Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Georges Sorel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georges Sorel

Fødd2. november1847
Cherbourg,Cherbourg-Octeville
Død29. august1922
Boulogne-Billancourt
NasjonalitetFrankrike
Områdefilosofi
Yrkefilosof,ingeniør,sosiolog,skribent,fagforeiningsleiar
Alma materÉcole polytechnique
Collège-lycée Jacques-Decour

Georges Sorel, (2. november184729. august1922), var einfranskfilosof ogteoretikar omkringrevolusjonærsyndikalisme.

Filosofi

[endre |endre wikiteksten]

Sorel sinfilosofi omhandlar teorien ommyten som motiverande kraft. Dette gjeld bådereligiøse mytar om himmel og helvete, og arbeidarane sine mytar om revolusjon oggeneralstreik. Sorel kalla desse «myten om siger» og fellestrekket for desse mytane var at dei fungerte som samlande for gruppa, og motiverte til handling.

Sorel meinte også atvald var ei samlande kraft, og da spesielt den valden som kjem i etterkant av store streikar, altså revolusjonær vald mellom politi og arbeidarar. Utfallet av valden er ikkje viktig i Sorel sine augo, berre det at revolusjonær vald finn stad.

Sorel argumenterte mot deisosialistiske partia som gjekk i detparlamentariske systemet, da han meinte at parlamentarismen var borgarskapet sin arena, og at dei sosialistiske ogrevisjonistiske partia var borgarskapet sine reiskapar for å avvæpne og passivisere arbeidarane. Sorel mislikte også dei storefagforeiningane, han ville at arbeidarane i staden burde organisere seg i mindre fagforeiningar - eller syndikat - med lokal forankring i arbeidsplassen.

I motsetning tilmarxistane meinte ikkje Sorel at religion nødvendigvis var ein undertrykkjande og passiviserande faktor. Religion kunne brukast som motiverande myte på lik linje med myten om generalstreik og revolusjon.[1]

Georges Sorel sin filosofi har spela ei rolle for utviklinga avfascistisk teori og ideologi, særleg for venstrefløya av dei fascistiske partia.[2]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Reflections on violence - Georges Sorel.
  2. Avant-garde fascism - Mark Antliff.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Georges Sorel
Klassisk
Absolutisme
Liberalisme/
Libertarianisme
Arendt Aron Bentham Berlin Dworkin  D. Friedman M. Friedman Fukuyama Hayek Jefferson Kant Locke Machiavelli Madison Mill Milton Mises Montesquieu Nietzsche Nozick Rawls Rousseau Smith Spencer Thoreau Voltaire Weber
Konservatisme
Sosialisme
Cohen Engels  Gramsci Hegel Kautsky Luxemburg Mao Marcuse Marx Rousseau Sorel
Anna
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Georges_Sorel&oldid=3506673»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp