Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Gitarforsterkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mesa-Boogie "Mark IV", ein gitarforsterkar med både forsterkar og høgtalar.

Eingitarforsterkar er einelektronisk forsterkar som forsterkar det svake elektriske signalet frå einpickup på einelektrisk gitar,bassgitar ellerakustisk gitar slik at det vert produsert lyd gjennom ein eller fleirehøgtalarar, ofte husa i eitkabinett. Ein gitarforsterkar kan vere eit frittståande tre- eller metallkabinett som berre inneheld kretsar forkraftforsterkaren (ogforforsterkaren), men ein må då ha ein eigen høgtalar. Mange gitarforsterkar er derimot ein «combo», ein kombinert forsterkar og høgtalar. Gitarforsterkarar kjem i mange storleikar med forskjellige effekt, frå små, lette «øvingsforsterkarar» med ein enkel 8" høgtalar, til tunge, kombinerte forsterkarar med fire 10" høgtalarar og ein kraftig forsterkar, høg nok til å kunne brukast i einnattklubb eller bar.

Gitarforsterkar kan òg endre sjølve tonen til instrumentet ved å framheve, eller tone ned, visse frekvensar ved hjelp avequalizerkontrollar, på liknande vis som bass- og diskant-knappane på einheimestereo, og legge tilelektroniske effektar somforvrenging (òg kalla «overdrive») ogklang. Inngangen til moderne gitarforsterkarar er ein 1/4" jack, som får eit signal frå einelektromagnetisk signalfangar (frå ein elektrisk gitar) eller einpiezoelektriskpickup (vanlegvis frå ein akustisk gitar) med eikoplingssnor, eller sidan 2000-åra ein trådlaus sendar. For elektriske gitaristar spelar valet av gitarforsterkar og innstillingane dei brukar på forsterkaren ein viktig del av tonen eller lyden frå gitaren deira. Somme gitaristar har ofte brukt ein spesifikk modell eller merke over lang tid. Mange gitaristar nyttar i tilleggeffektpedalar for å endre lyden før han når gitarforsterkaren, som til dømes einwah wah-pedal ogchorus-pedal.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Gitarforsterkar
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Gitarforsterkar&oldid=3380540»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp