denne seg ofte ned bakbeina.
I motsetnad til menneske stikk underkjeven lenger ut enn overkjeven.Tennene er veleigna til å eta harde plantar, sombambus.
Gorillaer går på beina og armane, og stør seg på knokane.
Gorillaer et i hovudsak plantar, men nokreinsekt. Dei etrøter,veden,blada,blomane og av og tilfrukta. Ender og gong et dei si eiga avføring. Kvifor dei gjer det er ikkje visst, men ein mogleg grunn er å halda på viktige næringsstoff. Låglandsartane et meir frukt, høglandsartane et meir blad og ved.
Gorillaer erflokkdyr, og lever i flokkar på 5-30 dyr. Den vanlegaste flokkstrukturen er éin dominerande hann (sylvrygg) med fleire hoer. Ein del flokkar har meir enn éin hann. Hannar som ikkje finn seg ein flokk, lever anten åleine eller i flokkar av hannar. Leiarhannar som er truga ter seg aggressivt, med skrik og mykje rørsle. Til slutt rasar dei fram til åtak. Om ein flokk misser leiarhannen, bryt han som regel opp, men ein sjeldan gong tek ein av dei mindre dominante hannane over.
Hannar forlèt flokken sin når dei er om lag 11 år gamle, og det tek dei som oftast 2 til 5 år før dei greier å danna seg sin eigen flokk. Hoer forlèt gjerne flokken noko yngre, om dei ikkje vert att i flokken.
Leiarhannen tek seg som regel av foreldrelause ungar i flokken.
Gorillaer er veldig intelligente, og nyttar enkle reiskapar. Dei nyttar steinar til å opna skjel, og greiner til fiske. Gorillaer i fangenskap kan lærast enkelt teiknspråk.
Hoa er som regel paringsklår når ho er mellom 9 og 11 år. Kullet er på 1. Drekta varer i om lag 9 månader, og det går ca. 3-5 år mellom kvar unge. Hoa er paringsklår om lag 3 dagar i ein syklus, og syklusen varer ca. 28 dagar.
Alle fire underartar er utryddingstruga. Gorillaer er sopass like menneske at dei får same sjukdomar. Turistar som kjem for sjå gorillaene, bringar med seg sjukdomar som er uskadelege for menneske, men døyelege for gorillaer. Gorillaene lever i område iDen demokratiske republikken Kongo som er ramma avsvolt. Mesteparten av menneska i områda lever på svoltegrensa, og skogane gorillaene lever i, vert hogde ned og gjorde til jordbruksland.Vestleg låglandsgorilla,fjellgorilla ogCross River-gorilla er sterkt utryddingstruga. Ein reknar med at det finst om lag 100000 vestlege låglandsgorillaer, 3000 austlege låglandsgorillaer, ca. 700 fjellgorillaer og mindre enn 300 Cross River-gorillaer.