Gitar er eit opphavlegspanskstrengeinstrument avtre. Gitaren (akustisk) er samansett av ei lydkasse med hol, ein stol der strengane er festa og ein hals med band. Klangbotnen er vanlegvis avnåletre somgran ellerseder, mens hals, sarg og botn er laga av ulike typar hardtre somlønn,rosetre,mahogni og andre.
Klassiske gitarar (ògspansk gitar) har nylonstrengar, men det er i dag òg vanleg med stålstrengsgitarar, og mange av desse igjen er utstyrt medmikrofon slik at dei kan spelast på gjennom einforsterkar. Klassiske gitaristar nyttar ofte eigitarstøtte ellerfotskammel.
Reindyrkaelektriske gitarar (ògkalla el-gitar) er også vanlege og vert ofte kalla plankegitar fordi dei ikkje har klangbotn og lydkasse. El-gitarane er konstruerte som ein «planke» med magnetiskemikrofonar. Den mest populære plankegitaren erFender Stratocaster, ein gitartype som har eksistert praktisk talt uforandra sidan1954.
Gitaren har normalt seks strengar. Tre vert kalla basstrengar, og tre for diskantstrengar. På «hovudet» på gitaren er det stemmeskruer for å halde instrumentet stemt, og den normale stemminga går ikvarter frå E til A, frå A til D osb, mens intervallet frå G-strengen berre er einters opp til H, og deretter kjem nok ein kvart til E. Standardstemming for dei 6 strengane vert difor tonane (frå lågast til høgast) E-A-D-G-H-E, «Ein Annan Dag Gjekk Han Einsam». Gitarar kjem også med tolv strengar (tolvstrengsgitar) som har seks strengepar der dei djupaste strengane er stemde ioktavar.
Mange stemmer om gitaren tilopen stemming, der strengane vert stemd i einakkord, som oftast eindur-akkord. Dette er vanleg innanblues ved bruk avslide ellerbottleneck, eit metall- eller glasrøyr som kviler på strengane og lagar tonar utan å røre ved gitarhalsen. Den vanlegaste opne stemminga er D-A-D-G-A-D.