Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Ghana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
[endre]
Republic of Ghana

(norsk: Ghana, ghanesisk)

Det ghanesiske flaggetDet ghanesiske riksvåpenet
FlaggRiksvåpen
Nasjonalsong«Hail the name of Ghana»
MottoFreedom and Justice (Fridom og rettferd)
Geografisk plassering av Ghana
Offisielle språkEngelsk
HovudstadAccra
Styresett
Republikk
Nana Akufo-Addo
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
238 533 km² (81.)
3,5 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
27 499 924 (48.)
115,3 /km² (73.)
Sjølvstende
  - Dato
FråStorbritannia
6. mars1957
Nasjonaldag6. mars
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
113 300mill.USD (79.)
4 900USD (145.)
ValutaCedi
TidssoneUTC
Telefonkode+233
Toppnivådomene.gh


Ghana er ein stat iVest-Afrika med grense tilElfenbeinskysten i vest,Burkina Faso i nord,Togo i aust, og med kyst tilGuineabukta i sør.[1] Landet er kalla opp etter det mektigeGhanariket. Dette tidlegare riket låg nord og vest for dagens Ghana, men mange etterkomarar av medlemmene i riket bur nå i republikken Ghana.

Ghana er eit fleiretnisk land med ulike lingvistiske og religiøse grupper.[2]Akanfolk er den største folkegruppa, og utgjer majoriteten av folkesetnaden. Dei fleste ghanesarar erkristne (71,3 %); nær ein femdel ermuslimar, ein tidel utøver tradisjonelle religionar eller følgjer ingen religion.[3]

Namn

[endre |endre wikiteksten]

Som engelskkoloni hadde området namnet «Gullkysten», eit namn europearane hadde brukt sidan 1400-talet, fordi gull den gong var den viktigastehandelsvara i området. Etter å ha oppnådd sjølvstende vart det nye namnet Ghana, som er henta fråGhanariket som før kolonitida låg fleire hundre kilometer nordvest for dagens Ghana, nær dagensMali. Årsaka til namnevalet var at innbyggjarane i dette riket utvandra søraustover, og etterkommarane deira difor var busette i landet.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]
Kart over Ghana

Landet ligg nokre få grader nord forekvator, og hartropisk klima. MotGuineabukta i sør har detsandstrender som blir kryssa av elver og bekkar. Nord for kysten ligg sletter og krattland som så går over iregnskog med mange skogdekte åsar. Vidare nordover er landetsavanne med låge buskar og grassletter.

Ghana er delt inn i ti regionar: Greater Accra Region, Central, Western, Eastern, Ashanti, Volta, Brong-Ahafo, Northern, Upper West og Upper East. Dei fleste av innbyggjarane i Ghana bur langs kysten og i dei to viktigaste byaneAccra ogKumasi. Tamale er den tredje største byen, og ligg i Northern Region.Voltasjøen, den største menneskeskapte innsjøen i verda, ligg i store delar av austre Ghana. Sjøen er blitt danna avAkosombodemninga.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Dei fyrste kongerika til å oppstå i området til dagens Ghana varDagbonriket i nord ogBonoman i sør. Sistnemnde ekisterte i området på 1000-talet.[4][5]Ashantiriket og andreakanrike i sør oppstod gjennom dei neste hundreåra.[6]

Området blei fyrst kolonisert avStorbritannia somGold Coast,Gullkysten, og BritiskTogoland. Då desse territoria blei slått saman og fekk sjølvstende i 1957 tok dei namnet Ghana. Det var det fyrste vestafrikanske landet som fekk sjølvstende frå ei europeisk kolonimakt, og det fyrste landet i Afrika etterSudan.

Etter ei rekkjestatskupp bleigrunnlova til landet oppheva ogpolitiske parti forbodne i 1981. Ein ny grunnlov og fleirpartipolitikk blei innført i 1992.

Handelspostar

[endre |endre wikiteksten]

I området der Ghana ligg i dag var det ei rekkje europeiske handelsposter og fort under kolonitida som var involvert islavehandelen, blant annadanske. Kystområdet gjekk frå slutten av 1400-tallet under namnet Gullkysten iEuropa. Området som i dag er Ghana var frå slutten av 1800-talet den engelske kronkolonien Gullkysten (Gold Coast).

Britisk kronkoloni

[endre |endre wikiteksten]

Ghana blei danna ved at Gullkysten blei sameint medBritisk Togoland ogFante-protektoratet. Frå 1925 fekk lokale folk høve til å ta del i administrasjonen av kolonien. Etterandre verdskrigen blei frigjeringsrørsla kraftigare under leiing avKwame Nkrumah. Partiet hans vann fleire val i byrjinga av 1950-talet, og han bleistatsminister i kolonien under den britiskeguvernøren i 1952. Same året søkte parlamentet i landet om lausriving fråStorbritannia, og dette blei innvilga. Ghana fekk sjølvstende6. mars1957 og blei den fyrste kolonien iAfrika som oppnådde sjølvstende og det fyrste afrikanske landet som blei medlem av detSamveldet av nasjonar. Eifolkeavstemming i 1956 under oppsyn avSN stadfesta at Britisk Togoland høyrde til Ghana.

Sjølvstende og diktatur

[endre |endre wikiteksten]

Nkrumah styrte landet medsosialistiske prinsipp og med eit eittpartistyre der berre partiet hans,Convention People's Party, var tillate. Dette og ein mislykka økonomisk politikk leidde til økonomisk krise, høg statsgjeld og uro. I 1966 kom det fyrste av ei rekkjestatskupp ogmilitærdiktatur.

Eit nytt kupp i 1972 førteIgnatius Kutu Acheampong til makta.[7] Acheampong-regimet var eit av mangekleptokratiske styre i Afrika som heldt fram med å ruinera landet gjennom 1970-talet. Acheampong blei erstatta av general Akuffo i juli 1978. Året etter tokArmed Forces Revolutionary Council makta under leiing avJerry John Rawlings. Dei tidlegare diktaturleiarane, blant dei Acheampong og presidentenFred Akuffo, bleiavretta.

I september 1979 blei det halde val som blei vunne avHilla Limann, medan Rawlings tredde tilbake. Limann førte ein moderat økonomisk politikk og var tilhengjar avpanafrikanismen. I 1981 tok Rawlings makta tilbake i eit nytt kupp for å stoppa den nyblomstrandekorrupsjonen. Han heldt på makta dei neste 20 åra.

Vegen til demokrati

[endre |endre wikiteksten]

Rawling sin politikk var forholdsvisliberal, særleg økonomisk. Dette gav landet ei betre utvikling enn nabostatane. Likevel fann det stad brot påmenneskerettane, andre parti var forbodne før 1992. Desse tilhøva betra seg etter at den nye demokratiskegrunnlova av 1992 blei vedteken. Rawlings vann to presidentval for partietNational Democratic Congress (NDC) i 1992 og 1996. Valobservatørar rekna vala som innanfor det ein kan akseptera somfrie val, særleg valet i 1996. Etter to presidentperiodar kunne han ikkje stilla som kandidat på nytt og deltok derfor ikkje i valet i 2000. Valet blei vunne avJohn Kufuor (New Patriotic Party, NPP) og førte til den fyrste fredelege maktoverleveringa i ghanesisk historie i januar 2001. Kufor blei attvald i 2004. Ved valet i desember 2008 vannJohn Atta Mills (NDC).

Samfunn

[endre |endre wikiteksten]

Folkesetnad

[endre |endre wikiteksten]
Kart over Ghana med folketettleik markert.

Ghana er sett saman av fleire små folkegrupper som til saman snakkar over femti ulike språk. Dei viktigaste språkgruppene erakan, der mellom annafantiane frå kystområda ogashantiane frå litt lenger nord høyrer til,guan, som kjem frå sletteområda rundtVoltaelva,kwaspråkaewe ogga frå sør og søraust i landa, og moshi-dagomba-språka i nord. Som tidlegare britisk koloni erengelsk språket for styring og handel, og det finst fleire ghanesiske forfattarar som skriv på engelsk. Ghanesarane kan som oftast ikkje berre språket som høyrer til der dei bur, men gjerne eit, to eller fleire av dei andre språka i landet. Det mest utbreidde språket er twi. Twi blir brukt i heile landet av omkring 90 % av befolkninga, anten som fyrste eller andre språk. På skulen lærer ungane twi i tillegg til morsmålet. Sjølv om så mange snakkar twi så er det ikkje berre dette som blir brukt når ghanesarar som kan engelsk treffest. Då er det engelsk, som er det offisielle språket i Ghana, som blir mykje brukt. Ghanesarane fører òg samtalar der dei byter frå det eine språket til det andre.

Politikk og administrasjon

[endre |endre wikiteksten]

Statsoverhovudet er ein valdpresident som harutøvande styresmakt.

Det ghanesiske parlament har eitt kammer, og er dominert av to parti:New Patriotic Party ogNational Democratic Congress. Mindre parti er også representerte, men er avhengige av å knyta seg til dei store.

Ghana er medlem avFN,Den afrikanske unionen,Samveldet av nasjonar og ei rekkje andre internasjonale organisasjonar.

Næringsliv

[endre |endre wikiteksten]

Ghana er rikt på naturressursar, og har ein langt sterkareøkonomi enn naboland iVest-Afrika. Likevel er landet avhengig av økonomisk og tekniskbistand.Hovudeksportvarene i landet ergull ogkakao.[8]Tømmer er også eit viktig eksportprodukt.

Landet har ikkjeteknologi til å reinsa gullet som blir eksportert fullstendig, noko som fører til at det fører inn mindre utanlandskvaluta enn det kunne. Det er derfor eit viktig mål for politikarane å få bringa slik teknologi til landet.

Privatøkonomien er i stor grad basert påjordbruk. Kring 40 % avbruttonasjonalprodukt kjem frå jordbruket, og 60 % av arbeidsstyrken finst iprimærnæringar.

Kristendommen er den største religionen i landet, med rundt 63 % av folket, og dominerer særleg i sør.Islam er hovudreligionen i nord, og rundt 16 % av ghanesarane høyrer til denne religionen. Dei siste om lag 21 % av folka har ulike stammereligionar. Medlemmer av dei ulike religionane lever saman utan konfliktar.

Islam har røter i Vest-Afrika frå 800-talet, dåGhanariket og deretterMali- ogSonghairika blei påverka av dei muslimske samfunna iNord-Afrika. Religionen kom til dei nordlege områda av dagens Ghana på 1400-talet.

På om lag same tida kom kristne portugisiske misjonærar til kystområda. Protestantisk misjonsverksemd på 1800-talet førte til at mange ghanesarar i dag ermetodistar,presyterianarar elleranglikanarar.

Kultur

[endre |endre wikiteksten]
Kvinne med kenteklede ved Afrochella Festival 2021.

Eit av dei mest markante ghanesiske kulturkjenneteikna er karakteristiskekenteklede. Kenteklede er kjende og verdsette forfargane ogsymbolikken sin. Kledet er eit av symbola for det ghanesiskehøvdingstyret, og blir i hovudsak brukt i område som er dominerte avashantifolk.

Dansar i Ghana i 2015.

Tradisjonell musikk

[endre |endre wikiteksten]

I motsetnad til vestleg kunstmusikk er ikkje tradisjonell ghanesisk musikk nedskriven, men blir overført gjennom ein sterkmunnleg tradisjon. Musikken er rekna som ein del av livet, og kan dermed ikkje skiljast frå det. Det blir også lagt stor vekt på deltaking, slik at tilskodarane ikkje er skilde frå artistane – alle deltek i framføringa av musikken.Melodiane er ofte korte og musikken er repetitiv.Rytme er svært sentralt i tradisjonell ghanesisk musikk, ogdansen er tett knytt til musikken. Kvar folkegruppe har sin eigen musikk, og det er tette samband mellom språk og musikk. Ein veks opp med musikk, og musikken kan vera med på å definera ei stadstilknyting.

Populærmusikk

[endre |endre wikiteksten]

Highlife er den viktigaste moderne musikkforma i Ghana. Røtene til highlife går tilbake tilbrassband og selskapsband som spelte på 1920-talet, der instrumenta hovudsakleg bestod av afrikansketrommer,munnspel,gitarar ogtrekkspel. I nyare tid er highlife spesielt assosiert med gitarbaserte band, som speler konsertar, ofte med eit stortsceneshow. Det er spesielt på landsbygda og blant fattige urbane at highlife har gjennomslagskraft. Highlifemusikken har gjennom tidene henta inspirasjonen sin fråjazz,blues, tradisjonell afrikansk musikk ogswing. Musikken blir ofte sungen på det lokale språket og baserer seg ofte på lokale melodiar, som musikarane plukkar opp frå gata.

Sjølv om highlife framleis er dominerande som populærmusikk i Ghana, blir det spelt eit vidt spekter avpopulærmusikk blant ghanesarar. I dagensAccra høyrer ein mest på gospel-highlife, lokalreggae og afrikansk-amerikanskpop, medan gitarbasert highlife har vunne tilbake populariteten sin og framleis er ekstremt populært i rurale delar av Ghana.

Hiplife er ein nyare ghanesisk musikksjanger som er ei blanding av highlife og vestleghiphop.Synginga ellerrappinga er både påengelsk og ghanesiske språk. I staden for instrument baserer innspelinga seg påsampling. Blantungdommar i urbane strøk har hiplife blitt svært populært. Musikkstilen kom for fullt rundt 1994, og det har etter kvart utvikla seg ulike typar, mellom annaraglife, som er reggaeinspirert. Fleire hevdar at rytmane er grunnen til at hiplife er blitt så populært i Ghana. Hiplife er lett å dansa til, noko som gjer sjangeren godt likt blant unge ghanesarar. Gjennom musikken blir ofte vestleg kultur og levesett framstilt og idyllisert.

Fotball på stranda i Ghana i 2021.

Sidan frigjeringar harfotball blitt ein av de mest populære idrettane i Ghana. Fleire kjende fotballspelarar, somMichael EssienChelsea FC,Derek BoatengAIK,Freddy AduSL Benfica,Anthony AnnanSchalke 04 ogAsamoah Gyan på Sunderland kjem frå Ghana. Andre kjende idrettsutøvarar erbrytarenPrince Nana.Nokre andre populære idrettsgreiner erfriidrett,basketball ogboksing. Nasjonalspelet i landet erbrettspeletoware (også kalla awari, adji og awélé).

Verdsarvstader i Ghana

Kjende ghanesarar

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Jackson, John G.; Clarke, John Henrik (1994).Introduction to African civilizations. Internet Archive. New York : Carol Pub. Group.ISBN 978-0-8065-0420-9. 
  2. «2020 Population Projection by Sex, 2010–2020». Ghana Statistical Service. Arkivert fråoriginalen 24. april 2018. Henta 2. mai 2018. 
  3. «2021 PHC General Report Vol 3C, Background Characteristics»(PDF).Ghana Statistical Service. Arkivert fråoriginalen(PDF) 27. desember 2021. 
  4. Meyerowitz, Eva L. R. (1975).The Early History of the Akan States of Ghana. Red Candle Press.ISBN 9780608390352. 
  5. Danver, Steven L (10 March 2015).Native Peoples of the World: An Encyclopedia of Groups, Cultures and Contemporary Issues. Routledge. s. 25.ISBN 978-1-317-46400-6. Arkivert fråoriginalen 4. april 2023. Henta 19. mars 2023. 
  6. «Asante Kingdom». Afrika-Studiecentrum, Leiden. 15. juni 2002. Arkivert fråoriginalen 12. juli 2014. Henta 8. juni 2014. 
  7. ghana.co.uk
  8. «CIA World Factbook». CIA. Arkivert fråoriginalen 30. august 2020. Henta 13. mai 2008. 

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Ghana
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Ghana&oldid=3538690»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp