Gin er eit klartbrennevin som i hovudsak er laga avpotet ellerkorn, med ein særmerkt smak fråeinebær. Andreurter vert òg brukte som smakstilsetting, til dømesanis, røter fråangelica ogiris,koriander,kanel ogcassia.
Ein drikk sjeldan gin åleine, men drikken blir brukt i fleiredrinkar, somgin ogtonic ogmartini.
Ginen si historie byrjar i1572 iNederland, dersjeneveren den dag i dag er arvtakaren etter den første ginen. Engelske soldatar førte gin til England, og i løpet av 1700-talet vart gin svært utbreidd i England.
All gin var fram til 1870-talet ganske søt. Slik søt gin vert kallaOld Tom Gin. Etter dette vart det meir og meir populært med den nye og turrare typenLondon Dry Gin. Det er gin av denne typen ein bruker iDry Martini. Det finst òg ein tredje type gin, Plymouth Dry Gin.