Mange små vasslevande dyr tek opp oksygen direkte gjennom kroppsoverflata, men meir komplekse former har særskildeorgan for å få ei stor nokoverflate til å ta opp surstoffet dei treng. Dette er vanlegvis tynne vevplater fylte medblod eller annavæske som sleppgassar gjennom tynne veggar.
Hjå somme insekt finn ein eit unikt sett respirasjonsorgan me kallartrakégjeller. Dette er små blodsystem som tek opp oksygen frå vatnet og fører det inn itrakésystemet til dyret.
Gjeller vert utvikla isjøstjerner ogkråkebollar som tynne røyrstrukturar i kroppsoverflata, med samband med dethydrostatiske skjelettet til dyret. Hjåkrepsdyr,blautdyr og somme insekt er dei greina eller plateliknande strukturar med blodårer i, og sit oftast på utsida.Augestikkarlarver har såkallarektale gjeller, det vil seie at dei har lukka trakéopningar i endetarmen. Vatn som blir pumpa inn og ut av rektum, fører oksygen til dei lukka trakeane.
Muslingar brukar gjellene sine både til gassveksling og til å filtrera næringspartiklar ut or vatnet.
Gjellene tilvirveldyra vert utvikla isvelget langsmed ei rekkje gjellespalter som opnar til utsida. Alle virveldyr har desse opningane på eit eller anna stadium av livet. Vatn som blir teke gjennom munnen, går ut gjennom opningane og badar gjellene undervegs.Saltvassfisk brukar gjellene til å skilja ut salt, medanferskvassfisk brukar dei til å halda på salta.
Hjå sommeamfibium sit gjellene på same stad på kroppen, men utanpå. Dei fleste artar har fysiologiske tilpassingar gjer at dyra kan utnytta vatnet mest mogleg, ofte ved at blodet og vatnet flyt i motsett retning av kvarandre slik at blodet tek opp mest mogleg oksygen.
Øyregangen i det indre øyra hjå pattedyr er mest sannsynleg omdanna gjellespalter.
Den store overflata til gjellene skapar problem for fisken i samband medosmoregulering eller vassbalanse. Saltvatn inneheldt mindre H2O enn kroppsvæskene til fisken, noko som fører til at saltvassfisk mistar store mengder vatn osmotisk gjennom gjellene. For å vega opp for tapet drikk dei store mengder sjøvatn og skil ut saltane.
Ferskvatn har på den andre sidan høgare vassinnhald enn kroppsvæskene til fisken, noko som gjer at dei tek opp vatn osmotisk gjennom gjellene. Overskotsvatnet vert skild ut gjennomurin.
Ifosterdanninga av mennesket er òg forstadium til gjeller til stades. Desse er kallagjellebogar, og er opphavet til fleire strukturar iandletet,halsen ogøyret. Gjellebogane til mennesket er likevel ikkje perforerte, men berre fem foldar, og dei har derfor ingen funksjon i oksygeneringa avfosteret. Det skjer gjennomnavlesnora.