Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Genser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amerikansk fotball-spelar med genser i ein plakat frå 1902.

Genser er eit langermastrikkeplagg til overkroppen som ein tek på og av seg ved å trekka det over hovudet. Ein har gjerne genser på oppå andre klede, og kan bruka han både som inneplagg eller ytterplagg. Genser er som regel eit nokså laust, mjukt plagg og blir gjerne knytt til praktisk og uformell bruk, men har også vore brukt som moteplagg.

Historie

[endre |endre wikiteksten]
Menn frå Guernsey i guernseygenserar.

Namnet på plagget er avleidd frå engelskgansey ellerguernsey som viser til øyaGuernsey iDen engelske kanalen. Øya har hatt ein strikkeindustri sidan mellomalderen. Ho blei særleg kjend for dei tettstrikka overdelane laga forsjømenn. Desse genserane blei strikka med tjukt garn på fleire tynnestrikkepinnar og inneheldt naturleglanolin, noko som gjorde dei nær vind- og vasstette. På 1800-talet blei det sag at det fanst Guernsey-genserar «i hamnene i størsteparten av verda».[1] Dei blei særskild knytt tilfiskarar ogsjøfolk, og blei tekne i bruk somuniform iden britiske marinen på 1800-talet.[2]

Ein strikka genserar i ei rekkje ulike kystområde eller område med mykjeullproduksjon. Det blei utvikla stadeigne strikkeformer, somarran,fair isle-,setesdalsmønster og så bortetter. Plagga var ofte like på fram- og baksida, slik at ein kunne snu dei og bruka dei lengre.[3]

Genseren blei eitfritidsplagg frå rundt 1890-åra, først hovudsakleg brukt av menn til sport somgolf ogsykling. I løpet av 1900-talet fekk genseren ei vid utbreiing som bådemote- ogkvardagsplagg. Han blei også eit vanleg kvinneplagg.[4] Den fargerike fair isle-genseren blei særs populær i 1920-åra då den unge prinsen av Wales (seinare kongEdvard VIII) brukte han i golfturneringar og let seg fotografera og måla med han.[5]På 1940-talet blei det utvikla meir tettsitjande, kortare genserar, nokre gonger i kombinasjon med ei liknande strikkejakke somtwinset. Seinare fekk ein også plagg som var mykje lengre, somgenserkjolenn, eller lausare. På 2010-talet blei det rapportert om bruk av store genserar somytterplagg att, utanpå jakker.[5]

Raud genser som moteplagg ved ModeMuseum iAntwerpen.

Utforming

[endre |endre wikiteksten]
Genser medselburosemønster.
Islendar fråSalhus Tricotagefabrik. Islendaren er ein tjukk ullgenser med enkelt mønster, som blei produsert som arbeidstrøyer ved norske tekstilfabrikkar frå midten av 1800-talet.[6]

Ein genser er sett saman av ein bol som omsluttar kroppen og erme som typisk dekkjer størstedelen av armen. Han har ofte ribbekantar ytst i ermene og nedst ved livet, og kan ha ulike former forkrage oppe ved halsholet. Nokre genserar kan hahette ellerlommer, eller dei kan brukast med belte. Genserar kan vera einsfarga, mønstra eller eit bilete på den store flaten framme eller bak.

I den tradisjonelle strikkemåten på Guernsey strikker ein bolen rundt opp til halsholet, der ein avsluttar med ein trong ribbekant. Armhola blir klipte opp og sydde i kantane, før ein plukka opp maskar og strikka ermene derfrå. Ein bruker einsfarga fire- eller femtrådsgarn og ti-elleve strømpepinnar, og lager mønster ved hjelp av rett- og vrangstrikk.Marineblått er den vanlegaste fargen.[7]

Moderne, masseproduserte genserar blir laga påstrikkemaskin og kan vera i ei rekkje ulike garntypar.Collegenseren har til dømes svært tynt garn som gjev han eit tett stoff. På slike genserar kan ein trykka ulik dekor som skrift, tal eller bilete.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. «Guernsey partakes of the manufacture of wool into coarse fabrics, especially such as are adapted for sailor’s clothing, and these articles, many of them knitted, are to be found in the seaports of most parts of the world». (Lenfestey).
  2. A knitted history – the understated and practical traditional guernsey jumper, Visit Guernsey, 10/05/11 
  3. Domnick, Sabine (2007),Cables, Diamonds, Herringbone, Down East Enterprise, s. 9 
  4. Valerie Cumming, C. W. Cunnington, P. E. Cunnington (2010),The Dictionary of Fashion History, Berg, s. 200  CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
  5. 5,05,1'Fair Isle' patterned jumper, A History of the World;History, mativentrillon.co.uk;David Colman (1. desember 2010), «The Pedigree, Knitted In»,The New York Times 
  6. «Genser». digitaltmuseum.no. Henta 29. november 2022. 
  7. Lenfestey, Gillian,Behind the Wardrobe Door: The Guernsey, The National Trust of Guernsey 

«genser» iNynorskordboka.


Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Genser
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Genser&oldid=3447133»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp