Girkasse er ei mekanisk innretning for å endra utvekslingsforholdet mellom toakslingar,reimskiver, eller liknande.
Dei fleste motorkøyretøy har ei eller anna form for girkasse. Dei fleste girkassar er mekaniske og utvekslingsforholdet vert endra ved at tannhjul med ulik diameter vert førte i inngrep med kvarandre. Dette kan skje manuelt med ei girspak, eller verta utført av ein aktuator som vert styrt manuelt eller automatiskt.
Mekaniske girkassar er den mest utbreidde typen. Dei er enkle, driftssikre og har små tap. Dei fyrste køyretøya hadde berre nokre få utvekslingsforhald. Seinare vart talet på gir utvida for at motoren skulle få høve til å arbeida med eit så gunstig turtal som mogleg. Nyttekøyretøy, somlastebilar ogtraktorar, som har mange gir, har to eller tre girkassar etter kvarandre. Desse var ofte organiserte som ein hovudgirkasse, eit to- eller tre-trinns høg/låg-gir og eit totrinns snøgggir, men i dag er det meir vanleg at føraren ikkje treng å tenkja så mykje på korleis girkassen er bygd opp.
Automatiske girkasser, som lenge har vore tilgjengelege påpersonbilar, har i det siste òg vorte tilgjeneglege pålastebilar. Opphavleg var det det nyttahydrodonamisk momentomformarar i automatkassar, men på grunn av stort tap har dei fleste produsentane gått over til servoopererte gir i konstant inngrep, med automtisk fråkopling og tilpassing av turtal ved girskifte. Det er denne typen som vert nytta på lastebilar.
Hydrodynamisk momentforsterkarar har trinnlaust varierande utvekslingsforhold over eit visst turtalsområde, med dei har større tap enn mekaniske girkassar. Det er difor vanleg at dei kan blokkerast.
Nokre køyretøy harhydrostatisk transmisjon, som òg gjev trinnlaust utvekslingsforhold. Desse har meir tap enn mekaniske girkassar og vert helst nytta der det det viktig at utvekslingsforholdet kan regulerast trinnlaust. Moderne skurtreskarar,skogsmaskinar oganleggsmaskinar har ofte hydrostatisk transmisjon.