Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Gissel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eitgissel er nokon som gjennom sin eigen person må garantere for at andre oppfyller ein lovnad eller eit krav, som ei form forpant eller pressmiddel. Det å ta gislar er blant anna nytta avterroristar, politiskeekstremistgrupper eller av kriminelle for å presse igjennom krav, som til dømes fritt leide eller pengeutbetaling.[1]

Gisseltaking blei mykje brukt i oldtida og mellomalderen, særleg for å sikra oppfylling av avtalar om fred. Statleg gisseltaking eksisterer også i dag itotalitære stater, som eit politisktvangsmiddel.[1]

Genèvekonvensjonen av 1949 fastset at gisseltaking er forbode i krig ved artikkel 34, og i borgarkrig ved artikkel 3. I 1979 vart det vedteke einkonvensjon i SN som var retta mot gisseltaking.[1]

Etymologi

[endre |endre wikiteksten]

«Gissel» kjem avnorrøntgísl som er avleidd avgermansk*gísla- som truleg er avkeltisk opphav, jamførgammalirskgell ('pant, tryggleik'),irskgiall ('gissel') ogwalisiskgwystl ('pant, gissel'). Den keltiske forma kan muligens vere avleidd avindoeuropeisk*gheidh-, 'begjær'.[2]

Referansar

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,11,2«Gissel».Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 18. mai 2016. 
  2. de Caprona, Yann:Norsk etymologisk ordbok.Kagge forlag AS, 5. opplag (2014). s. 986
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Gissel&oldid=3021897»
Kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp