Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Georg Böhm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georg Böhm
Fødd2. september1661
FødestadHohenkirchen nærOhrdruf iThüringen
Død18. mai1733 (71 år)
DødsstadLüneburg
OpphavDet tysk-romerske riket
PeriodeBarokken
SjangerOrgelmusikk
InstrumentOrgel
Verka somKomponist ogorganist

Georg Böhm (fødd 2. september 1661 iHohenkirchen nærOhrdruf iThüringen, død 18. mai 1733 iLüneburg) var eintyskorganist ogkomponist. Han var ein av læremeistrane tilJohann Sebastian Bach.

Biografi

[endre |endre wikiteksten]

Han fekk den første opplæringa av far sin, men då faren døydde i 1675, heldt fram han pålatinskule iGoldbach før han i 1678 flytta tilgymnas iGotha. Sidan finn ein han vedUniversitetet i Jena og i 1697 bur han iHamburg. Då organistenChristian Flor i Lüneburg døydde i 1698, søkte Böhm stillinga som organist i Johanniskirche der og fekk han. Sjølv om han etter nokre år søkte på ei stilling i Marienkirche, der det var betre betaling, vart han verande i Johanniskirche heile livet etter at kyrkjelydssrådet der hadde auka betalinga for å ikkje miste sin omtykte organist.

Böhm og Bach

[endre |endre wikiteksten]

Frå 1700 til 1702 var Bach i Lüneburg og ein reknar med at han høyrte Böhm spele, sjølv om ein ikkje har funne belegg for at han var elev hos organisten i Johanniskirche.Carl Philipp Emanuel Bach omtalte Böhm som faren sin lærar og fleire komposisjonar viser likskap.

Musikken til Böhm

[endre |endre wikiteksten]

Av musikken til Böhm er ein god del gått tapt, mellom anna eitpasjonsverk basert påLukasevangeliet, men òg fleiregravdferdskantatar. Andrekantatar har overlevd. I tillegg har ein teke vare på ein del avorgelverka hans. Dei syner at han er prega av det som ein i dag kallar den nordtyske stilen i musikken sin. Han varierer friefantasiar med konservativefuger ogdansesatsar.

Ein har gjeve Böhm æra for å ha etablertkoralpartita som einsjanger i orgelmusikk. Før hadde ein hattkoralvariasjonar og verdslegepartitaer, men Böhm tok element frå begge og sette dei saman og verka vart opplevd nye og friske.

Litteratur

[endre |endre wikiteksten]
  • Waldschmidt, Carl L.,Georg Böhm: his Life and Works, diss.,Northwestern University (1963)
  • Verkade, Gary G. Georg Böhm:Vater unser in Himmelreich á claviers eit pedal: the Concept of Order, diss.,University of Iowa (1987). (alternativ tittel:The Concept of Order in the Keyboard Works of Georg Böhm)

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Georg_Böhm&oldid=3461185»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp