Giulio Romano var elev avRafael, og assisterte denne med dekoreringa avStanze di Raffaello iVatikanet. Fram til 1524 arbeidde Giulio i Roma, der han også vart påverka avMichelangelo ogDonato Bramante.
Deretter vart han kalla til hoffet tilhertugenFederico II Gonzaga i Mantova og gjekk nesten heilt over til å arbeide medarkitektur. Mellom 1526 og 1534 stod Giulio for bygginga av hertugen sittpalass, kallaPalazzo del Tè. Bygninga, som vert rekna for Giulio sitt meisterverk, viser fleire tydelege kjenneteikn på motiva i den manieristiske arkitekturen. Mellom anna er her tetthengandetriglyfar og kolonnar som ein reiste heilt ubehandla, som om dei var komne rett frå steinbrotet. I ein av palasset sine paradesalar,Sala dei Giganti, laga Giulio illusjonistiskefreskar som får heile rommet til å verke som om det er i ferd med å styrte i hop.