Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Ghanariket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ghanariket på sitt største.

Ghanariket var eit mellomalderrike som dominerteVest-Afrika frå om lag 600- til 1200-talet. Det dekte det som i dag er søraustreMauritania og vestreMali. Riket er rekna som det første av dei store handelsrika i regionen. Lokalt heitte detWagadoughana var tittelen til herskaren.

Ghanariket blei grunnlagd avsoninkefolk, som dreivtranssaharisk handel medsaltproduserande arabarar og berberar i Nord-Afrika oggull- ogelfenbeinseljarar i sør. Dei auka simakt ved hjelp av effektivtoll- ogskattlegging av handel og handelsruter. Ved å reguleramarknaden slik at det ikkje vart overproduksjon av varer, førebygde dei ogsåinflasjon.

Tradisjonen legg byrjinga av riket til 300-talet, men lite er kjend om den tidlege historia til Ghana. Dei første skriftlege kjeldene tek til på 700-talet, og ved slutten av dette hundreåret var riket blitt rikt og mektig. Ghana styrte over mange mindre område som betalte tributt, og tok opp i seg fleire mindre statar ved hjelp av velutvikla krigsteknologi og organisasjon.

På 1000-talet byrja nedgangen til riket.Almoravidane, ein berberkonføderasjon, erklærte heilag krig for å omvenda innbyggjarane i riket til islam. HandelsbyenAudaghost fall i 1054 og hovudstadenKumbi i 1076. Omveltingane førte til at handelen gjekk ned og underlagde land tok til å bryta ut. I1203 erobrasosoar hovudstaden og i1240 blei han øydelagd avSundiata, grunnleggjaren av det nyeMaliriket.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Spire
Dennehistorieartikkelen som har medMauritania ogMali å gjere, er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Ghanariket&oldid=3521689»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp